Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 16 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 


Poetisk historieskriving om 1968


Det er framleis «tåke» kring det som skjedde med tidsskriftet Profil rundt 1968. Som festspeldiktar i Bergen 2002 uttalte Jan Erik Vold seg til Klassekampen om overgangen mellom ”forfattartidsskriftet” Profil frå 1966 til våren 1968 - og så ml-prosjektet Profil frå 1970. Temaet i intervjuet med Vold var nok «unglitterære tidsskrift» og særskilt Profil nettopp året 1966. Journalist Nils-Øyvind Haagensen spør i avsnittet Ingen enhet slik: ”Men etter hvert, med politiseringen av miljøet, gikk Profil-fellesskapet i oppløsning?”

Vold svarer slik: ”Dag Solstad og jeg var de siste av forfatterne i 66-redaksjonen som trakk oss. Det var sommeren 1968. Inn kom blant andre Helge Rykkja og Jan Carlsen, som gav bladet en mer politisk og ml-aktig profil (...) ”

La oss stoppe opp. Her hoppar nok intervjuet bukk over den mellomliggjande fasen, som Jahn Thon i boka tidsskriftets forståelsesformer kaller ”avantgardens tidsskrift” 1968-1969. Meir «politisk» enn 1966, ja. Men ikkje derfor ml-aktig. Dette må eg få presisert. Og det er denne tida, og ikkje noka anna tid i Profil, som var den beste Profil-tida mi. Og her har eg formidabel støtte i den nemnde boka til Jahn Thon , Thon har også tatt doktorgrad på Profils historie. For ordens skyld: Både eg og Jan Carlsen var med i redaksjonen mange nummer før sommaren 68, da Jan Erik Vold trekte seg ut. Her hugsar Vold feil, eller så har journalisten misforstått.

Eg var nettopp ”ansvarleg redaktør” for Profil i heile 1968, etter at eg var aktivt medlem i redaksjonen frå nov. -66. Så flytta eg brått til Bergen på nyåret 69, pga familiære forhold, slik at eg ikkje kunne spele noka viktig rolle i det vidare, om eg så hadde prøvd. På avstand frå Bergen samarbeidde eg med Hansmagnus Ystgaard (og med Martin Nag) om eit Profil-nummer med omsetjingar av den russiske revolusjonspoeten Vladimir Majakovskij. Dette var ikkje ml. At eg sto oppført i redaksjonslista også året 1970, tydde nok ikkje at eg følgde Yenan-talen til Mao eller at eg proklamerte dette programmet i kulturlivet. (Derimot hugsar eg at eg sende ei utvald rallarvise til redaksjonen i Oslo, på grunn av ein einfaldig kjærleik til rallarviser, men ho blei ikkje svart på i det heile. Eller trykt.)

Samd med SUF var eg riktignok i det politiske, og imponert over engasjementet og strevet, særleg det anti-imperialistiske, og melde meg inn der. Men litterært var og blei eg avantgardist og skreiv korkje ml-dikt eller ml-artiklar som blei publiserte. Ta eit eksempel som Puddefjord-diktet, som eg skreiv i 1972, dette var ikkje noko ml-dikt om å falle inn i folden. Eg hadde ingen evner til å skrive «ml-dikt», eller noko opptil dette, med min kunstnarlege agenda. La meg forsvare meg der.

Etter sommaren 1974 var eg heller ikkje medlem i AKP(ml) og gjekk derfor glipp av bolsjeviseringa, den som profilistane Dag Solstad, Tor Obrestad og Espen Haavardsholm fekk nærkontakt med... Berre jamfør Solstads sterke Gymnaslærer Pedersen (...) , den rammande politiske romanen frå 82, og jamfør også veldig gjerne den like strålande filmen, som var noko fritt «avkorta» etter boka, no i 2006 (noko alle filmatiseringar av romanstoff er nøydde til å bli).

*

Jahn Thon kallar heile Profil-perioden frå 1970 og 11 år framover for ”stedfortredernes tidsskrift”, eller like gjerne tidsskrift med ml-estetikk, dette er ei konservativ vending.

Det som eg frå 1960-åra av hadde sams med ml for ein del, var idéen om at den vanlege mannen/kvinna, faktisk alle menneske, kunne aktiviserast i kunstnarleg skaping like så vel som i politisk arbeid. Og denne idéen har eg for min del haldi oppe gjennom nye prosjekt, gjennom 1980-åra (t.d på kulturleirar) og fram til denne dag. Og motsett dei tidlegare ml-skribentane i kulturspørsmål (eksempelvis Dag Solstad, eksempelvis Espen Haavardsholm og mange fleire) har eg også haldi den politiske jamne aktiviteten min ved like ved aktiv organisering.

Jahn Thon, som verkeleg sjølv var ein ml-ar i kulturlivet på 1970-talet, meiner at eg var for godtruande. Vel. Eg narra meg sjølv meir enn ein gong, t.d i 1960-åra, fordi eg var for godtruande, eller helst for lite skolert, men blei ikkje narra trill rundt. Ja, eg var med på å gje det unglitterære tidsskriftet Profil «ein meir politisk profil». Ja, det stemmer nok dette, Jan Erik, dette var i pakt med heile ungdomsopprøret rundt i Amerika og Europa! Opprøret interesserte seg for arbeidarklassen. Kva skjedde i Profil? Alt ved Profil nr 4/67 var ein god del av profilistane frå 1966 ute av redaksjonen, Jan Erik, det hugsar også eg godt. Sjå elles Thon der... Og meir enn «politikk» i saka hadde vel dette å gjere med at dei som gjekk først ut, kledde seg sine nye posisjonar i det tradisjonelle litterære feltet, i osloavisjobb og forlagsjobb, og ikkje minst etter den naturlege og faglege tanken å leve av diktaryrket.

Nok om det. Iallfall blei ikkje Profils overgang til ml-praksis omkring 1970 inspirert av og gjennomført av meg, men av lengre organiserte SUFarar frå Oslo, m.a Morten Falck. Ja, eg tok kontakt med eit par stykke som hadde sendt eit brev trykt i Profil nr 1 68. Mykje seinare enn 68, over eit år seinare, kom desse to inn som medlemmar av redaksjonen. Og der kom «kunsten i proletariatet si teneste» inn. Rett skal vere rett.

Og historisk er det vel lenge sidan sjølve ml-vedtektene fall, over tjue år sidan. No er dette historie. Dei to noverande partia Akp (utan ml) og Rv, dei har lite og ingenting med desse eldre vedtektene å gjere. Og eg vil framleis gjerne ha ei slags plattform for mi eiga verksemd. Derfor denne lange presiseringa av rolla mi i den fasen som nokre har kalt «avantgardens Profil», dvs 1968-69, men med forgreining tilbake til 1966.... Desse få åra i Noreg, og desse få åra internasjonalt, er også høgaktuelle førebilete i tiåret som vi lever i, har eg meir og meir kommi til.


(september 2006)