Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Gabriela Mistral og César Vallejo

Publisert 2008-01-25 18:05:12, sist endret 2008-07-17 17:21:43

Gabriela Mistral og César Vallejo

Nobelpris i 1945 Gabriela Mistral -
Latinamerika har ei rik kjelde av moderne poetar. Ein av dei utanlandske poetane som blei omsette til norsk i 2007, var Gabriela Mistral, chilenar, ho fekk ein fortent nobelpris i 1945. Omsetjaren av Gabriela Mistrals «dikt i utval», Tove Bakke, tykkjer i utgangspunktet at dikta hennar er vanskelege å skape om til norsk. Men elles er Mistral lenge kjend over heile Latinamerika som folkeopplysar og forfattar av voggesongar og dikt for born. Ho er bl.a på pengesetlane. Diktutvalet heiter Alle skulle bli dronning. Og her er da vald ut av meg Yo no tengo soledad, som på norsk lyder: Veit ikkje kva einsemd er:

Natta er åleine
frå fjellet heilt til havet.
Men eg sit her og voggar deg
og veit ikkje kva einsemd er.

Himmelen er åleine
når månen går i havet.
Men eg sit her og gyngar deg
og veit ikkje kva einsemd er.

Verda er åleine,
i kroppen stig eit vemod.
Men eg sit her og held om deg
og veit ikkje kva einsemd er.


Dette er blitt velkomponert og stramt, og diktet er gått inn i ein norsk samanheng. (For meg har dette bl.a klang av Arvid Hanssen og Tove Karoline Knutsen.) Kan eg bruke dette diktet som eit døme frå boka? Her er eit allsidig bokintervju gjort av Marte Stubberød Eielsen med omsetjaren, Tove Bakke.

Der går det fram at Mistral er eit kunstnarnamn som poeten tok seg. Eg låg og tenkte på namnet og andre namn ei natt og kom på at mistral er ein vind. Wikipedia fortel at vinden er ein kald vind som merkast i det vestlege Middelhavet og i område ved Adriaterhavet. Vinden kjem frå fjell med avkjølt luftmasse, lenger nord. Den franske poeten og visesongaren Georges Brassens, som blei fødd ved Middelhavet, syng om mistral.

Det var poeten Inger Elisabeth Hansen som først puffa Tove Bakke i gang med å setje om Gabriela Mistral. Sjølv gav Inger Elisabeth Hansen i fjor ut eit utval frå den posthume diktsamlinga til César Vallejo (frå 1939). Ho reknar Vallejo som ein stor poetisk oppfinnar, ein innovatør i verdspoesien. Og som ein figur som står midt i verdas stormar og vanskar, ikkje minst var det, med 1930-åra, blitt spreidd mange av desse stormane og vanskane. Nok ein stor latinamerikansk aktuell klassikar bort til den norske poesien, til litteraturen, altså.

Cesar Vallejo Peru Paris 1892-1938
César Vallejo var fødd i ein landsby i Peru året 1892, tre år seinare enn året som Gabriela Mistral blei fødd i Chile, men likevel slik at dei på mange vis kan reknast som samtidige og det kunne ha skaffa dei ein parallell bane som forfattarar. Men da eit høgrekupp i Peru øydela sjansane for Vallejo i heimlandet etter 1923, drog han dessverre ikkje til eit anna latinamerikansk land med lykka si, men freista eit tilvere i Europa og særleg metropolen Paris, der han fekk publisert lite og ingenting av poesien, heilt fram til ein tidleg, for tidleg, død i 1938.

Menneskelige dikt, kallar Inger Elisabeth Hansen utvalet med Vallejo-dikt, tittelen vald etter det som er blitt ”samle-betegnelsen på all César Vallejos etterlatte poesi”, noko som vil seie den heile og fulle diktproduksjonen hans etter Trilce i 1922 (då han framleis var i Peru). Men ho har også fått med nokre prøver frå Trilce som nok syner kvifor ho bruker omgrepet ”gjendikting” på arbeidet sitt. Her er så opninga, den første strofa, på Trilce IX i fleire variantar og språk, utvalde av Hansen. Desse er lånte frå slike gjendiktarar som Clayton Eshelman og Peter Landelius og Terje Johanssen.

Først Inger Elizabeth Hansens innleiande norske strofe:


Jeg frøver å ststøte støtet tilbake.
De to digre bladene hennes, hennes valvula
som åpner seg i saftig velkomst
fra multiplikand til multiplikator,
hennes tilstand ypperlig for nytelse,
alt vavler sannhet.


Deretter César Vallejos eigne originale og spanske første strofe:


Vusco volvver de golpe el golpe.
Sus dos hojas, su válvula
que se arbre en suculenta receptión
de multiplicando a multiplicador,
su condición excelente para el placer,
todo avia verdad.


Dernest Clayton Eshelman sin engelske (amerikanske) tilsvarande variant:


I sdrive to dddeflect at a blow the blow,
her two broad leaves, her valve
opening in succulent reception
from multiplicand to multiplier,
her condition excellent for pleasure,
all readies truth.


Hansen her også tatt med ei svenskspråkleg løysing, ved gjendiktaren Peter Landelius:


Jag forsökerr trränga inn igjen.
Hennes båda brede blad, hennes ventil
som öppnas til et saftig mottagande,
än multiplikator, än multiplikand
hennes utmarkta lamplighet for njutning,
alt strävar til sanning.


Vel, her hadde boka hennar notert dei svenske orda till, för, ett på norsk vis: til, for, et, utan at dette veg mykje i denne gjendikta samanhengen. Men vi ser at gjendiktarane vel ulike løysingar på sine respektive språk. Vi ser også her ymse fridomar i språk som Vallejo gjev seg i Trilce. Til dømes er sjølve boktittelen Trilce eit ord som den spanskspråklege poeten i si tid fann på, som han konstruerte. Ein del av tida som Vallejo skreiv på Trilce, sat han iallfall i fengsel. Eg veit forresten ikkje om diktet sin spansk ovafor kjem frå den peruvianske utgåva i 1922 eller frå den madridske utgåva i 1930. Ja, eg veit ikkje om Vallejo så nytta peruvianskfarga spansk eller ikkje. Men dette ser sikkert Inger Elisabeth Hansen, som er velkjend med spanskspråkleg litteratur. Vel, eg veit at det er skilnad på chilenskprodusert tekst og på spansk tekst frå Espana.

Vallejo både som poet og figur er ei utfordring også for dei norske kritikarane, ser eg klårt på nettet. Gro Byrkjeland i Bergens Tidende er iallfall imponert. Her er Gro Byrkjelands bokmelding i Bergens Tidende .




Ps 30/1-08: Ein latinamerikanar til

Som eit ekstra tredje latinamerikansk alternativ vil eg peike på Clemente Padin frå Uruguay, nolevande, ein aktiv veteran innanfor konkretpoesi, han skal ha ny utstilling og performance i Barcelona kommande veke. Ottar Ormstad offentleggjorde dette positive om Padin frå Paris-festivalen for elektronisk poesi mai i fjor :
for meg ble møtet med clemente padin fra uruguay et høydepunkt, både som performancer og personlig.   vi hadde flere samtaler, og har fortsatt god kontakt.   under militærdiktaturet satt han inne i tre år, og laget der sitt kjente konkrete dikt som består av to ord, PAZ og PAN, skrevet på to linjer med nitti graders forskjell, slik at Z og N faller sammen (fred og brød).   padin er fortsatt en etterspurt performancer, og var tidligere i år på et anti-globaliseringsarrangement i japan, der han malte nike-logoen med blodet fra et stort kjøttstykke utover et hvitt lerret.   padin er kjent for sine enkle virkemidler, og utgjorde et ytterpunkt på festivalen.