Conrad Nicolai Schwach 9/9

Og her er haustsong av Conrad Nicolai Schwach på sin plass

Til Diktets Venner kjem Arild Stubhaug med foredrag om den norske diktaren Conrad Nicolai Schwach, ein svært interessant figur. Skien og Telemark har noko å gle seg til. Noko av det kjende ved han er songen som fungerte som norsk nasjonalsong før nasjonalromantikken og før Bjørnsons Ja, vi elsker, nemleg songen Mens Nordhavet bruser. Schwach sin song byrjar som Bjørnsons med havet og kyststranda. Dannebrog er namnet på det danske flagget, og Danmark var Noreg i union med som juniorpartnar fram til året 1814. I 1814 var Schwach 11 år, men han blei snart ei leiande diktarleg kraft i Noreg. Teksten under er modernisert i ortografien.

 
Mens Nordhavet bruser mot fjellbygt strand,
og stolte erindringer vekker
om fedrenes ry, som til fjerne land
det bar på de nordiske snekker, -
o, nordmenn, sjunger til harpens slag
en sang for Norriges unge flagg!

Du blomster av palmen på fjellfast grunn!
skjønn est du at skue trefarvet,
det hvidene kors i den røde bunn
det har du av Dannebrog arvet;
men hjertebladet det mørkeblå,
fra frihetens marv måtte først utgå.

Fra himlen falt dannebrogsfanen ned,
blev tvillinglands-snekkernes smykke,
og stod gjennem sekler i krig og fred 
omsvevet av heder og lykke.
Og flagg for Norrig! Stand evig så!
mist aldrig ditt hjerteblads høye blå!
 

Foredragshaldaren Arild Stubhaug har skrive biografi om Schwach for nokre år sidan, og eg kjenner Stubhaug som ein svært dyktig konikør og foredragshaldar. Til kvelden 9.september i Skien har arrangøren funni fram til eit haustdikt av Schwach, som eg gjerne siterer frå her lenger nede.

Arrangementet på torsdag skal vere i FESTIVITETEN kl 19. Og medverkande er Ola Otnes med diktlesing og Skiens Mannssongforeining med tre Schwach-songar. 

 
Det er Høst i mit Nord
Over tilfrosne Jord
Farer Stormen og sukker og klager.
Bleg er Solen og svag;
Med hver kommende Dag
Mindker Lyset og Mulmet tiltager.

Det er Høst paa min Sti;
Rosens Blomst er forbi,
Uden Løv staaer igjen Tornegrenen.
Det har sneet i mit Haar;
Pulsen sagtere slaaer
Og ei meer svulmer Kraften i Senen.

Det er Høst i min Sjel;
Mer rig er den vel,
Ak! men faa af de Frugter er’ søde
Verden tykkes mig Kold;
Men bag Eensomheds Skjold
Jeg ved Lampen vil Vinteren møde
 

Schwach studerte jus og blei embetsmann, ein svært fargerik embetsmann med vitskaplege, musikalske og litterære talent. Han var sorenskrivar når han var i Skien og fekk ei gate oppkalt etter seg i byen. Torsdag er det 150 år sidan han døydde.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *