Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2018

Litt natur på den siste dagen
Torsdag 31.

Kommunistiske sonettar 2018
Torsdag 24.

På reise
Torsdag 17.

Den radikale flaumen
Mandag 14.

Dagen
Tirsdag 1.

Torsdag 24. Mai 2018

Kommunistiske sonettar 2018

Som sagt var vi på reise ei tid. Og i denne tida offentleggjorde Leif Høghaug dikt i samband med 200-årsjubileet for Karl Marx. Dei sto i Klassekampen laurdag 5. mai... Eg vil kalle det dobbel montasje. Høghaug koblar temaet Marx med diktsjangren, noko som er heilt uvanleg (om det ikkje er heilt eineståande for Høghaug). Dessutan bruker Høghaug forma sonettkrans - som er ekstraordinært i norsk poesi i seg sjølv - med svært politiske tema.

La meg by lesaren på iallfall 1 døme frå Høghaug. Eg vel sonett nr 9, om eg skal plukke ut ein trykt smådel frå «kransen» i avisa KK:



Ja, tala borgarskapen midt imot!
Dei talar folka (folk me slektar på),
om svolt og lungesjuka, røyk og sot
i gruvesamfunn Engels forska på
i attenførtifire/førtifem.
Og tala må dei, sjølvsagt er’e sant
at sjukdom framleis herjar med kvar lem
til kroppen Kapitalen kallar fant
og snyltar, fattigmann og rakkar, slusk
og lathans, rasshøl, tjuvradd, tiggar, pakk,
maskin-maskinens pitte litle rusk
som aldri treng ein pitte liten takk.
Du Friedrich Engels, du, kvar er han no?
Dei tala ein gong, folket, om dei to.