Skamtalen graceland

er tittelen på Ingrid Storholmen si bok frå i vår. Eg såg ei dramatisering av delar av boka på Æ Å litteraturfestival no på laurdag. Frå før har Ingrid Storholmen gjevi ut diktsamlinga Krypskyttarloven, i 2001. No legg eg ut ei melding av Skamtalen graceland på denne nettstaden, dvs skriv om Ingrid Storholmen si nye litterære handsaming av «utburd»-problematikken. Eg vil komme inn på det religiøse ved kvitfargen, og den religiøse sida ved skamma, collage-teknikken frå 1960-åra, det djupt engleaktige ved Marilyn Monroe, melodramaet, kunstnarproblematikken og teikn til ei nystarta generasjonsmotseiing i norsk poesi, eg vil seie at Storholmen si bok er betre å lese enn eit trykt nytt norsk «drama», men at Peer Gynt jo er Henrik Ibsens beste dikt og samtidig eit skodespel i 5 akter («handlingar»). 

Ingrid Storholmen. Foto: Asche­houg

Dersom du ikkje veit kva utburd er, så er det «ein som er boren ut», ein atter-gangar etter eit barn som var utsett i skogen, eit barn som døydde udøypt… I det kjende Stiklestadspelet skrivi av Olav Gullvåg kjem det fram ein skokk av springande småborn på slutten av handlinga, i kvite nattskjorter, og dei legg seg i graset, i skråninga på utescena, iallfall hugsar eg det slik frå ei oppføring som eg såg, altså yrande mange utburdar i grell kontrast til krigsryttarar som hamrar inn frå sidene mellom husa og opp vollen i På Stiklestad; skal vi tippe at dette spelast ein kilometer frå der kong Olav avleid i si tid, han som seinare blei utvald til helgen-konge? 

Neste notat (påbyrja den andre bokdagen, 23/4) er sytten hypotesar om Skamtalen graceland

1. Namnet Grace tyder «ynde», medan utropet disgrace, som blir hyppig brukt i boka, tyder «skam». Ein definert boksjanger er ikkje nemd på tittelsida. Opninga, og heile den første delen av Skamtalen gracelandliknar eit skodespel, er eit skodespel eller første akt av eit skodespel: Eggekvinnen. Framsida av boka syner eit egg – med noko som blir utvikla i egget, starten på eit embryo?

2. Det er tre roller, feminine roller, i byrjinga av spelet, Graces rolle midt på sida med mindre skrifttyper, som dempar tonen hennar, mora si meir tøffe rolle til venstre og søstera til Grace si opposisjonelle rolle til høgre. Det er Grace som er «utburd» eller den mishandla, om du vil. Denne karakteren er samansett, både offer og talerøyr og den som bryt ut.

3. Når eg høyrer namnet graceland, går tankane til Elvis Presleys smaklause heim Graceland, som dei mange tilhengjarane valfartar til, liksom pilgrimar strøymer til heilagdomen og bøygjer seg i støvet for relikviar, altså ein sterkt religiøs dimensjon. Og eg ser også føre meg den dyktige songaren Presley, ein pioner mellom dei kvite i USA, etterkvart kledd i kvitt, på scena i Las Vegas.

4. Fargen kvit er ein viktig gjennomgangsfarge i boka, slik som egget på framsida av boka, i tittelen Egge-kvinnen og til dømes i ei scenetilvising som «Spiller cello, hvit kule i vannet» (side 99). 

5. Korte scenetilvisingar understreker det teatrale: (sinne) (gråt). Det same vil eg seie om replikkane på bokmål à la «Kan du skaffe meg litt Earl Grey?» (mora til Grace) og «Jeg er skuffet» (systera til Grace) og stadig engelsk: «Er du allright?» (når systera er solidariserande). 

6. Replikkane bruker altså eit banalisert bokmål med lett alderdomlege uttrykk som stadig svippar over i engelske idiom, slik at skamma blir uttrykt gjennom ei tett samling av banale uttrykk, og dette er først og sist ei iscenesetjing. 

7. Forma har preg av kollasj, som minner om kollasj frå 1960-åra, slik som t.d i lyrikk hos Paal Brekke (Det skjeve smil i Rosa) og som kallast «sampling» no til dags, nytt namn på grunn av ny teknologi, meir bruk av lyd, mindre bruk av avissider (papir).

