Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Kva med Helge Stangnes?

Publisert 2007-06-04 09:54:53, sist endret 2015-09-20 10:39:05

Kva med Helge Stangnes?

Fotoet er tatt av Kjetil Lillesæter, NRK. Frå yttersida av Senja.
Kva med visepoeten og poeten Helge Stangnes? Poeten frå Troms, Senja. Artikkelen min under om Helge Stangnes har eg skrivi på oppdrag, - og står i tidsskriftet Kuiper (1-2 2007) med ein tydeleg redaksjonell merkelapp (sitat):


Forfatterskapet til Helge Rykkja har helt siden debuten på 1960-tallet vært prega av bevisste utprøvninger av hva den poetiske formen kan romme. Også Helge Stangnes er en formbevisst poet, men i motsetning til den første Helge-en, fatter den andre konsekvent tillit til den klassiske verselæra som en av ganske få poeter i dag. Stangnes’ bøker oppnår salgstall som de aller fleste poeter bare kan drømme om. Likevel er han så utrendy at han sjelden får navnet sitt nevnt når samtidslyrikken omtales. Kuiper har utfordra søringen Rykkja til å lese Stangnes.


Helge Stangnes skriv vårviser, haustviser, sommarviser og vinterviser. Den første visa i debutboka - og denne visa heiter Landet og tonen - byrjar med verslinene ”Ro meg ut dit oddan blåne/ når det skjønnes imot kveld (...)”, altså byrjar visa med fargar og lyset, lyset i naturen. Deretter blir så diktet snart fylt av lydar og mykje ”musikk” frå naturen: song, tone, viser, reprise, refreng, ouverture, sølvblankt tastatur, koral, harpe, sordin, trubadur. Visa avsluttast med rimordet ”partitur”, som her skildrar skaparverket i poetisk forstand.

Andre stofe i det fjerde diktet, Lys langs en fjord, lyder slik:
Så fjern og så frostkald står stjern’ der ute,
Men nærar e lysan der menneskan bor,
- som glør gjennom natta frå rimgråe rute
skin perlebands-lenker av lys langs en fjord
Frå at lyset i dei første visene er sommarsymbolet og natursymbolet, blir lysa langs fjorden i dette diktet symbolet på heimane når det tette mørket rår, når jorda er vinterkald og strendene verharde.

Lys langs en fjord blir også til tittel på heile debutboka, som er ei uvanleg populær diktbok med 33 viser og dikt. Ho kom i 1992, og eg ser henne som den viktigaste av dei tre samlingane som Helge Stangnes, fødd på Senja i fiskarmiljø, har gjevi ut til no, viktigast fordi ho introduserer musikk- og diktsjangrane hans og syner dei berande ideane i forfattarskapen. Denne diktsamlinga er seld i 10 000 eksemplar.

Eigentleg hadde eg vanskar med å vite kven eg skulle adressere orda mine til, når eg skreiv denne omtalen. Kva skulle eg som søring skrive til eit publikum med nordingar, korleis skulle eg forklåre for nordingar eit nordnorsk tema og vurdere populariteten som Helge Stengnes har fått i nordnorske media og i den skilde nordnorske bokverda, der Nordkalott-Forlaget er ein viktig kanal?

Eg kjenner godt til Stangnes sin forgjengar frå Senja, Arvid Hanssen, og eg har skrivi om Godt at gråmåsen song og til og med eit dikt til dette titteldiktet av Hanssen. Og riktignok har eg vori på Senja (i anna ærend). Og Helge Stangnes er ein namnebror, det finst meir som er sams mellom oss enn namnet. Eg veit at Senja er ein storslagen plass, delar av den store øya minner om sørlandet sør i Noreg, og delar av Senja er beinharde som noko, yttersida, nordsida... Søstera mi har budd i Hammerfest og i Tromsø, så det finst visseleg samband til Nord-Noreg for meg. Ho forklårte meg den utrulege skilnaden områda i nord på sommar og vinter. Når eg kom til Helgeland som liten, og etter kvart til Narvik for ti år sidan, forsto eg at vi sørpå ikkje veit mykje om kva ein moderne krig er, men dette veit folk i Nord-Noreg alt om.

Eg likar og har alltid likt gammaldansrytmar og trekkspellåt, og eg likar fela til Lillebjørn Nilsen, men ikkje tekstane hans. Men det er så si sak å skrive om ein som er så kjend i landsdelen som Helge Stangnes med visene hans i media er, og vite noko om kva eg gjer. No får det berre stå til vidare.



I den påfølgjande debutdiktvisa, Vårvise, legg Helge Stangnes kultur på naturen, tolkar naturen på gammalt vis som menneskeleg slektsskap: parfyme på skogen, kostyme på bjørka, bryllup på våren. Og musikken kjem også her: strengar, tonar, viser, arrangement, orkester, kor, solist, tenor; men dette er gjort for å skildre kjensla for naturen, for avslutninga på dette diktet er slik (siste halvdel av tredje strofe):
- Ja, gje meg å somne tel sildring på taket
og synnavinds-sus gjønna hage og hegn
og vette at våren e kommen telbake
og våkne tel angen av lauv etter regn.
I diktet dreier det seg altså ikkje om romantisk draum BORT.

Kva slags instrument er dei viktige i boka, kva slags rytmar blir brukte? Alt i opningsdiktet blir trekkspelet (sølvblankt tastatur) introdusert. Og Vårvise er ein vals. I neste dikt, Sommartonen, bruker Stangnes bilete av xylofon, av mandolin og fløyte, kornett og tuba. Dette fører han kløktig poetisk vidare i dunkerytmen til ”en gammel, totaktes føringsbåt”.

Parallelt med musikk uttrykkjer dei strengt oppbygde versmåla til Stangnes ulike gammaldansrytmar, slike som folkeleg vals og særleg polstakt og det som eg i oppveksten høyrde bli omtalt som strekkbuks’-polka. Og det er viseformer med og utan omkved eller refreng som ber heile boka gjennom. Dei utmålte versmåla uttykkjer omtrent det same som viktige klassiske reidskapar i sjølivet. Det er godt gjort av forfattaren å gjere ei diktbok med hovudvekt på visetekst (utan noter og besifring) såpass leseleg og leseverdig i godstolen eller på bussen...   

Tilbake til titteldiktet: Lys langs en fjord er ein av tekstane i tredelt takt som kan fungere som valsrytme, men kan vere også noko anna enn det. Helge Stangnes går, same kva, ikkje i den vanlege fella å fylle opp verslinjene med lause keisame brokkar. Slik heiter det i femte strofe:
- Vi veit at den ætta vi kalle vår eia
i elsk og i armod har kysten bebodd
og tent sine lampe som fyrlys langs leia
tel merke førr folk som har segla og rodd
Dette er ikkje korte samanraska fraser. Teknisk er det dyktig versbinding (”enjambement”). Stangnes er opptatt av samanheng i tid og geografi. I sistelina ovafor står det ”folk som har segla og rodd”, altså noko som har gått føre seg i lange lange tider på sjøar og langs kysten. Når det gjeld mykje av produksjons-måten i dag, er Stangnes ikkje så særleg spesifikk. Men Stangnes er god på å skildre kjensler, sjølv om han i enkelte viser kan bli sentimentalt nostalgisk på vegner av fortida med folk og liv, slik at det går ut over poesien og presisjonen. Dette unngår han f.eks i visa Velkommen, pomor, fordi han tar eit aktuelt internasjonalt tema omkring 1990, perestroika i nord, og knyttar det til mellomstatleg handel og til menneskelege kjensler.



Debutboka er delt i to avdelingar, avdeling to er kalt Hortensia, og her kjem den andre sida av Helge Stangnes sitt talent tydelegare fram, humor, satire. Og med dette innslaget i tekstane kjem sikre remedium som svanedunsmadrass, vass-seng, og verksemder som Japan-eksport av måsegg.

Det er i denne avdelinga at den slags overvekt på vals, som eg alt har skildra, blir flytta til overvekt på beinare polka. Her kjem også det topografiske meire fram med personnamn og stadnamn og ulikskapar, løglege skruvar og anna folk (slik Olav Duun kalte si folkelivsskildring).

Ikkje meg imot. Denne andre avdelinga i debutboka utviklar han vidare på avdeling Klænning med god lokalitet for diktsamling nr 2, Landet og Lyset, som kom i 1996. Eg går litt fort fram her, men eg skal sitere eit heilt dikt frå denne boka, eit dikt der Stangnes koblar humoren til naturskildring og kunnskap. Diktet heiter, med eit nylagd ord, Fantarktisk:
Hør, tejnna e kommen,
ho kom her i går,
det e vesst den same
kvert einaste år,
no driv ho og skråle
og vænge seg verre
og jævles med mås’n
om reirplass på skjærre

Kan du fatte det derre?

Eg meine: Det e’kje
førr menigmanns hau
ka angår distanse
og flyging og sjau
å skjønne: at føst
stryk ho heilt tel Antarktis,
og så kjem ho hit
førr å verpe – i Arktis

Det e jo fantarktisk!
Oppsummeringsvis knyter ikkje Helge Stangnes seg til den mykje eldre Øverland-trdisjonen i norsk metrisk lyrikk, ein tradisjon med svært få danseviser. Nei, Stangnes knyter seg heller til den yngre og ikkje utprøvde Prøysen-tradisjonen med mange danseviser. Denne siste tradisjonen er ingen metrisk snarveg til resultat, og det meir ”lettbeinte” krev mykje ordteknikk. F.eks opererer Stangnes i debutboka med fleire viser i 4/4-dels takt, som få forfattarar kan, eg nemner desse to visene: Huset hans Henrik (s 31) og Hortensia (s 42).

Helge Stangnes si bok nr 3 og førebels siste bokutgjeving, Frø i vind, har eg ikkje så mykje å seie om. Og ”frøet” i denne samanhengen, det er visene til Stangnes, ”kverdags-ord” er innhaldet, står det å lese i tittel-diktet. Men det er uvisst, seier diktet, om det finst jord for desse frøa. (Her er vi inne på trend-spørsmålet til Kuiper.)

Svar:
Det er den gamle patriotiske ”bluesen” som blir sungi rundt det ganske landet, der det er bygdevegar; frå Levangsheia, til Herdla, til Hamn på Senja, sungi i ei kjend innarbeida og variert viseform. Slikt stadig overskot, slik syssel, kallar på kreftene, dei gode kreftene i sommarnaturen, i fuglelivet, dei friske lydane, dei lystige folkeinstrumenta, kanskje med gammaldansrytmar, med folkereligionen og det som er vakkert for auge, men enda vakrare for øyret og luktesansen, ein spøk med sensualitet, til dels med ramsalt replikk.

Dette er ein laaaaangvarig trend. Men når utkantstroka ein eller annan gong møter nye investeringar, kjem det inn nye tonar og ny ravande realisme, eventuelt ein heilt ny utanlandsk trendkultur, inn, dermed flyttar den gamle bluesen ut og finn seg ein annan fjordarm, ei anna øy med eller utan kostbart brusamband.

Lyrikaren Helge Stangnes er meisteren i den populæraste viseforma. Han er handtverkaren i den korte setninga som høver til metrisk verslinje. Stangnes høgg det som finst i munnleg ordbruk. Men det kan kanskje bli ein trend på dette hundretalet at Stangnes sine kunnskapar om fast metrisk versmål blir fanga opp av andre? Ein annan namnebror av meg, Helge Torvund, si bråe barokke bok av året kan kanskje tyde på det. Når Bjarne Brøndbo syng med Bonnie Tyler, når Inger Lise Rypdal syng med Ole Paus og når Ulf Risnes syng med Anita Skorgan, kan vel eg skrive om Helge Stangnes?




Da avisa Dag og Tid tok del i «retro»-debatten, blei eit dikt av Helge Stangnes brukt som døme på retrodikt. Her er artikkelkommentaren min .




Ps 8/10-09: Alle tre diktbøkene til Stangnes kom i enda eit nytt opplag no i 2009!