Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2017

Poesiformidlar
Fredag 17.

Korte viser
Mandag 13.

Mandag 13. November 2017

Korte viser

Jah! Den minste nye boka, den på berre ialt 60 sider, fall eg for.

Vers som hjarta veit er best,
vermer liksom eldar;
dei har héta meg, og mest
mange kalde kveldar.


Dette er islandsk (attdikta til norsk). Diktet er sitert litt raskt etter den nye boka GLIMESTEINAR. Forma brukt er ein langvarig og utbreidd islandsk visetradisjon. Og dei kaller denne korte forma ei visa, der ein i Noreg bruker namnet «stev» for kortforma vår. Vi tar ei visa til:

Eg ville helst eg fekk vera strå
og visna i lestane dine,
for du vil trø lint og lettast på
leide brestane mine.


Den norske attdiktaren er Johannes Gjerdåker. Det er Johannes Gjerdåker som kan slikt som dette. Det er han som trylla dikt frå persisk og skotsk. Her kjem både rim i slutten av linjene pluss 3 + 3 bokstavrim=trykk i strofa. Når han attdiktar frå eit framandspråk greier han det! Både innhald og versemål skal med, og blir med, når visa skal høyrast. Og boka blir ikkje tunglese.

Etterordet som skal orientere vidare, det er skrive av islendingen Bergsveinn Birgisson (og det står på norsk). Er ein fryd å lese. Han er nok glad for jobben til Gjerdåker! Hadde berre alle utgjevne dikt fått ei så smart og god tilråing med seg inn i bokheimen.



(Visa nr 2 over er - i islandsk original - av Páll Ólafsson. Visa nr 1 - i islandsk original - er av Torsteinn Erlingsson.)