Hei Terje Thorsen!

Brev er ei mykje brukt litterær form, også i dikt. Du er ein kul type, og boka di – Samtaler med en sauebonde – er fin å bla i, er lekker å halde i handa og startar sterkt med diktet gutunge fra kirkegata. Eg skriv no eit brev til deg. Har lånt boka på biblioteket. (Eg tar ikkje imot bøker frå forlaga, dvs etablerte forlag, noko som Flamme Forlag, forlaget ditt, er.) Eg har lese gjennom boka og spør meg om du ikkje har gjort deg ferdig med å skrive beatpoesi no? Alt dette eg kjem med, går fram av boka di, meiner eg. Eg meiner du har vore gift såpass lenge og hatt same og siste jobben såpass lenge. Og: Du veit kva forvirring er. Og du er like satt og samvetsfull som det eg er. Bevaremegvel.
Har du lyst til å skrive meir om fortida, lange tirader, så skriv ein roman først, der kan du ta med både bønder og banditter og for så vidt enkelte dikt. Om det så skal vere sjølvbiografisk: Det finst ei sterk sjølvbiografisk åre i diktboka di, heilt frå startdiktet.
Eit anna ønskemål frå meg: Fleire kjærleiksdikt hadde vore noko som eg trur du kunne klare svært godt (og som alle dei «forvirra» treng); slike kjærleiksdikt som det korte og indirekte – og uprensiøse – på side 54:
klokka er halv ni på kvelden jeg har gitt katta mat jeg spiser chili og leser Northup jeg elsker kona mi og katta mi og et par andre harry ting
Eg trur du har fått positive meldingar på boka di i avisene. Etter at eg skreiv det korte brevet mitt, så googla eg meg inn på Dagbladet si greit fyldige melding gjort av Helge Torvund. For å kommentere diktet ditt (sitert over), så vil eg seie at harryfaktoren er der (i diktsamlinga), dette er gjort medvite frå di side og høyrer til det sterke i boka! Derimot treng ikkje det som er harry nødvendigvis vere «hardt», slett ikkje. Torvund har eit poeng med karakteristikken sin «hard», også hard-faktoren er der.
Bill Knott sa finnes det så mye som en eneste porestor bit jord noe sted som aldri er blitt driti på av noe dyr eller menneske Tuli på sin side mente gift deg rik skill deg bli sett på kino sov på kino stjel brød fra duene stjel duene kle deg ut som due og la deg mate