Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 8 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 

Foto: Jimmy Åsen

Ein situasjon. Etter BOK og Poesi...

Mine fem år i Bergen frå 69: med mindre skriving og denne skrivinga avgensa til utkast stort sett; og likevel ei rekkje utkast; og med ulike brødjobbar pluss den mest aktivistiske perioden for meg med poli-tikken; vidare tatt to samfunns-vitskaplege eksamenar i historie og samfunns-kunnskap og tatt pedagogisk seminar og blitt adjunkt og klår for ei fastare tilsetjing i skoleverket.
Og etter dei fem deretter følgjande fem åra (i Kragerø) hadde eg snudd fagval for fjerde gong: ved å ta norskfaget ved sida av (for det meste ved sida av) den faste tilsetjinga mi, dvs norskfaget heilt frå starten av via grunnfag og mellomfag og til eit hovudfag i «nordisk». Alt det som eg forsøkte på desse ti åra, var nytt og til dels utvidande og heller spennande, men turbulent for ein som var blitt småbarnsfar og turbulent for den veksande barne-familien... Eg fekk sjansen til å studere litteratur under nordisk-studiet mitt, og eg slukte dei episke Kristofer Uppdal, Hans Kirk og Hans Scherfig (særleg ein okkupasjonsroman, Frydenholm), medan den norske konservative ml-traktaten på det lyriske planet gav meg ingen sjansar, ingen utveg med mitt eige stoff, same kor stor beundrar eg har vori og er av Rudolf Nilsens meisterlege dikt. Rudolf Nilsen blei forresten ikkje lesi særleg i samtida si, men meire førti år etter. Kun ein einaste poetperson av dei mange rundt 1970 som eventuelt aspirerte til å skulle ta opp arven journalistisk og politisk og teknisk etter «Rulle» Nilsen, kunne gjere det. Det var den alt etablerte og skolerte forfattaren, førtiseksårige Arnljot Eggen som kunne gjere det.
Sjå elles i Artikkel-spalta om «system-dikt», der Arnljot Eggen er brukt som eit døme i appendiks, ved sine refrengviser for TV og teater.

Korleis var opninga mi rundt 1971-72? Her er sju fakta eller faktorar, med store bokstavar for NØKKELORD:

Faktor 1) «Bok» og «Poesi» var i ferd med å bli GLØYMDE for kritikarroste og publikumselska dikt-samlingar hausten 1968, spesielt for heilskapelege system som nyenkle «Mor Godhjertas glade versjon. Ja» av Jan Erik Vold og den dokumentariske «Anne» av Paal-Helge Haugen.

Faktor 2) I 1970, berre kort tid etter, ville Brigt Jensen med gullforlaget Gyldendal mykje heller ha ML-DIKT enn min språk-kritikk. Eit døme som er portalen til den nye tida, er Stig Holmås: «Vi er mange», som blei etterspurd, hadde ein muntleg stil (i nær slekt med 1960-åras muntlege stil) og uttrykte eit ønske om å bli som Rudolf Nilsen, for å seie det litt skeivt. Meir nøytralt: Holmås blei oppfatta som framhald både av populære Jan Erik Vold og av politiske Rudolf Nilsen, kanskje ein slags syntese, meiner eg å hugse (utan nærmare dokumentasjon).

Faktor 3) Det kom ei internasjonal politisk masserørsle inspirert av ml og USA og skylte over institusjonar og scener og media, dei estetiske måla var KONSERVATIVE i høve til prosjektet mitt frå 1960-åra.

Faktor 4) I samband med organiseringa mot EEC (EEC som seinare blei døypt EF og EU) kom det i tillegg til ml sin konserverande estetikk inn ein konservativ UTKANT-ESTETIKK. Denne var herskande t.d i det litterære Bergens-miljøet i åra rundt folkerøystinga 1972 om EEC.

Faktor 5) HANS-MAGNUS YSTGAARD hadde eg arbeidd tett saman med i tidsskriftet Profils korte avantgardistiske periode fram til 1970 (bl.a om dikta til Vlamimir Majakovsklij). Hans-Magnus Ystgaard braut tvert over og blei bonde på farsgarden i Sparbu, Nord-Trøndelag. Først i seinare år er han frampå igjen litterært - med fleire teaterstykke på Trøndelag teater og teater rundt i Nord-Trøndelag.

Faktor 6) Motstand blei eg møtt med, ein motstand organisert i kulissane: a) Ungdomsserien på TV som Torstein Bugge Høverstad og eg var medforfattarar for våren 1968, blei tatt av før han var avslutta, sjølv om serien var eit vellykka studieobjekt på interne NRK-møte og vekte internasjonal interesse på seminar. b) Rundt den store politiske folkerøystinga var POLITIAGENTAR i hælane på meg i kulturarbeidet mitt, noko du kan lese om i «mappa mi», sjå artikkel.

Faktor 7) Eg var ikkje skolert nok, var fire år yngre enn Jan Erik Vold, og eg hadde ikkje som Jan Erik Vold vori rundt og studert tilhøva... Eg MISFORSTO fleire ting, m.a utviklinga til Jan Erik Vold i «Mor Godhjertas glade versjon. Ja». (Dette har eg omtalt med artikkelen «Jan Erik Vold og Jan Erik Vold» i Flisa-rapporten utgitt 2000.) For ein som stamma frå ein klårt mindre stad enn Oslo, var det lett å oversjå den humanistiske utvidinga med boka hans og heller overdimensjonere kjendisfaktoren i den glade versjonen. Eg var ikkje skolert nok og for frammand for reglane i media.

Konklusjon: Så trass i t.d at den meir etablerte Jan Erik Vold tok meg med i/på antologien 14x14 (1971), hadde ikkje min «språkkritikk» ein sjanse i havet. Og det var eigentleg ein kjempeprestasjon av poeten Arild Nyquist å komme med «Nå er det jul igjen» i 1972, han fekk massiv offentleg hets. Eg hadde ting i skuffene. Men ting eg hadde skrivi rundt 1970, kunne eg ikkje ta fram før ved Draken i solbærbuskane i 1982... Det var ikkje for ingen ting at kritikaren Jan Erik Vold skreiv begeistra om Draken i solbærbuskane. Meir om dette og Draken sitt samband til BOK og Poesi i neste presentasjonsdel: