Diktafon, nytt diktprogram i Nrk

Mona Vetrhus er progamleiaren her.

Nrk er på lufta igjen med diktprogram, eit godt halvår etter at programposten Poesitid blei gravlagt under protestar frå ei rekkje aktive poetar og m.a denne nettstaden.

Nrk er på lufta igjen. Sidan sendetida er tidleg ein søndag morgon, prøver vi oss på andre rådgjerder, og vi tar data i bruk. Ja, hei – no trykte eg på podkast og vidare på bindersen, da var det greit! Programmet Diktafon var verkeleg fint, tykte eg. Mona Vetrhus er programleiar.

Vi er på slutten av august 2009. I det nye programopplegget rundt poesi på Nrk utnyttar Mona Vetrhus den journalistiske tamen sin, og det kler tema rundt lyrikkinteresse og lyrikkpraksis. Vetrhus intervjuar somme tilfeldige møtande om det skulle vere eit dikt som har gjort spesielt inntrykk på dei. Og ho intervjuar vidare mormora si om det same, og der blir Nordahl Griegs De beste plukka ut. Mormora knyttar diktet til eigne opplevingar, og etterpå får vi høyre diktet bli lese ujålete og rett fram. Av kven fekk eg ikkje med meg. Aldri høyrt diktet bli lese så godt før. Og dette tyder at samanhengen eit dikt blir lese i, er viktig.

Deretter introduserer Mona Vetrhus ønsket sitt om å motta innspel frå radiobrukarane. Og kjærleiksdikt er eit spesielt ønske i første omgang, forsto vi. Altså eit tema! Og tema i dikt skal vi ikkje kimse av, meiner eg. (Tema i samband med dikt har elles fått eit oppsving fleire gonger dei seinare åra.) Det nye med programposten Diktafon – i høve til Ønskediktet og til Poesitid – er at det blir spurt etter tilhøyrarane sine eigen-produserte dikt, sine eigenproduserte dikt via sms…    

Deretter går progamleiaren over til å snakke med den yngre etablerte poeten Nils-Øivind Haagensen…

Pr dato har det vori sendt eitt Diktafon til, etter debuten 21/8. Tilhøyrardikt blei referert der (altså 28/8). Men før tilhøyrardiktet så hadde programmet sanka saman tre kjende dikt med kjærleik så absolutt komande inn i diktet. Og programleiaren hadde fått ein jury på tre til å vurdere og prate om desse dikta. Kva var det beste kjærleiksdiktet? det var malen for undersøkinga. 1) Tone Hødnebøs dikt med referansar til «den eneste elskede». 2) Ceilie Løveids erotiske dikt Rug. 3) Arild Nyquists kjende dikt om vanskeleg tilhøve mellom foreldra hans.

Først festa jurymedlemmane seg med kvart sitt dikt av dei tre nemnde ovafor. Og konkurransen tyktest umogleg. Men Nyquists familiesaga vann til slutt fram i juryen av ulike vektige grunnar. Og etter mi meining var dette diktet meir tematisk , meir av eit kjærleiksdikt, enn dei to andre dikta…

Ja, det var plukka ut tre dikt til ein konkurranse om ”beste kjærleiksdikt”, ein konkurranse som ein jury på tre personar skulle avgjere resultatet av. Desse dikta var så: 1) Tone Hødnebøs dikt med repetisjon av ”den eneste elskede”, dette var eit suverent dikt om kjærleikssorg og stor forskjell på forhold. 2) Cecilie Løveids Rug, eit strålande dikt om erotikk og einsemd. 3) Arild Nyquists kjende dikt om tilhøvet mellom foreldra hans: Fattern elska rødvin…

Og det var dette siste diktet som til slutt vann fram i juryen. Nyquists dikt er kanskje ikkje opphavleg meint som eit kjærleiksdikt, men er likevel aller mest kjærleiksdikt av dei tre, etter mi meining, som sagt. Ofte blir Arild Nyquists dikt noko anna enn det diktet startar som – eller er meint som frå starten… Eg trur at dette er ein styrke ved dikt, noko heldig ved kunst som metode. Undersøkjande.

Seinare i program 2 så kom Nils-Øivind Haagensen tilbake til Nrk med eit slangande stort nyskrive muntleg dikt for Diktafon, dette byrja som eit kjærleiksdikt, men kanskje blei ikkje kjærleiksdikt til slutt…

Dei to hittil produserte Diktafon-programma har ein del sams med Hans Olav Brenners Bokprogrammet på Nrk-TV1. Eg tenkte på det da eg såg dette programmet på fredag: ”Tror du på helvetet?”, med bl.a forfattarane Margaret Skjelbred og den religiøst truande andre forfattaren med bok om Sigvart Dagsland. Og der var også mor til Skjelbred med, med si heilt kompromisslause kristne tru. Det var vel noko likt mellom den journalistiske tilnærminga i Diktafon og i TVs Bokprogrammet, dvs bruken av ulike intervjumåtar. 

Diktafon satsar i tillegg på aktive tilhøyrarar, på det aktive momentet som ligg i kåring av dikt m.m. Og her er så min «reprise» på Arild Nyquists dikt. Kva meiner du som les dette? kan vi snakke om kjærleik på fleire plan og kjærleik på fleire plan i familien.

 
Fatteren elska rødvin...

Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelon.

Fattern elska rødvin
og muttern akevitt
fattern elska system
og muttern rot og dritt

Ofte var det leven
og ofte var det bråk
og muttern sa til fattern
finn deg en annen kåk.

Ja, ofte var det leven
og ofte gikk det vilt
og fattern sa til muttern
i morra blir vi skilt.

Så dro de fra hverandre
en vakker dag i mai
og skiltes utpå trappa
og sa bay bay bay bay.

Men fattern elska muttern
og muttern fattern min
så de snudde neri porten
med hvert sitt snåle grin.

Nå bor de hos hverandre
i samme jævla kåk
og fattern elsker rødgrøt
og det blir ofte bråk.

Ja, nå bor de hos hverandre
i samme jævla kåk
og muttern elsker Beatles
og ofte blir det bråk.

Men fattern elsker muttern
og muttern fattern min
så de rusler gjennom livet
med akevitt og vin.
 

Konklusjon: Diktafon er eit godt program. Nrk har tatt seg saman… Poeten Arild Nyquist toler dagens lys. La vi forresten merke til kjønnsrollene i kjærleiksdiktet hans? Til dømes.

Eit pre for programposten Diktafon er at litteraturen blir lese og høyrd, musikk blir høyrd. Ny litteratur blir produsert. Folk blir spurde og svarer. Her er også både diskusjon og vurdering, dette er bra for litteraturen. Publikum kan høyre programma på vanleg radio eller på podkast (bruk ein «binders»).

Ps 11/9-09

Det tredje programmet i serien tok opp dikt med tema død, blant andre I går på stranda av  Sissel Solbjørg Bjugn . I eit enkelt og godt intervju med Mona Vetrhus tok Øyvind Rimbereid føre seg boka Ars moriendi (skrive av Georg Johannesen). Neste Diktafon-program, på søndag, tar opp havdikt.

Ps 7/1-10

Så laurdag 2.januar var det premiere på laurdagsprogram for Diktafon, kl 15.40 på P2. Ny og finare sendetid altså. Temaet denne gongen var dikt om sex, til ære for laurdagspremieren. Slik som her er NRKs eigen reportasje .   

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *