
*Om Jenny Hval på Audiatur, om Kristopher Skau – ja – og Oddvar Thorsheim.
Enkelte får merkelappen multikunstnar på seg. Kva er ein multikunstnar? Frå naturen si side er vi alle multikunstnarar som kan alt. Iallfall verkar det slik når ein ser og høyrer born og kva dei får gjort med å skape og uttrykke. Men seinare kjem så dette yrket til, iallfall for oss vaksne, med tunge strategiske val å ta.
Og det å selje eit produkt kjem til. Dette skjedde historisk når kunstnarane ikkje lenger var fast tilsette, men støtt avhengige av å selje dei nye produkta sine. Dermed stavrar multi-kunstnaren inn i bakleksa, så kjem heile kunstnaren i den vonde saksa. Fordi du ikkje er heilt kompetent utførar, liksom, etter krava som blir stilte og ofte auka i kunsten, ikkje fullgod nok til nokon enkelt teknisk ting. Er du god nok, så held det likevel berre i ei enkelt kunstform, til dømes litteraturen.
Somme i dag er likevel frapperande multikunstnarar. I resepsjonen hos kritikarar og publikum kjennest dei berre bitevist og heller vagt. Eg tenkjer til dømes på Kristopher Skau, han frå Team Antonsen, han som har gått i ei rekkje gravferder der ingen andre går, og no har skrive bok. Wikipedia-biografi om Schau.
Deretter kan vi vende oss mot Jenny Hval, ho også med bok i år, ein roman som går sin gang. Ho er ein del yngre. Eigentleg er ho like mykje ein musikar, noko også Kristopher Skau er, og ho er verk-komponist og instrumentalist (gitar). Ho skriv både dikt og essays. På siste dag av Audiatur-festivalen i haust såg vi hennar performance. Der brukte ho opplesing av eige dikt, med eige gitarspel og ein komponert kor-musikk på boks. Dette var magisk, blei eit høgdepunkt på festivalen. Sjølvsagt.
No lever vi i ei konseptuell tid. Dette er hovudvilkåret for Schau og Hval sine framgangar. Og hovudvilkåret for ei oppblomstring av multikunst eller multikunstnarar. Vi får betre tak på Schau og Hval om vi vurderer dei ut ifrå både det konseptuelle og det multikunstnarlege.
For kort tid sidan var lyrikk-programmet Diktafon inne hos Oddvar Thorsheim og gjorde opptak. Thorsheim er kjend som biletkunstnar, målar, grafikar og teiknar. Han er kjend for å vere ein original og kjend for å vere samfunnsengasjert. Han skriv også tekst og har omsett Dylan og Beatles til norsk, og desse tekstane syng han på ein særs tydeleg måte. Han legg forresten inn eit Dylan-munnspel i tolkinga si. Thorsheim skriv også eigne dikt i bokform. Dette er ikkje noko Thorsheim først byrja med i det siste.
Thorsheims sterke kunstnarlege sider i framføring er rytmen og uttalen av teksten. På den måten kan jo synginga hans minne om Jan Erik Volds song eller resitasjon til steady Jazz-akkompagnement. Dei jamgamle Thorsheim og Vold er likevel ikkje komponistar, dei er nettopp ikkje heilt slik som Jenny Hval er. Dei to, trubadurane Vold og Thorsheim, er til vanleg ikkje fullt så konseptuelle som dei yngre Jenny Hval og Kristopher Skau.
No kjem ein digresjon: Forleggjaren min i 1979 kom til meg og ville ha diktsamlinga illustrert. Og han la frampå om Oddvar Thorsheim. På den tida tykte eg kvinneportretta til Thorsheim var for stereotype, bl.a med alltid like runde bryst. Så eg min dumme stut takka nei og fekk da ein illustratør som var noko mindre fri og dristig. Dette er eit val i fortida som eg fekk og som eg tregar på utfallet av.
Ein ting til: Multikunstnarane er suverene menneske, suverene til å stå for det som dei gjer. Vi mange har eit løynleg ønske om å bli som dei. Men vi andre forstår dei nok for dårleg.