Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2015

Lyrikk i litterære tidsskrift
Tirsdag 22.

George Mackay Brown frå Orknøyane
Mandag 14.

Mykje på eitt brett
Lørdag 12.

Økland med: Sykling i søvne
Fredag 11.

Å tenkje (Frank Eriksen)
Tirsdag 8.

Inger Elisabeth Hansen
Onsdag 2.

Debutantdagar
Tirsdag 1.

Tirsdag 22. Desember 2015

Lyrikk i litterære tidsskrift

Eg var på utkikk etter funn i dei to store litterære tidsskrifta Vinduet på Gyldendal og Vagant på Cappelen Damm, i dei siste numra for året. Fordi: Det har nemleg, frå i vår, vore lurt på kven i landet som skal skrive om og slik ta ansvar for den nye lyrikken.


1. Resultat hos ferske Vinduet (nr 3/2015):

Eg får ikkje ferten av eit dikt i heile hurven av essays, fleire hundre sider. Ja 335. Har det vore meininga frå redaktør og redaksjonsråd å luke ut? Jo, Mara Lee er inne på og handsamar dikt av den svenske poeten Katarina Frostenson i Lees lærde essay om overstryking. Og elles i Vinduet verkar det vere minst mogleg lyrikk og mest mogleg demonstrasjon av lærdom i dette litteraturtidsskriftet sitt volumiøse essaynummer.


2. Resultat hos ferske Vagant (nr 3/2015):

Ja, Vagant stiller med (slik tidsskriftet sjølv seier) over femti sider litteraturkritikk. Kva er med om diktsjangren, please? Redaksjons-medlemmet Joni Hyvönen skriv om at «evolutionsbiologin gør sitt intåg i poesin». Ein interessant vinkel. Hyvönen startar med David Cronnenberg og Charles Darwin og med Basar 1977 og Tor Ulven. Deretter går han fortenstfullt over til Maria Dorothea Schrattenholz sin debut med dikt i år, Atlaspunkt, og etter kvart går han til tretten andre lyrikkutgjevingar frå stort sett dei siste fire åra!

I tillegg til Joni Hyvönen sin innsats kjem eit par bokmeldingar av poesi (av i alt 50 sider med bokmeldingar). Dette er Kristin Vegos melding av danske Josefine Graakjær Nielsen sin diktdebut, og dertil Trude-Kristine Mjelde Aarviks informative melding av digre Øyvind Rimbereid og verket Lovene. Alt i alt er det «godkjend» - for det vidtfamnande tidsskriftet Vagant denne gongen - vurdert frå nettstaden min.