Collage collage

 Kuiper ligg ute i graset. Sakser
Foto: Irene Larsen

Er det sagt så mykje om det: Collage collage i tidsskrift = saks + saks – ? Vi snakkar om litteraturtidsskriftet Kuiper 1-2/2008, som er fylt med ordcollage, men på ei “full” (om lita) biletflate, og kanskje med innskrudde fotoelement – .

Her må collage – som er meire kjend frå biletkunst – forståast som teknikk, ein teknikk for å løyse ut dikt-språk på nytt. Kuiper blir generelt omtalt som eit ”rugeanlegg”, og slik kjem det trippande fram trettitre tekstkyllingar ut av saksene… La oss berre sitere Marte Hukes diktbidrag som eit konkret døme: ”Fanget i en strømvirvel” er resultat av ti smale og små strimmelklipp sett saman og kopiert, på side 56 (d. første sida av fire frå Huke). Og teiknet // tyder her at nytt klipp kjem:

La meg bruke våren// som et eksempel

den normale rytmen i havet og atmosfæren

I Alaska// Sentral-Asia


Bak et plankegjerde, under tørre busker,// over nyharvede åkrer

synger alle sammen

før det hele// braker løs

Det er ikkje godt å seie kva poeten har klipt saman her, men sannsynlegvis er det ikkje brokkar rivd laus frå andre dikt. Iallfall ikkje det. Elles i tidskriftet er det meir enkelt å sjå kvar materialet er henta frå: Frå leksikon, faglitteratur, bibelen, songbok (m noter), notatlapp, brev, skilt, reklame, avis (likt innslag i ”Nytt på nytt”), merking, foto, plakat, grafitti, instruks… Igjen: Dette er teknikkar for å løyse fram litteraturspråket, føde nytt språk, ny meining i orda.

Terje Dragseth (side 79) har skrive MONTASJE FRA 5 BARNEBØKER og har altså brukt ordet montasje på dette han har gjort. Hit skiftar det mellom alderdommeleg omstendeleg forklårande litterært språk til enkelt eventyrspråk og til ”raske sprang”-stil (Show! Don’t tell!).

Eigentleg finn ein fint lite collage sugd frå kjende lyrikkpassasjar i Kuiper. Dragseths lånte stilartar er f.eks prosautdrag. Er det respekten for det skrivne diktet som gjer dette? Dette får meg inn på den tanken at collage-arbeidet, frå dei over 30 svært viljuge men heller urøynde collage-forfattarane, ikkje er samkøyrt, men tar ofte utgangspunkt i den opplagte formelen: klippa frå (sak)prosa omskapast raskt og demonstrativt til poetisk kontekst.

Unntaket her er redaksjonsmedlem Lene E. Westerås sin bruk av Emily Dickinson i collagen på side 150, der Westerås siterer følgjande med eit «utklipp» (limt ihop med 22 andre klipp):

I never lost as much but twice,
And that was in the sod.
Twice have I stood a beggar
Before the door of God!

Angels - twice descending
Reimbursed my store -
Burglar! Banker - Father!
I am poor once more!

Biletkunstnarane – der finst det ein sterkare tradisjon for collage – hadde kanskje utført oppgåva annleis til ein tilsvarande collageantologi for dei. Og redaksjonen for dei hadde da sikkert introdusert teorien for slik utgjeving, kanskje bydd på somme kjende stilhistoriske fakta. Og sanninga pr i dag er at det ikkje merkast nokon aktiv teori for bruk av collage i litteraturen, utanom «filosofi» kring nytta av bokillustrasjonar. Sjølv om norsk poesilitteratur frå 1960-åra bydde på collage og montasje. (Dei mest opplevde er vel dei i Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon. Ja, – eksmpelvis den utheva og stensilerte helsinga frå soknepresten i diktet ”Folk” og dei mange innskota og kommentarparentesane i ”Kongediktet”. Nemnd kunne også vore samtidige medisinske Anne av Paal-Helge Haugen.)

Men elles er det mykje redaksjonelt arbeid og mange usignerte fotoinnslag frå redaksjonen i dette heldige tidsskriftnummeret. Og redaksjonsmedlem Morten Wintervold har eit signert 9 siders stort fotoinnslag med collage, fotoa blei lånte frå fødselen til ”Marie”, vakkert i det menneskeleg-dyriske!

***

Det er vanskeleg for meg å ”sette av” på nettet collage-oppstillingar med ord frå dette nummeret av Kuiper, da eg ikkje har kapasitet eller kunnskap på nettversjon (eller teknisk opplegg for dette lagt til nettstaden). Kuiper hadde nok fortent betre av representasjon.

Ps 1.mai 2012:

For nokre år sidan skreiv eg eit dikt som parafraserer eller tematiserer Morten Wintervold. Diktet var slik:

 
ord om død og liv og visdom gjort
(Morten Wintervold: I slekt, 2005)


Eg levde i ei tid der familiane blei spreidde for alle vindar. Poetane blei derfor 
familien min. Eg møtte dei ikkje, poetane, men eg forsto dei gjennom år og dag 
epokar, og kjende slektskapen i ord om død og liv og visdom gjort. Eg hadde 
til og med kameratar i politikk. Den familien ville eg gjerne ha

Onklar, tanter, nevøar og nieser, tremenningar søsterbarn og brorbarn, eg forsto 
ikkje altfor mykje av det, Wintervold. Diktarane er ikkje våre vener, men slekta 
vår

Slekta, både genene og oppveksten, vil likevel følgje meg gjennom livet, igjen 
og igjen stikke fram. Og det er fordi eg er nesten den same personen og startar 
heile tida på det same, Wintervold
 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *