Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2017

Kulturjournalistikken
Fredag 26.

"Krise i kritikken"
Tirsdag 23.

Godt arbeid
Fredag 19.

Nordahl Grieg les
Tirsdag 16.

Eit mylder
Fredag 12.

Breie minner
Fredag 12.

Dei store spørsmåla
Fredag 5.

Banal grunn?
Fredag 5.

Dikt kan overraske
Mandag 1.

Tirsdag 23. Mai 2017

"Krise i kritikken"

Kritikar Guy Damman held foredrag om «Critisism in Crisis» f.k. fredag (26. mai) på den norske filosofifestivalen (i Kragerø.) Damman er elles operakritikar... Festivalen byrjar torsdag. Sjå programmet (der temaet denne gongen er «krise»).



For min del vil eg føye til nokre eigne refleksjonar. Ja, det er krise i kritikken. Men heilt kor omfattande dette er, vil eg ikkje kunne seie. At det er kritisk, kjende vi på under kulturrådet si årlege og aukande nulling av ferske diktbøker til folkebiblioteka: ja/nei-avgjerder som verka fullstendig vilkårlege.

Og seinare har eg byrja å gå gjennom den nødvendige formidlinga og spesielt forska på den nesten aldri kritiserte omtalen innafor dei trykte diktbøkene. Omtalen som tilsvarer «reklame», er altfor lite mynta på å LESE dikta som faktisk står mellom permane. Her har eg forsøkt å avklåre eit døme på dette: Formidling.

Litteraturkritikken og formidlinga, dvs større delar av den, deler nok skjebne med kunstkritikken, vil eg sikkert tru. Og for min del gjer også den tilsvarande kritikken av klassisk konsertmusikk det, inklusive kritikken av opera. Slik er situasjonen. Kva er det som er kvalitet? Sikra kvalitet kor vi enn vender oss i det statsstøtta eller sponsa musikk- og kunstlivet? Smått i media med det, meiner nok mange, og altfor tilfeldig og litt U
engasjert, spør du meg. Framleis finst det gode unntak, nokre få aviser, som stadfestar regelen.


Kva som operakritikar Guy Damman har å seie 23/6 på festivalen, har eg dermed ikkje uttalt meg om. «Men Critisism in Crisis» blir interessant.