8. På nest siste bokside i verket opplyser Ingrid Storholmen om at delar av manuset har nytta «samplinger fra teateropplevelser i inn- og utland». Likevel kan nok ikkje lesaren få nikke attkjennande til den og den replikken frå teaterverda, iallfall kan ikkje eg klare det. Det som eg identifiserer enkelt frå teaterverda, er først og fremst at teaterforma i Eggekvinnen byggjer på den velkjende retrospektive avdekkjingsteknikken som er kjend frå Ibsens mange borgarlege samtidsdrama. Fleire gonger tenkjer eg på Ibsens Gjengangere. I dette stykket skrivi av Storholmen, er det mora sine omsynslause og sjølvopptatte gjerningar som det blir nøsta i, og derigjennom vanskelege opplevingar for t.d Grace.

9. Mora er kunstnaren, skulptøren, ho lagar skulptur av dottera og ser på dottera som ein skulptur og fører skam på henne, på mange ulike vis. Og eg diskuterte med ein poet, Niels Lyngsø, etter at Storholmen hadde ein performance med boka si på Æ Å-festivlaen i Trondheim, om skamma var ein psykologisk eller ein religiøs storleik. Lyngsø meinte dengong: berre psykologisk. Iallfall tedde Grace-figuren seg på scena som ein kvit engel med klåre, beintframme rørsler. Frå skam til engel. Eller: Frå engel til skam. Tenkj på det.

10. Kunstnartematikken er iallfall sterkt framme i Skamtalen graceland, slik som det er hos vår verdskjende dramatikar Henrik Ibsen, hos han i bøtter og spann i Når vi døde våkner. Derfor les eg inn eit ønskje om ein grensesprengjande poetikk hos Ingrid Storholmen, som sjølv er i starten på forfattarskapen og ikkje skodar tilbake på eit heilt kunstnarliv, slik Henrik Ibsen gjorde i sitt siste drama, Når vi døde våkner.

11. La oss seie at Storholmens tredeling av boka si i røynda er to teater-akter: Eggekvinnen og Skamtalen – med ei pustepauseavdeling «Setningar», dvs eit kontrasterande lyrikkparti med lita og kort skrift, imellom aktene. Eksempel frå denne lyrikken er den aller første setninga: Åpne hodet slik at munnen kan lukkes
Og andre akt, Skamtalen, kan da lesast, for det meste, som Graces monolog (med «ekko» o.l), der den usynleggjorde Grace vender seg til seg sjølv – og til ein mann, og til andre kvinner. Får du som les dette, ikkje opplevd boka som dramatisert form, som performance, med det aller første, får du lese boka som ein inntrengjande roman om kvinneleg skam, eller skam i det heile, ei for oss uvanleg slags romanform (med innlagt skodespel og lyrikkparti). Det er vel ikkje det verste du kan tenkje deg å gjere?

12. Storholmen eksperimenterer. Ho har laga ei 112 siders bok i kvadratisk ringpermformat, med tjukke pappomslag og paginerte sider. Skamtalen graceland følgjer ingen kjend lesesjanger, men bryt ny veg mellom litteratursjangrane, i og for seg er slike nye løysingar ingen ukjend tendens i litteraturen dei siste åra. Den danske konkrete poeten Niels Lyngsøs romlege kvadratiske upaginerte diktbok frå i år, Morfeus, der du kan begynne å lese kor du vil, og korleis du vil, i ringpermen, minner meir om ei kunstbok enn Storholmens gjer. Ja, Morfeus ikkje berre minner oss om ei kunstbok (og nemleg er i kassett), men er ei kunstbok, der Lyngsø sjølv har vori inne i heile framstillingsprosessen og tenkt ut og gjort det meste av arbeidet. Jamført med Morfeus er Storholmens paginerte mindre ringperm atskilleg meir estetisk smålåten, fordi boka å sjå til kunne f.eks vori ei kursbok i data eller kjemi, eller ei teikneblokk. Storholmen går altså gjennomført «ned» på estetikk og ikkje «opp» og ut på estetisk nivå, slik Lyngsø gjer med Morfeus

13. Her ser vi ein avgjerande stor skilnad på to poetar frå to naboland, enda begge bryt med den nærmaste samtidstradisjonen og veltar om på det estetiske. Lyngsø byggjer på det vakre sine innøvde kategoriar for syn og hørsel og kunnskap, sjølv om han også eksperimenterer vilt, medan Storholmen rører seg, som ein engel, liksom heilt utanom det estetiske plankartet.

14. Eg spør meg: Kva veg går Storholmen, bryt ho med foreldregenerasjonen sin estetikk, representert ved «mora» i verket, eller bryt Storholmen først og fremst med samtidsestetikken frå 1990-åra? Kan hende gjer ho begge delar. Vel, «Grace» snakkar om mutasjonar, ein ny mutasjon av mennesket, når ho omtaler egge-kvinnen. Menneskeleg mutasjon er vel like mykje galskap eller overbygnad som eit sakleg spørsmål her. Det speglar av generasjonsmotseiinga – eller brotet. Brotet er sterkt, religiøst eller nærmast religiøst intenst, uttrykt ved skamma, og det kvite, slik vi tenkjer på den religiøse dyrkinga av smaklause Elvis i kvite klede i Graceland eller Las Vegas (og han var elles heile tida, lenge etter at ho var daud, opphengd i mora si) – eller på det stadig engleaktige kvite ved Marilyn Monroe… 

15. Det aller siste eg sa, det om Monroe, tar eg i meg straks, for det velkjende barneheimsbarnet Monroe blei ein dyktig skodespelar i humoristiske roller sjølv om ho hadde eit tvers gjennom vanskeleg liv. Eg nemner utrykkjeleg barneheimsbarnet Monroe, fordi det enorme amerikanske sexsymbolet M M, nettopp slik allebarneheimsbarn internasjonalt var, ho var trakka på, ho var ein «utburd» frå starten av. Men slå fast: Boka Skamtalen graceland byggjer ikkje på humor, tvert imot, og er elles svært reint i det valde språklege banaliserte uttrykket. Derfor samplar Storholmen heller ikkje frå Elvis sitt lyriske repertoar. Balladen «Are you lonesome tonight, do you miss me tonight?» er for humoristisk, sannsynlegvis. Det nærmaste teksten kjem – og det er ikkje nærme nok – slike versliner, er på slutten av «første akt», når mora seier følgjande til Graces søster: «Bli hos meg i natt»

16. Det høyrer også musikk til boka, rikeleg med musikk frå dagens vanlege seriøse repertoar, i form av scenetilvisingar, t.d «Metallisk/ jazzmusikk» og «Realistisk/ jazzmusikk» i første akt og f.eks «cello», «valthorn», «saksofon», «trekkspillet» og «urealistisk jazzmusikk» siste del av andre akt. Dette er kollasj og performance! Og alt dette kan streke under at forma er melodramaet. For å seie noko i klårtekst om «graceland»: «graceland» i Skamtalen graceland er ikkje Elvis Presley sin heim, men ein metafor for det som moderne kunst ikkje gjer eller snakkar om…

17. Ei oppgåve som lesar skal du få. «Grace» skammar seg ikkje spesielt over utsjånaden sin; men kva er det – og det er iallfall stort – det som ho skammar seg over?


ps: I eit radiointervju som eg høyrde, i programmet Poesitid, nemner Ingrid Storholmen omsetjinga nådeav ordet «grace» eller «Grace» (sentralt både for tittel og hovudperson). Og ordet er, same kva, eit banalt ord i diktspråket her, anten vi tenkjer på «ynde» eller «nåde». Og den religiøse implikasjonen er enda større ved tydinga «nåde», eksempelvis Amazing Grace.

nytt ps: Den store krigshæren i Stiklestadspelet er sikringsprøvd før framsyninga i år, 30.juli – pga det kongelege nærveret den dagen. Dette var nytt og nokså oppdatert militært. Og utburd-scena skal dessutan vere fjerna av regissøren, det har vori kjend ei tid. Eller kanskje får tilskodarane sjå ein enkelt utburd på vollen.Sjå Adressa 22.juli.

Tredje ps: Her var ei dansk melding av Skamtalen graceland – med bruk av ordet konkretisme, skrivi av Lars Bukdahl.

2 tankar om “Skamtalen graceland”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *