Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 11 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 


Geografi
Eg har flytta til ei rekkje stader. Det er:

1943-46 Mysen (fødd) og Notodden.
1946-58 Nesset i Skogn og Bruborg på Levanger.

1958-62 Elverum. (Tok realskole/ vidaregåande skole.)
1962-63 Dalen, Tokke i Telemark. (Hadde eitt års lærarjobb.)

Hausten 63 på reis (på anleggsjobb i Hardanger og på sykkeltur i Europa).
1964-69 Oslo. (Hadde 7 ulike bustader, mest hyblar - og studium og noko forfattarskap. Tok musikk mellomfag.)

1969-74 Bergen. (Hadde 7 ulike bustader, Fløen, Åsane, Sandviken, Fantoft, Fyllingsdalen, 2xLaksevåg. Hadde ulike jobbar. Tok eksamen i samfunnskunnskap og historie.)

1974-2006 Kragerø, dvs Kalstad, Blåveisdalen, Skogstjernevn, Rådhusgata, Jøransberg, Kalstad igjen. (Har heile tida her hatt tilsetjing i ein og same ungdomsskolen, heilt til AFP-pensjon 2005. Hadde permisjon i 1979 da eg tok nordisk mellomfag.)



Redaktør, rådgjevar og konsulentar
Redaktøren loser manuset gjennom den siste fasen med produksjon: Trykking, utstyr etc. Med rådgjevar meiner eg den viktigaste rådgjevaren utanom konsulenten/konsulentane som forlaget plukkar eller peikar ut for deg:

= BOK, 1966: Rådgjevar var Jan Erik Vold.
= Poesi, 1968: Konsulent var Kjell Heggelund.
= Kommune, 1979: Konsulent var Tor Obrestad, og Knut Johansen var rådgjevar og redaktør.
= Draken i solbærbuskane, 1982: Konsulent var Dag Solstad.
= Blokka Ungeberget, 1983: Konsulent og redaktør var Knut Johansen.
= Formalisten, 1984: Konsulent var Rolf Fredheim.
= Filosofi, sa du, 1994: Rådgjevar for meg var Frank Stubb Micaelsen. Konsulent var Kjell Heggelund.
= BOK ny utgåve, 1997: Konsulent og redaktør var Arnstein Bjørkly.
= Eit kjærleikstema, 1998: Eit kollektiv på Aschehoug konsulterte.
= Eit hus mellom andre, 2003: Eit kollektiv på Aschehoug konsulterte, innspel frå ekstern konsulent. Rådgjevar for meg: Frank Stubb Micaelsen.
= Slutningar til knes, 2004: Kjell Heggelund, Trygve Åslund og Arnstein Bjørkly var konsulentar, med sistnemde som redaktør.
= bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar, 2006: Liknande mannskapsfordeling som for 2004 + ein ekstern konsulent, og eg hadde god lesarhjelp frå ei rekkje litteraturinteresserte/kyndige, som eg bad...