Poesien i 2011

Anna Kleiva har debutert med dikt på Oktober; og Poesiportalen hadde tidleg ein positiv omtale av boka: Nokre versjonar av Anna . Også eg har lese denne boka, samt eit dyktig intervju i tidsskriftet Syn og segn, som Anna Kleiva hadde med poet Eldrid Lunden. Eg merka meg dertil at Anna Kleiva deltok på Oslo poesifestival nyleg (ein festival som eg berre las om).

Poesiportalen har eg fast lenke til. Og eg håper at nettstaden også denne desember månad leverer sin poetiske kalender, nye dikt frå året (som går imot sin slutt). Dikta i 2011 er dikta, dei treng luft ved vengene. Håper eg ikkje blir skuffa i desember. Eg har ei bøn her til redaktøren av Poesiportalen. Ta med deg ein av vennene dine til å skaffe stoff til nettstaden, om du sjølv fekk for mykje å gjere eller tenkje på. I Poesiportalens sjette år.

Ps 22/11 om to artiklar

Nyleg la eg ut to eigne artiklar om nye diktrøyster på norsk med sterke internasjonale tema:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *