Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Sølvbåt og stjernevind  neste bok >>  

Sølvbåt og stjernevind

Stor barnediktbok med 16 inviterte forfattarar.
Utgitt av Mangschou, 2011


Dei seksten inviterte forfattarane var norske lyrikarar, inkl meg, som har skrive lyrikk for vaksne tidlegare. Fem sterke og rutinerte bokkunstnarar står for alt biletmaterialet i boka: Inger Lise Belsvik, Øyvind Torseter, Akin Duzakin, Harald Nordberg og Hilde Kramer.

Det er eit samspel mellom dikta og biletmaterialet i boka. Dette samspelet sette Anne Karin Fonneland, Terje Dragset og eg på prøve gjennom ein turné i Akershus, som var initiert av fylkesbiblioteket. Her er skildringa mi av møtet mellom bok, dikt og eit publikum av 9-åringar, henta til biblioteka .



Dette var ein grei lekk i Littearturfestivalen i Akershus. Frå bibliotekhald formulerte «CW» dette 24.okt 2013, for publisering på nettet (sitat):
«Den nye barnediktboka, står det som undertittel på boka Sølvbåt og stjernevind, som vi har fått pengar frå Fritt Ord til å sende ut til barn under festivalen i år. Tre lyrikarar, Terje Dragseth, Helge Rykkja og Anne Karin Fonneland har lese dikt på nynorsk, vist dei fine illustrasjonane frå boka og fabulert rundt språk og bilder saman med barn i alderen 7 – 10 år. Det var 6 forestillingar, og dei tilbake-meldingane vi har fått, går på at forfattarane var lydhøyre overfor barnepublikumet. Ungar og lærarar var nøgde. Å arbeide med språk er spennande og viktig!»
Utsnitt av biletmaterialet synte vi på power point, med full vekt på dei tre bilekunsnarane som var involverte i våre dikt, nemleg Akin Duzakin, Hilde Kramer og Øyvind Torseter. Tingkunstnaren Torseter tok tak i tingdikta mine, flyndra i «Stien», trompeten i «Plastikktrompet», vidare papirdokka i «Papirdokka». Flyndra var med også tre gonger på omslaget av boka. Det vesle diktet «Gutar og jenter» fekk ei etterfølgjande stor heilside med tre born/ungdommar, den eine med trompet i sekken. Framfor tåa til ein annan står nok frosken frå diktet «Stien», no grønfarga. Slik at dette er eit grønt panorama men, vel og merke utstyrt med ting, konkret forstått.