Bendik Wold og syndromet

Gir norske «førande» poetar avkall på heile forstanden? Bokredaktør i Klassekampen Bendik Wold har produsert ein artikkel i Vinduet, der han forklårer og siterer alarmerande trekk hos norske «førande» poetar. Dei gir avkall på forstanden. Dette gjeld særleg Tone Hødnebø, Morten Øen, Steinar Opstad og Gunnar Wærness, i følgje Bendik Wold, og han vartar opp med konkrete døme på fråsegner mot forstanden og nokre få diktdøme som demonstrerer den erstattande religiøse løysinga. 

Og eit nokså liknande problem skal gjelde for Monica Aasprong, Ingrid Storholmen, Marte Huke og Vemund Solheim Ådland, i følgje Wold. 

Wold opererer med eit religionsubstituttsyndrom (mitt ord). Og her er den lærde og opphavlege artikkelen i Vinduet , som er blitt følgd opp med reportasje og innredigert debatt i Klassekampen, torsdag, fredag og i dag. I det svingande året 1980 leverte Jan Erik Vold med pamfletten Det norske syndromet ei breiside mot det han kalte poetane sin hang til «følsomme, bristeferdige, patetiske vers fremsagt i et ekstatisk toneleie i besvergelsens tegn». Bendik Wold følgjer på ein måte i Jan Erik Volds fotspor.

Gjennom den nemnde artikkelen for Vinduet har Bendik Wold samla opp så mykje frustrasjon frå dei siste diktåra at han for sin del gløymer å trekkje fram lyrikk han kan seie er på rett veg, iallfall gløymde han det i byrjinga av debatten.

Bendik Wold kritiserer eit dikt som Nrk utropte til det beste diktet i 2006, nemleg  Kjære bønn av Gunnar Wærness .


Ps 12/6:
Bendik Wold kjem inn i mitt lyriske interessefelt: Ingrid Storholmens Skamtalen Graceland skreiv eg om våren 2005. Marte Hukes andrebok Se sol og Vemund Solheim Ådlands andrebok Profylaktisk skjønnhetskreiv eg om i samleartikkelen Konkret i Poesi? i januar 2005. 

På den andre sida, på den andre kanten av ny norsk poesi, har eg også skrivi fleire plasserande artiklar om dei aller nyaste muntlege dikta frå t.d.  Geir Gulliksen og frå  Nils-Øyvind Haagensen. Ja, når det gjeld rett framme langdikt, skal eg leggje til debutanten  Ruth Lillegraven si gode samling Store stygge dikt.

Ps 18/6:
Det finst både støtte til Wold og ulike kritiske svar til Wold på nettet, t.d eit intervju med litteraturkritikaren Trond Haugen . Her er ei rekkje andre kommentarar i Klassekampenm.a frå Marte Huke .

Ein tanke om “Bendik Wold og syndromet”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *