Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  << forrige bok    neste bok >>  

Kommune

Dikt
Utgitt av Oktober, 1979


Samlinga «Kommune» - no på nytt forlag (etter Pax), Oktober (som var det dåverande kommunistiske forlaget i Noreg) - er mindre avantgardistisk enn dei to første diktsamlingane mine, og kanskje litt meir ujamn, på grunn av ein skeiv norsk/ internasjonal rådande estetikk i delar av 70-åra. Men ho inneheld dikt som er ganske søte da, det synst no eg framleis, og dei er ekte engasjerte... Frå og med denne boka skreiv eg mest på nynorsk, nesten alle dikt frå meg heretter er på nynorsk: I perioden 79-98 er dei på «austnorsk» nynorsk - og med somme på dialekt (inntrøndsk). I perioden etter 98 derimot: da bruker eg vel eit meir klassisk og godt innøvd (lett å øve inn) litterært nynorsk, altså klassisk og lettlært (ja, dette viste seg) norsk frå og med dikta i «Eit hus mellom andre».

Utdrag 2, diktet mitt «Å, Puddefjorden å hå!» elskar eg, av fleire grunnar, og eg las det t.d på Bjørnson-festivalen for eit par år sidan - og eg las det til jazzig orgel på jazzklubben i Kragerø - og også ved fleire andre høve er diktet blitt brukt av meg. Diktet er forresten inspirert av ei hundreårgammal Bergensvise, skrivi rett før nettopp unions-oppløysinga i 1905. Da var det liv! meiner eg. Eg skreiv også eit manus om jobben på Compact (som produserte pakkar med militær mat), Compact ved Puddefjorden, med gode naturlege replikkar i teksten, i følgje forlagets Knut Johansen, men eg gjorde ikkje noko med manuset.

Både Kommune og dei seinare bøkene, slike som «Draken i solbærbuskane» og «Eit hus mellom andre» og «Slutningar til knes» reflekterer ein solidarisk praksis og viser til delar av etterkrigssoga på dette området. Og det enkelte diktet set ofte spørjeteikn, anten spørjeteikn ved det skeive samfunnstilhøvet eller spørjeteikn ved den vanlege solidariske praksisen som kjem av politisk engasjement til venstre. Kan vi kalle det ei slags form for sjølvkritikk eller for humor, som solidariteten nok ikkje skal vere heilt forutan - ?

Illustrert av Jón Sveinbjørn Jónsson.