Geir Gulliksen med godversjonen av langdikt

Geir Gulliksen i god form
Foto: Britt Myhrvold

I Nrk vann Geir Gulliksen med det beste enkeltdiktet. Geir Gulliksen kom ut med dikta ”se på meg nå” no i haust. I det minste EIN avismeldar har sett stor kameratskap med Jan Erik Volds ”Mor Godhjertas glade versjon. Ja”. Alt dette gjorde meg nysgjerrig, og eg kunne ikkje sleppe den tanken, slik at eg gav meg sjølv nett Geir Gulliksens bok i førejulsgåve på tampen av førebuingane til jul. Og ho er lesen i porsjonar (i Bergen og Kragerø). Det følgjande kan vere eit bidrag på overtid til artikkelen min Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon. Ja?.

Toneleiet (la meg ta det skisseaktig): Geir Gulliksen legg toneleiet ned, heilt utan affektasjon eller skrytande ord. Jo, det er den humanistiske arven som førast vidare til/hos Gulliksen, med mjukgjorte dommar; og han tematiserer verkeleg mannsrolla, om han ikkje tar familien akkurat slik som Jan Erik Vold tematiserer heile familien. Gulliksen tar opp generasjons-motseiinga.

Personar. Det sjølvbiografiske og det barnlege elementet er klårt eit hovudtema hos begge poetane, sjølv om menneska i dikta til Gulliksen ikkje står fram med sine fulle offentlege namn, da heller berre med ein diskret forbokstav. Kanskje eit enda mjukare vis å skildre personar på. Eg merka ikkje slektskapen med Vold før på side 12, etter dei to innleiande dikta. Da kan det vere på sin plass å sitere dette diktet på side 12:

OG jeg drømte
at pappa var død
og jeg tenkte at jeg endeleg
kunne begynne å savne ham
Savn: min gamle pappa er
et sted i en slags skygge
av seg selv, han var en sånn mann
som jeg aldri fikk tak i
han så på meg
med klare og liksom vannblå øyne
og alt ble blått og liksom vannaktig klart
og jeg turte ikke spørre
hva han er redd for
og om og om igjen
ser jeg meg
bøye meg frem og klappe
på skulderen hans
som et slags beroligende svar
på et spørsmål han aldri stiller
min pappa er et lite barn
men han er jo ikke et lite barn
og han er ikke en varm hånd
han var ikke den varme hånden
som plutselig kom til meg i mørket
Men det gjør ikke noe
det gjør ikke noe nå lenger
for jeg har alltid tenkt
at jeg kan ordne det selv
helst uten at pappa merker det
og det har jeg gjort og jeg har blitt pappa
og jeg har prøvd å bli en pappa som min egen pappa kanskje
aldri kunne tenke seg å bli
og det er vel greit
jeg vet at jeg har varme hender

Politikk! Diktet ovafor er politisk, absolutt. Den politiske kloa finst i 2005, i «essayet» om pengar t.d. Dette trekket er parallelt med Volds verk. Og dette er Gulliksens bidrag til 100-årsjubileet og samtidig er det Gulliksens diktutgjeving på 2000-talet (følgjer etter diktsamlinga Voksne dikt 1999).  

Pratinga. Diksjonen er pratande, minner noko om Volds ekspensive vers, men Gulliksen bruker langt større delar av det etablerte poetiske repertoaret, stilfigurane, i tillegg til det pratande språket. Vold er meir bane-brytande her, først og fremst meir demonstrativ nyenkel. Vold er banebrytande med sine tingdikt, der tinga er verdiar. Også Gulliksen har tingdikt, t.d «et essay om brød» (s 35). Og med det same: I høve til Vold 1968 – og 1960tals-estetikken til Vold – meiner eg at Gulliksen 2005 ikkje har kollasj og openberr sjangerovergang.

Komposisjonen. Det beste enkeltdiktet? Bra. Gulliksen vann ein konkurranse på Nrk om det beste norske enkeltdiktet i bokhausten. Gjennomkomponert er boka hans likevel, ein heilskap først og fremst, er inntrykket mitt. Førsteversa går tidvis igjen som refreng eller refreng-komposisjonar og kan bli følgd opp og snudde på i neste dikt. Gode enkeltdikt er jo iallfall eit klårt fellestrekk med dikta i Volds Mor Godhjerta. Dessutan har Vold ein uttrykt og sterkt gjennomført heilskap ved å stadig vilje bruke ein både konkret og positiv måte å omtale på; og Vold rettar stadig på seg sjølv for å oppnå ein slik vald posisjon/ versjon.

Lester Yong? Hos Vold finst reminisensar av klassiske jazzlåtar, og han presenterer jazzverda inn; hos Gulliksen gjev jazzlåta ”Look at me now” tittel til boka; og låta gjev boka si sentrale refrenglinje, som blir snudd og vend på i boka. Heilskap: Gulliksen er igjen mest diskret. 

Konjunkturar. Jan Erik Vold skreiv Mor Godhjertas glade versjon. Ja tidleg for han som eit høgt gjennombrot i forfattarskapen og lenge før han f.eks hadde stifta eigen familie. Geir Gulliksen kjem med se på meg nå som klårt definert (heime)arbeidande småbarnsfar og nesten tjue år etter sin litterære bokdebut. Denne ulike skjebnen har noko med dei litterære konjunkturane å gjere for dei to forfattarane. No i 2005, etter at tjue år gått, liknar faktisk dei eksterne konjunkturane på kvarandre.

Open og brei… Det viktigaste fellestrekket mellom dei to fyldige dikt-utgjevingane, og dette som gjorde meg mest overtydd om eit hopehav, var det heilt opne og breie humanistiske innhaldet, noko som kan finnast i kunsten, men som er meir sjeldan å finne i poesi enn det mange trur.


Ps 15/8-06: I tidsskriftet Ratatosk nr 1-2 2006 har Sissel Furuseth prinsippielle innvendingar mot Gulliksens se på meg nå. Ho tar utgangspunkt i Nrk-konkurransen og vinnardiktet hans der.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *