Victoria Durnak flyttar

Stockholm sier. Omslag har fått kritikarpris

Ei eg trur er debutant, iallfall er ho eit ungt menneske, Victoria Durnak, skriv i Stockholm sier ut frå følgjande to prinsipp:

  • Skrive sitt notidige liv.
  • Ikkje drøyme seg bort, men rett og slett dokumentere.

Temaet i boka er mykje flytting, endring av bustad, ein velkjent og dertil uoversiktleg fase, ikkje minst for dei mange unge på søk etter eit meir globalt haldepunkt, ein byrjande karriere og eit livsinnhald og etter sin eigentleg beste veg. Her i diktsamlinga går livsreisa hennar definitivt til utlandet, til Stockholm. Eit dikt eg kan bruke til å demonstrere, er side 88:

 jeg er lei av overmadrassen, stålveieren langs veggen
 å gå til en annen bygning for å vaske klær
 miste sokker på veien
 
 har hatt annonsemarkedet som startside
 siden jeg krysset grensa
 det blir ikke bedre enn gul linoleum
 men jeg gjør et siste forsøk
 vil skrive gi meg noe bra,nå
 ikke
 jag är en idrottsinteresserad och skötsam kille med god ekonomi
 vi kan båda ta hand om ett hushåll samt har ansvarskjensla
 vi dricker måttliga mengder alkohol, är rökfria, inga husdjur
 goda referenser ifrån tidligare boende skötsam!
 
 ei ringer, sier hun har et rom
 serverer te fra Mummikopper
 jeg flytter til sentrum

Ja, svensk kjem av og til inn i dikta, slik som klårt i Mor Godhjertas glade versjon. Ja. (med Lena her og med Monica Zetterlund der). Elles er teksten meire av ein bohem-tekst og minner heller om litt av det nådelaust rapporterande hos Hans Jæger i 1880-åra, slik som i Christiana-bohemen, men balansen hos Durnak er større, og humor og ironi nærare hos henne.

Går vi vidare inn i 1890-åra, gjorde vel den kjende Gustaf Frøding enda meire utav omgjevnaden sitt livsinnhald: Det var dans borti vägen… (og så bortetter), i gjennombrotet sitt. Men Victoria Durnak syner seg nyfiken i Stockholm sier, og ho bruker mange og interessante detaljar. Kva hadde livet vori utan premiss og detaljar og dokumentasjon?


Ps 27/3 2011:

Omslaget på boka Stockholm sier har fått ein kritikarpris i ettertid.

Ps 2012:

Ein som straks gjekk frå dikt til roman, er Victoria Durnak. Durnak manøvrerte sitt ekstreme talent for dokumentar inn i diktsjangren og skapte ein eksistensiell dokumentar. Utgangspunktet er ei sterk interesse for den konkrete røynda, utført med sine nye og originale romandetaljar. Tidleg brukte forfattaren reise og flytting som sin metode. Eg viser til debuten frå 2010, Stockholm sier.

Året etter, dvs i fjor, kom romanen hennar Deep shit, Arkansas. Eit stadig bilete i romanen er dei vidgjetne “svarte hol”. Ein morosam og levande roman å lese, særleg fordi det er mormor og partnaren hennar som blir lagt inn via reise til Arkansas i USA, og fordi det også er eit slags godt tilhøve mellom ungjenta og det eldre litt forstyrra paret. Og forfattaren skjuler heller ikkje all kranglinga det eldre paret seg imellom. Denne romanen er meir enn alminneleg sanningssøkjande. Eg blir imponert. Det gamle tyske ordspråket som blant andre den tyske diktaren Heinrich Heine gjorde kjendt, kan også brukast: “Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen”. Eit godt råd til slutt: Forlaget Flamme skulle skulle sende forfattar Durnak ut på reise med definert oppdrag. Kva med ei reise gjennom Noreg til hausten for å skrive ei reportasjebok om Noreg under byrjinga av den norske stortingsvalkampen med sine tema, ei reise utstyrt med Durnak sine nøyaktige metodar?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *