Visedikt føre og etter si tid

Etter krigen var det husmangel i Noreg. Og da vi kom til Levanger på grunn av jobb, budde familien min på fem både i pensjonat først og deretter på bondegard. Bondegarden heitte Bamberg og låg i Skogn. Der var drengen svært ivrig med dei nye visene til Alf Prøysen, og han kom inn til far min med noko han hadde fått tak i og ville at far min skulle prøve ut på pianoet sitt. 

Ja, eg meiner ikkje fransk, slik det kanskje ser ut, men norsk –

Ja, det låg spenning i lufta i stua, og det merka eg som var kanskje fem år, veldig godt. Drengen bøygde seg ivrig framover mot det trykte dobbelte arket. Som alle veit kom Alf Prøysens populære Drengstuviser samla i bok året 1948.

Mor mi hadde god kontakt med budeia på garden, Inger-Anna; dei to skifta på eit par populære vekeblad. Mor mi sitt namn var Anny, og kona på garden heitte elles Anna. Alle tre jentenamna var altså i slekt. Mor mi og budeia heldt kontakten mellom seg etter at familien vår flytta til husvære på Bruborg, det vil seie i eit nybygd strok oppe i lia på andre sida av småbyen Levanger. 

Så når Inger-Anna og Anny skulle bytte blad, tok budeia turen med hest og vogn gjennom tre kommunar – det var Skogn, Levanger, Frol – for å bytte to populære vekeblad. Men da vi etter nokre år flytta vidare heilt til Elverum sørpå, på grunn av ny jobb, blei avstanden altfor stor for at den gamle kontakten mellom kvinnene kunne halde fram.

Det var EI GOD TID for Prøysens mange viser. Ei av dei sjeldant mange gode visene hans var «Visa hennes Staslin». Og denne høyrde eg gjerne og mange gonger pakka inn i Prøysen si eiga milde radiorøyst. Seinast for nokre dagar sidan høyrde eg denne visa på radio (igjen). 

Men da eg var berre liten gut i byrjinga av 1950-talet, tok eg nok visa som ei rimeleg bra historie og tolka ho rett bokstaveleg som skildring av korleis kua tedde seg under fesjå. Forteljaren i visa tenkte eg mindre på, bortsett frå at han vel hadde fortent å bli med (på fotoet) i avisa.

I dag ser eg annleis på denne visa, som lyder slik (og ser slik ut):

Det var en gong i mine onge dagar
da nåsån pekte opp og itte ned,
da levde det ei ku som hette Staslin,
og den som stelt’a Staslin, det var je.

Så sku det vara fesjå nordi bygden.
Da tenkte je: ”Hu Staslin ska bli med”,
men den som ittno skjønte var a Staslin,
og den som bar på dømmen det var je.

Da dagen kom så gikk vi etter vegen
For endeleg engong så sku det skje,
men den som sætte bakbein var a Staslin,
og den som drog i grima det var je.

Så kom vi fram og fekk øss anvist plasser.
Vi sto på rad og rekke i ei kve,
men den som låg og ørte var a Staslin,
og den som hadde hjertebank var je.

Og dyrleger og folk i kvite frakker 
dom kute hit og dit og opp og ned,
og den som fekk seg sløyfe var a Staslin,
og den som kjente fryden det var je.

Så kom det fram en kar med apparatet.
Hæin var ansatt i ei avis like ved,
men den som slo med rompa var a Staslin,
og den som sto og smilte det var je.

Og bildet kom i bladet dagen etter
da fekk je meg en trynnskreill så det svei,
for den som sto i bladet var a Staslin,
og den dom hadde klypt bort det var meg.

Prøysen kom frå ein husmannsplass og hadde jobba på gard meir enn nok i unge år. No går eg tilbake til garden som familien min budde på ein kort periode (i eine enden av våningshuset): Eg vil nemne at garden hadde alle dyr ein gard skulle ha, kyr, sauer, grisar, høner, hestar. Og garden brukte alle landbruksmaskiner som var i bruk på den tida, eventuelt med innleigd mannskap. Bondeparet Sverre og Anna hadde ikkje born. Og Anna, ei vennleg dame, døydde også tidleg frå Sverre og garden. 

Seinare vitja eg Sverre og Inger-Anna, budeia, saman med mitt mellomste barn, det var i året 1980. Da levde dei to gamle attlevne på kvar sin institusjon og 150 meter frå kvarandre, nokså gamle, tykte eg da. Sverre var «åtteti», sa han (trøndsk). Har du reist så langt for å treffe meg, sa Sverre (slik trønderar kan spørje).

Vel. Jorda rundt garden Bamberg blei stykka opp i tomter, og sjølve gardshusa blei rivne. Og på dei gamle tuftene blei det etter kvart bygd ei slags friluftskyrkje med den gode utsikta ned imot Trondheimsfjorden. Ingen ting står att å sjå – av gardstunet og huset – der eg ein gong budde, ikkje flisa.

Diktet til Prøysen om fesjået handlar om kunsten, kva slags kunst som slår og korleis det ber seg til. Både kua Staslin og forteljaren i visa kan vere bilete på kunstnaren, men kanskje mest er forteljaren bilete på det. Dette ser eg i dag når eg høyrer visa og ser diktet framføre meg. Diktet er, som så mange kjende og gode dikt av Prøysen, maskert tematisk.

Handtverket er bra. For all del. For å ta det aller viktigaste byggande grepet i diktet: Nesten som omkved og med insisteringa og oppattakinga innvevd lyder orda: «… det var je». Tiraderim kallar ein den ordbruken med eitt og same rim på rekkje og rad. I siste strofe kjem ei forsterking i rimet ved å skrense innom meir av «normalmål»: «… det var meg (= uttalt mei/ dvs eit rim på svei)». Dette siste og avstikkande og forsterkande rimet i visa trekkjer nesten med seg honnørorda nei, lei, kjei, brei, tei, sei(e).

Slik eg ser det, er systemet som Prøysen bruker, i slekt med – og grip føre – nordisk systempoesi på 1960-talet, der heilskapen og tanken bak er viktigare enn detaljen og sterkare enn det meir tilfeldige estetiske ornamentet som eit systemdikt kan ha. Kanskje er Visa hennes Staslin i slekt med rapparane sine tekster og tiraderim mange år seinare. Hos Prøysen er det absolutt dialekten i diktet som er viktig, viktig saman med ny moderne tid inn i landsbygdmiljøet. Og her er fotoet og media inkludert som viktig for den moderne tida.  


Ps 2.mai 2012:

For nokre år sidan skreiv eg eit dikt om mottakinga av Alf Prøysens dikt i det svært lærde selskap. Hallvard Lie var ein framståande forskar i verslære, og flink, med ei kjempesamling på mange tusen dikt analyserte i verslæra 1967, som har blitt brukt på høgskolar og universiteta heilt fram til i dag. Men han fann ikkje plass til eit einaste av Prøysens mange gode dikt. Så eg måtte lage eit dikt:

Hallvard Lie sin mangel

Tileigna forskaren Hallvard Lie



Det er lov å vere blid og glad
og få lese vår Hallvard Lie
Du kan møte det du gjerne ser 
med verseføter der du fer 

Hallvard Lie har ordna med alt, ja alt
har forstått kva verset galdt
Og det er like fundamentalt
at han mangla Prøysen, Alf.

Ein tanke om “Visedikt føre og etter si tid”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *