Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Jan Erik Vold og Jan Erik Vold

Publisert 2006-09-01 16:15:56, sist endret 2015-11-25 10:11:21

Jan Erik Vold og Jan Erik Vold

Yngre Jan Erik Vold, på USA-jobb
Det blir ein varm sein september i 1999, delvis med flaumfåre. Eg ser ut på roleg oljeblankt vatn på Bærøy-fjorden ein augneblink. Såg Jan Erik Vold på skjermen gle seg over Georg Johannesens «gjenkomst» med Ars Vivendi - over ein 1959-forfattar som prega heile generasjonen, heile sekstitalet i Noreg og dei som var da og som er middelaldrande og sindige og blitt rekneskapspliktige nå. Jan Erik Vold sit ved sida av Johannesen. Jan Erik Vold beherskar og bruker moderne media.
Dette var byrjinga på ein artikkel som eg skreiv etter Flisa-seminaret våren 1999 til boka med same tittel som artikkelen. Før eg held fram med artikkelen min, som ikkje er retta på i etterkant, vil eg peike på at det er skjedd ein del utover 2000-talet med synet i Noreg på Jan Erik Vold og diktinga hans. Dette har noko saman-heng med ei generell attervending til kunstsyn og praksis frå 1960-åra. Men eg djupar ikkje dette ut, akkurat her, bortsett frå berre å seie at vendinga er stor og internasjonal. Vel. Tilbake da til 1999:

I Aftenposten skriv Ingunn Økland om Volds siste og tredje fortenstfulle utgjeving og fortolking av Gunvor Hofmo, norsk etterkrigslyrikar. Det er dikt funni av Vold, skrivi av Gunvor Hofmo i 1950-åra det er snakk om, dikt altså heller tidleg i hennar syklus. For oss seinare tilkomne høyrer Jan Erik Vold sjølv til ein mykje yngre generasjon. Men han såg bakover på denne føregåande generasjonen da han var med i tidsskriftet Profil, og han følgde stadig opp etter det. Sjølv blir han seksti år om tre veker. Og tida nærmar seg vel når uro-momentet i litteraturen, Jan Erik Vold, for sin del skal plasserast som forfattar, plasserast som noko meir stødig og sikkert enn «den unge og eksperimentelle».

Våren 1999 kom det endeleg eit Vold-seminar i Noreg. Og der var eg, saman med svært mange gymnas-pedagogar, men med påfallande lite forskarar og forfattarar til stades. Eg blei nysgjerrig, derfor drog eg også og høyrde på deltakinga hans på Sigrid Undset-dagane i Lillehammer juni 1999 rundt emnet dikt og krig, eller var det snarare det meir vage «eksilomgrepet i fredstid» det sto om? Under foredraget til Vold blei han skulda for å ikkje nemne Kosova. På opplesingskvelden, kvelden etter, for eit stort publikum og med fleire deltakande nordisk kjende forfattarar (Gøran Sonnevi og Pia Tafdrup) las Vold eigne dikt, mellom anna frå «Ikke», fleire om Bosnia/Balkan. Og heilt aleine om emnet krig var han på opplesningskvelden, slik iallfall eg kunne oppfatte det der eg sat, og vel publikumet elles òg.

På veg til Vold-seminaret på Flisa tenkte eg: Ingen har så mykje felles med Bjørnson som Vold. Ei kort stund trudde vi jo det var Edvard Hoem som var Bjørnson, men det var feil. Skandinavistar, tenkte eg om Bjørn-son og Vold. Snille og hjelpsame, tenkte eg absolutt, og folkeopplysarar begge. Politiske, musikalske, muskuløse, tenkte eg. Personar som Vold og Bjørnson vil vanskelig kunne få nokon definitiv og trygg plass i den strenge litteraturhistoria, den strengt skriftorienterte og firkanta litteraturhistoria blir for trong. Men dei vil bli elska, slike fargerike forfattarar som Vold og Bjørnson. Og det synest eg er bra.

På benken bak meg ligg diktsamlinga Mor Godhjertas glade versjon.Ja frå 1968 og IKKE. Skillingstrykk fra nittitallet. Lenger borte, på sofaen, ligg Bjørnson-biografien frå i år, som eg fekk i fødselsdagsgåve i august og har begynt å lese i med noko stigande undring, naivt eller ikkje, over omfanget av kampen på alle plan som forfattaren fører. Mykje klarer han, og enda mykje meir prøver han på utan hell.1)

Eg minnest godt at forfattaren Jan Kjærstad i eit avis-essay i vår, der han forklårer ein diktar sin rett til å la vere å meine noko om Kosova, hevda at Wergeland og Bjørnson hadde ei meir allestadsverande oppgåve enn Kjærstad og oss andre som lever i dag.2) Det står slik enkelt hos Kjærstad, utan analyse av Bjørnson eller Wergeland sine gjeremål. Korleis kan dette henge saman?

Vold er meir som ein Bjørnson, tenkjer eg. Og forfattarar og forskarar i dag meiner at han gjer det lett for seg, Vold. Vold er blitt overvurdert, blir det oppdaga i 1990 ved ein enquete for norske lyrikarar.3) Det ligg i saka sin natur at ein så framfusen forfattar som Jan Erik Vold vil kjennast overvurdert av dei mange kollegaene. Overraskande om det motsette hadde kommi fram. Likevel. Saka er heller den at forskarane, dei som det står på, ikkje vurderer Vold eller lyrikken elles for den del. Sjå Volds Poetisk praksis (side 232), der han i ein enquete frå 1977 om norske forfattarar gjennomfører det same resonnementet: «Når det gjelder bøker er det ikke overvurdering/undervurdering jeg savner, men vurdering.»

Noko er skrivi om lyrikken sidan 1965. Men dei få som prøvde å skrive om Vold, stykka opp heile Vold utan å trekke saman. Eg vil derfor føre og delvis prøve ut fem hypotesar om heilskapen i forfattarskapen:



1. Jazz-kisen

Det var i jazzen det begynte, og det kan vere freistande å ta utgangspunkt i jazzen. I Noreg er Vold jazzen eller jazzen sitt menneskelege andlet.

«Mellom Samuel Beckett og Lester Young» er ein mellomtittel på Vold i litteraturhistoria til Øystein Rottem. Samuel Beckett er ein av Volds største inspiratorar og førebilete. Greit nok. Lester Young er tenorsaxen straks på topp kunstnarleg frå 1936 i den store swing-epoken. Jan Erik Vold skulle med andre ord vere plassert på strekninga mellom litteraturen og jazzen. Eg ville gått nærare inn i materien og sett Vold som jazz&lyrikk i Noreg, sjølve den norske avleggjaren av «jazz&poetry» eller like gjerne verkeleggjøringa av denne opphavleg amerikanske litterære retninga. Ingen andre forfattarar bruker jazz-musikarane så vedvarande.Tenk på Volds nære samarbeid med bop-pianisten Egil Kapstad sidan midten av 1980-åra. Vold er jazz og lyrikk, ikkje nokon slags mellomting. For den del kunne mellomtittelen vori: «I Samuel Beckett og Miles Davis». Miles Davis (1926- 1991) var amerikansk førande bop-musikar, som seinare var innom cool-jazzen forutan fleire andre retningar og sjangrar.4)

Eller for å vere enda meir spesifikke: Vold blei kopla til Jan Garbarek i 1969, norsk tenorsaksofonist inspirert av etter-bopen og John Coltrane (1926-1967). Men for all del: Alle som liker jazz, repekterer nyskaparen Lester Young, mannen som Rottem trekker ut kanskje på grunn av Volds dikt om Billie Holiday i Lester Youngs gravferd eller på grunn av andre Vold-dikt, der Lester Young er med. Det er ikkje det. Og stilartane i jazzen eksisterer side om side i etterkrigstida, slik skal det vere. Men jamfør heller Lester Young (1909-59) med Bjørnsonforskaren Francis Bull i generasjon, slik poeten sjølv gjør i diktet «Sveve sveve - Francis og Jan Erik». Dei har same slags hatt. Young og Bull er begge hovudbjelkar. Eller for å seie det slik: «Lady» Billie Holiday er blitt legendarisk innom det jazzvokale, alle kjenner røysta hennar. Lady Diana var legenden mellom dei «kongelege». Lester Young er, med hornet sitt, som ein tvillingbror musikalsk til Billie Holiday. Jan Erik Vold er ikkje annleis enn andre jazzkisar. Han femner om det klassisk originale, samtidig som han orienterer seg i tida og i breidda.

Her handsamar vi ikkje kva-slags-lyrikk-som-helst kopla til musikk, men om jazzmiljøet sitt eige vokabular. Jamfør Volds dikt «Funny», der eg tolkar tittelen som ein del av jazzslangen.5) Vi snakkar også om jazzmiljøet si coole innstilling, ei slags storbyaktig utvikla livsinnstilling, tydeleg formulert mange plassar i Volds nemnde diktsamling frå 1968, der «Funny» er med i «Tredje bok». Konklusjonen på unnfanginga hans i «Funny» er «Sorry, brødre». Og «Sorry, brødre» som eksistensiell konklusjon er dobbelt coolt.

Vidare snakkar vi om bop-miljøet si form for politisk opprør, skjematisk uttrykt ved at der smokingkledde swingmusikarar underheldt det betalande kvite publikummet, gjekk bopmusikarane til sine eigne folk, altså eit svart publikum, og spela gjerne med ryggen til, eller med solbriller på, provoserande for somme, solidarisk for andre. På liknande vis kan vi sjå Jan Erik Volds bruk av lyrikken når han sprenger ulike grenser som andre har sett opp for diktarspråket, går til eit nytt publikum. Det finst fellestrekk i ideologien mellom lyrikaren og jazzen, ikkje berre utvendige og meir tilfeldige berøringspunkt som det å opptre på same scenegolv - eller ein generelt talespråkleg mal - eller eit alminneleg felleskap mellom lyrikkspråk og musikalske tonar. Det finst eit større fellestrekk.

Vi snakkar om ein amerikansk krig mot Vietnam, mange av soldatane skulle rekrutterast mellom desse som ikkje hadde amerikanske borgarrettar, nemleg dei amerikanske negrane. Jan Erik Vold følgde Vietnam-krigen med dikt og prosa månad for månad mellom juni 65, da amerikanarane begynte å sende inn mange nye soldatar i krigen, og til februar 67, når så Vold skriv sitt avsluttande forslag «HEI JOHNSON» til den amerikanske presidenten og vil gjere ein avtale om å stogge krigen.

I Noreg blei Vietnam-krigen ein kvassare vekkar frå og med 1965. Vi snakkar om eit lite land, både i krigssamanheng og for så vidt i jazzsamanheng. Jamført med Sverige, Danmark, Frankrike, Tsjekkia og USA var den heimlege tradisjonen veik. I 1950-åra og 1960-åra var det norske jazz-miljøet ørlite, om enn veksande. Det er naturleg å sjå Jan Erik Vold i dette veksande miljøet. Det er nødvendig for han å vende seg utover til Sverige og USA når han kjem frå denne veslebroren av eit jazzmiljø.

Den unge litterære stammen i Noreg rundt 65/66 orienterer seg internasjonalt. Jan Erik Vold blir den mest internasjonalt orienterte i generasjonen sin alt i alt, både på grunn av valet av litterær form og heile si personlege moderne innstilling. Han ser Noreg frå standplass i utlandet, frå sine studieopphald i Uppsala og Santa Barbara og tener Noreg like bra etter flytting til den svenske hovudstaden, og dessutan opererer han frå si faste forankring i jazzmiljøet, som er internasjonalt i seg sjølv.

Jan Erik Vold kom inn i Oslo Jazz Circle som medlem og «digger» rundt midten av 50-åra.6) Altså kjende Jan Erik Vold jazzmusikarar og miljøet i ca 20 år før han deltok som redaktør av boka Jazz i Norge i 1975 saman med Olav Angell og Einar Økland.

Sjølv framførte han poesi til jazz første gong i 1966. Men det første han skreiv offentleg, var avisartiklar med utgangspunkt i jazz. Dette var i åra 1957-64, da han skreiv på Dagbladet si musikkside og etterkvart blei fast jazz-meldar.7) Eit par av desse artiklane er tekne med i Entusiastiske essays frå 1976. Han las det lange permutasjonsdiktet sitt blikket første gong på Club 7 hausten 1965, utan å tenke på seg sjølv som «trommeslagar» med diktet, slik Walter Baumgartner i ettertid har gjort det og forska på.8) Dermed har vi teikna omrisset, både fått med opplagte tilhøve og erkjende atterhald.

Dette får bli den første hypotesen: Vold høyrer til i jazzmiljøet. Vold tilfører det norske diktspråket element frå jazzen. Han fører retninga jazz&poetry heilt fram. Sjølvsagt er ikkje poeten teikna ferdig med denne karakteristikken. Men Volds eigentlege tilhøve til musikken er ikkje blitt framstilt. Eg vil spesielt nemne forskinga til sveitsiske Walter Baumgartner når det gjeld Vold og jazz.



2. Mediemannen

Eg nemnde poeten og media. Jan Erik Volds innstilling er ikkje forsiktige forsøk, men medviten bruk frå første stund, jobbing og jobbing og oppfølgjing. Slik jobbar f.eks. journalistar. Tidleg klår over sitt medium er han. Alt før han debuterer, skriv han om programmet sitt (vårt). Og han held fast på satsinga. Andre diktarar har hatt, eller har utvikla, eit liknande sterkt tilhøve til media. Og Prøysen og Bjørnson hadde sosiale utgangspunkt svarande til Volds. Skjematisk vil eg skissere utgangspunktet deira slik:

Bjørnson hadde bondereisinga og den sterkt radikaliserte borgarskapen, Prøysen arbeidarane og husmennene og kvinnene, Vold hadde ungdommen og andre usynleggjorte grupper. Kort kan ein seie: Dei er alle tre med på utvidinga av humanismen og med på ei gradvis utvikling av nasjonen til det gamlelandet vårt er blitt.

Når det gjeld media hadde Bjørnson basis i ei avis, det same hadde Prøysen og det same hadde Vold. Bjørnson brukte massemøte, Prøysen brukte radio og grammofonplater, Vold bruker TV og CD. Bjørnsons musikarar var Nordraak og Grieg, Prøysens var heile alfabetet frå Amdahl, Bye, Crannar og så bortetter. Volds musikarar er jazzmusikarar i Noreg, Sverige og USA. Poesi og media heile vegen. Her er lett å finne parallellar. I jamføringa vår kunne vi like så godt brukt Wergeland, ein diktar som Vold identifiserer seg med og som kanskje står enda nærare Vold etter kvart som tida går.

Vold må ikkje jamførast for mykje med det ukjende geniale skrivebordsskuffe-produktet som slektningar av den arme slusken oppdagar etter at den bleike, sjuke ynglingen er avliden. Vold må jamførast med Prøysen og Bjørnson og Wergeland når vi tenker på nytta av media. Dei same motførestillingane mot Volds praksis har vorti framsette mot Bjørnson og Prøysen og Wergeland før. He’s funny that way.

Den skepsisen Vold blei møtt med fordi han utnyttar TV-sjangeren, slapp Einar Gerhardsen eller Francis Bull eller Louis Armstrong når dei strålte i ruta.

«Den synlege poeten» blei han kalla i ein brosjyre til Flisa-seminaret. «Synleg» er ein riktig karakteristikk når det gjeld sjølve stemma og kroppen og håret. Vi kan konstatere det synlege når det gjeld fliden hans og sansen for poesien og poetar. Men «synleg» er ikkje særleg godt dokumentert når det gjeld norsk kritikk si oppfatning og vurdering av diktaren. Ingen forfattarar har blitt så ofte refusert og så ofte slakta i Noreg når det gjeld enkeltdikt og til dels slakta når det gjeld heile diktverk.9) Mange opphavleg refuserte dikt til avisene blei seinare av Volds mest populære, f.eks. «kulturuke», «Tale for loffen», «Funny». Sjå også endelause «uforståande» meldingar i rike Aftenposten av avisa sine faste medarbeidarar opp igjennom åra eller sjå Dagbladets ambivalens frå Paal Brekke over Jan Jacob Tønseth til Øystein Rottem. Sjå dette på internett. Det forfattaren har oppnådd og vunni, er å bli rikeleg representert i litterære antologiar og læreverk, og han er blitt soleklårt representert i litteraturhistoriske oversiktar over poesien i 1960-åra.

Også mange åtak på artiklane hans og poesisynet hans er kommi. Jamfør debatten på venstresida lenge etter Volds «Det norske syndromet» (1980), og jamfør Jahn Thons kraftige kritikk av Volds «Poetisk praksis» i 1990.10) Slik har det ofte storma rundt Vold. Eller så har dette hendt: Mange av dei gjentatte påstandane til Vold om litteraturen/kritikken i Noreg har passert meir eller mindre velviljug ukommenterte, nesten som om påstandane hans aldri blei sette fram. Sjølv avviste han overfor meg under Flisa-seminaret at han skulle vere synleg som poet i 1999. Kven blir overraska over avvisinga hans?

Eg merkar vanskane som f.eks. avisjournalistar stadig har med å skildre personen, eller poeten, når dei skal introdusere Vold. Det manglar ikkje på fargerike bilete av mannen eller eksempel på kjende enkeltdikt å vise til. Nokre av vanskane er almenne: Å skildre ein poet er vanskeleg. Det er poeten som skildrar. Det er poeten som skildrar deg. Ikkje omvendt. Vidare: I forsøket mitt på diktarportrett merka eg at resonnementet er den beste forma, alt anna blir for veikt. Dette seier meg at emnet Vold er hardare enn vi har ammunisjon til. Poeten Vold er venteleg eit viktig element i sjølve tida etter 1965, og historisk er denne tida ikkje særleg erkjend. Forstår vi Vold, forstår vi også tida.

Media er ein viktig del av resonnementet mitt. Og det er få diktarar gitt å kunne bruke media så metodisk og effektfullt som denne eine norske poeten har kunna. Sjølv om fleire skulle finne på å prøve, trur eg dei fekk eit slit. I Noreg burde vi akseptere Jan Erik Vold som ein solid og gammaldags mediamann i meininga god og gammaldags. Det er mange ting å lære av korleis han turnerer folkeopplysning.

Mediabruken heng også saman med jazzmusikken og det å livnære frie musikarar. Det kan verke rart å sjå poeten vasse rundt med tunge stålkoffertar fulle av skiver, kassettar og bøker som han sel til publikum, men dette forretningsmessige er ein føresetnad for poetry&jazz. Vidare har Vold ei spesiell familiær oppfostring i journalistikken. Da snakkar vi om tradisjonell vaken og radikal journalistikk, ein journalistikk ikkje minst mot fascismen på 1930-talet og McCarthyismen på 1950-talet. Eg hugsar godt den personlege men slåande og enkle stilen til Ragnar Vold i det gamle Dagbladet.

Utan media-aksjonane sine kunne Jan Erik Vold lite ha utretta for poesien i høve til det han faktisk har greidd og som blir alminneleg notert og rost. Jamfør innstillinga til Nordisk Råds litteraturpris for essaysamlinga «Storytellers» for snart eit år sidan.

Vold er ekstremt interessert i å nå fram til mange i sakprosaen. Dette mediet er først og fremst folkeopplysning. Det ser ein straks i avisartiklane hans. Og han køyrer vidare - uavhengig av nyare trendar og dominerande akademiske retningar. Frå første stund er Vold nøye med kjeldene og dokumentasjonen. Mange av dikta, f.eks. i Mor Godhjerta, er utprega dialogiske, poeten drøftar. Det same gjer prosaisten.

Stutt sagt: Det er altså kamp gjennom poesi og folkeopplysning som er Volds faste ambisjon. Og han har utvikla det dialogiske Noreg.



3. Professorane.

Vold er heile tida imot akademismen og set tidleg søkelyset på universitetet. Dette gjer eg til eit mindre punkt i resonnementet.

I Profil 1962 siterer Vold den amerikanske kritikaren og lyrikaren Kenneth Rexroth: «Det gjelder å få lyrikken ut av hendene på professorene og ut av hendene på dem som ikke har noen sans for slikt («the squares»). Dersom vi kan bringe diktingen ut til nasjonen, kan den bli skapende. Homer, eller den karen som sa fram Beowulf, drev show business. Vi ønsker rett og slett å gjøre lyrikken til en del av show business.»11) Her er minst tre interessante punkt for påstandane mine om Vold: «...lyrikken ut av hendene på professorane...» og «... ut til nasjonen...» og «...Homer...dreiv show business.» Volds artikkel har tittelen: «Poesi og jazz - et spennende møte mellom to kunstarter».

På denne tida hadde Vold kanskje ikkje gjort Rexroths ord til noko slags fast utgangspunkt for seg sjølv og aller minst noka litterær livsoppgåve for seg. Men ser vi på heile Volds arbeid gjennom førti år, kan vi spørje: Kven elles ville vi tillagt rolla å drive «lyrikken ut av hendene på professorane» enn Vold? Og ut til nasjonen? Eller lyrikk som show business?

Vold studerte ved fleire universitet i åra 1960 til 1966, ikkje berre filologi, men han var også så vidt innom matematikk og filosofi. Så det er ikkje det. Han veit kva eit Universitet er. Men han må ha blitt svært skuffa over universiteta, om ikkje i 1960-åra først og fremst, så i ettertid. I dag treng ein vel ikkje rive den nye lyrikken ut av hendene på professorane. Dei har ikkje lyrikk i hendene, ikkje slik Vold har det. Derfor klagar Jan Erik Vold professorane for teneste-forsøming.12)

Det gjensidige motsetningstilhøvet mellom partane ligg i at poeten er vanskeleg å handtere for filologane, som anten ikkje kjenner jazz eller showbusiness eller media eller politikk eller for den saks skyld det litterære. Slik vi har sett, ligg kritikken av det akademiske alt i retninga Jazz&poetry.



4. Toleransen

Jan Erik Vold har mykje som utfordrar norsk førmodernistisk lyrikk-tradisjon. Til no har eg nemnd jazzbruken, mediabruken og det direkte. Eg finn det vanskelegare å ringe inn det fjerde og siste punktet i analysen min. Eit stikkord kan vere: menneskesyn eller toleranse. Desse orda legg seg ikkje så godt til rette i språket mitt, men eg set likevel fram hypotesen.

Tenk igjen på «Funny», diktet. Open om unnfanging og fødsel er han i «Funny», open om sex er han i delar av Mor Godhjerta så vel som i kykelipi. Open om familie som litterært tema er han. Både religion og lyrikk dreier seg om kvinnesyn og om sexsyn meir enn vi vanlegvis vil vere klår over. Ein moderne mann, kunne eg bruke som ei overskrift for Jan Erik Vold. Eg snakkar om mann som litterært tema.13) Sjølv har han brukt ein tittel som peikar, om modernismen sin tidlege representant i Noreg, Sigbjørn Obstfelder. Vold formulerer seg slik: «Sigbjørn Obstfelder, et moderne menneske».

Sigbjørn Obstfelders forfattarskap er eit gjengangartema hos Vold. Det hender at Vold reagerer på Olaf Bull, Arnulf Øverland og Paal Brekke. Det lukka fobiske. Men ikkje på Obstfelder, ikkje på folk som Sigurd Bodvar, Olav H.Hauge, Alf Prøysen og Ernst Orvil. Heller ikkje på Magli Elster, Gunvor Hofmo og Ellen Einan. Vold skaffar seg ein eigen skala som er annleis enn den skalaen det offisielle lyrikk-Noreg før Vold har brukt. Han har heile tida pressa Noreg.

Nå snakkar vi om eit tilhøve som ikkje er samlande behandla, menneskesynet i den nye lyrikken eller hos Vold. Dette tilhøvet har drukna i motsetninga modernisme/ikkje modernisme som formell vinkel og verslyrikken kontra dei frie rytmane i lyrikken. Jamfør motstanden rundt Vold og Heggelund sin store antologi Moderne norsk lyrikk frå 1985.14) Noko av skulda for tilstanden må Vold ta på eiga kappe når han har stressa det formelle einsidig og vori tilbakehalden når det gjeld å formulere menneskesynet. Men det er ikkje rart han gjekk i fella.

Ein god balanse er funni i Storytellers. Her kombinerer Vold si overlegne evne til nærlesing med historisk-biografisk metode (jfr.Francis Bulls metode) og vidare med ein dialog kring kva eg vil kalle menneskeleg breidd, ei breidd der tabua bleiknar, norske eller universelle. Alltid har Jan Erik Vold utfordra dei. I innleiinga om Gunvor Hofmo forklårer Vold: «...Mange store diktere har vanket i sjelens gråsone, der sykdom tar over og skriften lammes: Nerval, Hölderlin og Nietzsche ble oppslukt av dette limbo - Amalie Skram, Kristofer Uppdal og Olav H.Hauge kom tilbake...» Deretter fortel han usentimentalt om Hofmos prestasjon.15)

For min del gjorde eg ein bom den eine gongen eg skreiv om ei diktsamling av Vold, nemleg om Mor Godhjerta i 1968. Eg stansa ikkje ved Tredje bok, der «Funny», «Min nye blå dyne» og mange andre direkte og nyskapande antifobiske dikt står, eg hadde vel heller ikkje føresetnadene for det, ikkje da, og heller ikkje hadde dei andre sosialistane som prøvde å analysere denne ukjende og inkluderande lyrikken. Volds banebrytande dialogiske ideologi var vanskeleg å fatte. Dette er dikt nedanifrå, ikkje sjølvgode dikt, enda delar av boka under opprøret vårt på same tid i 1968 syntes meg som ein front av dikt sette opp mot sosialismen.

Ein litteraturteori tatt på ordet heng seg opp i tilsynelatande inkonsekvensar mellom Volds ulike artiklar og skiftande innfallsportar. Dommane som Vold feller, er sjeldan absolutte og bokstavtru læresetningar, men heller røynsler, delar av dei norske røynslene, anten det gjeld «syndrom» eller enderim. Vold er aldri blitt så einsidig eller sleip når det gjeld å verdsetje lyrikken, som den teoretiske kampen kunne tyde på. Dermed meiner eg ikkje han er ufeilbarleg i dommane sine eller for alltid har den sansen som alle skulle hatt. Eg trur han har eit anna utgangspunkt enn det doktrinære, eit utgangspunkt som er lite sett. Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat Vold som yter Gunvor Hofmo rettferd og opnar nye kodar til å sette pris på diktverda hennar.

Menneskesynet til Vold er ein større inngang til dei nyskapande diktverka. Dette er påstand nummer 4, som heng saman både med det tolerante i jazzmiljøet og det uakademiske. Jan Erik Vold er sterk på det å skildre vanleg ømheit - utan homofobi, utan storaktige mannlege lyriske subjekt. Dessutan er han sterk på utlufting, utlufting i eige land. Han er avantgardist og samtidig brei. Han er brei i jazzen og media, men aller breiast i toleransen og menneskesynet.



5. Versjonar i året 1966

Tilhøvet mellom bøkene hans er rimelegvis nære, sjølv om den første reaksjonen på det enkelte verket ofte har vori vantru eller sterk undring. Det må vere feil å sjå konsekvent på kvart verk for seg og dele forfattaren opp på den måten. Med tittelen Mor Godhjertas glade versjon.Ja gav han ein peikepinn om at verka var versjonar meir enn fasar eller etappar. Men det var vanskeleg å tru dette.

Da Jan Erik Vold og eg hadde eit forlag saman hausten 1966 for, blant anna, å gi ut blikket, som var refusert over alt, fekk eg sjå mange dikt hos han som kom i bokform i Mor Godhjerta to år seinare eller i kykelipi i 1969 eller i spor,snø i 1970 eller venta til BusteR brenneR i 1976. Mykje blei dikta samtidig av Vold rundt 1966. Svært mykje god lyrikk. Hugs han hadde debutert i 1965 med mellom speil og speil og ein debutantpris og alt fått godkjend HEKT for 1966. Han hadde ein plan for sju bøker. Og han fortalde meg at ein forfattar skulle ha fleire manus liggjande ferdige, så ikkje ein negativ kritikk plutseleg kunne stoppe ein og blåse ein av banen. La oss tenke på Noreg, det Noreg kan absorbere og det Noreg treng.

Samtalane våre den hausten kan samanfattast slik: Han skulle ikkje gjere revolusjon på sosialistisk vis, det snakka han ikkje om, men frigjere landet og litteraturen frå gufset frå lang fattigdom og forteiing og uorginalt kjekkaseri og sur husmannsånd og det innlærte patetiske gnålet. Og eigentleg var han aldri rabulist, heller moralist enn rabulist.16) Forlaget vårt, Kommet forlag, hadde postboks på Briskeby. Han let det eksistere i fleire år, enda vi hadde fått ein nyopna poesikanal i Pax Forlag i 1967, ved å halde postboksen open - liksom han heldt kanalen til meg open - etter at eg hadde forlatt byen - lenge etter at eg hadde fått andre vener mellom avantgarden.

Men han fekk vel ei større, eller seigare, oppgåve enn han hadde tenkt. Derfor jubileums-essaya Tydelig.33 i 1999.   




Notar
1. Aldo Keels biografi Bjørnstjerne Bjørnson, Gyldendal 1999.

2. Jan Kjærstads essay: «Fra profet til forteller». I Aftenposten 19.5. 1999.   

3. I Lyrikkvennen 2/1990 (redaktør Håvard Rem).

4. I 1988 spela Jan Erik Vold inn skiva Blåmann! Blåmann! med cool-musikaren Chet Baker (1929-88). Baker hadde gjennombrot i Gerry Mulligans kvartett 1952-53. Chet Bakers favoritt-melodi er «My funny valentine».

5. Ordet «funny» brukast i fleire jazz-refreng, til dømes i Billie Holidays refreng-variant «He’s funny that way». Ein annan ting når vi snakkar om sjargong, er at ungdommen tok over sjargongen i jazzen.

6. Samtale 2.10.1999 i Stockholm før Lidingøloppet.

7. Same korte samtale og seinare utfyllande opplysing frå Vold.

8. I foredrag på Flisa 1999.

9. Jahn Thon: Tidskriftets forståelsesformer - Profil og profilister 1959-1989. Cappelen akademisk forlag 1995. Sjå f.eks side 64 for den første Profil-tida. Alf Prøysen fekk plass i Æreslunden i Oslo, men fekk ikkje ei linje i Halvard Lies store verslære med 15 000 norske dikteksempel.   

10. Kronikk i Klassekampen av Jahn Thon 12.12.1990.

11. Profil 2/1962. Her sitert etter Jan Erik Volds Entusiastiske essays side 19. Gyldendal Fakkel 1976.

12. Henrik Wergeland ville gjort det, meiner Jan Erik Vold. Kjelde: Dagbladet 20.10.98, der Arvid Bryne intervjuar Vold.

13. Arrangøren av Flisa-seminaret opplyste at det var overraskande mange mannlege deltakarar på Vold-seminaret. I det oppfylte auditoriet var 2/3 kvinner og 1/3 menn.

14. Jf. Torben Brostrøms melding «Modernismens skæve tårn» (i danske Information 15.7.85) og Poul Borums melding «Norsk modernismes Vigelandspark» (i Dagbladet 18.6.85).

15. Stoyrtellers - en begrunnet antologi, Gyldendal 1988. Illustrert av Steffen Kverneland. Det siterte er på side 117. Eit anna poeng: Dikta i Storytellers er lesne inn på plate til jazz «og annen musikk» (=uttrykket frå side 7), på Hot Club Record, Oslo.

16. Vold er enda større moralist enn moralisten og korrupsjonsjegaren og sjelevennen AKP-aren Erling Folkvord. Kva gong Folkvord stiller til politiske val, røystar Vold på han.


Dei viktigaste kjeldene er Jan Erik Volds ulike utgjevingar, det er somme konsertopplevingar eg kan bygge på, det er to seminar i 1999, ein samtale med Jan Erik Vold 2.10.99, det er tidsskriftet Profil 1966-69, eigne minner frå Kommet Forlag i 1966, og det er avisartiklar og intervju på internett hausten 1999 (Aftenpostens arkiv og Dagbladets arkiv).




Ps: Artikkelen blei altså utgjeven i 2000. Berre språkdetaljar er endra. Seinare artiklar, oversiktar og analysar finst t.d i Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon? og i Tre artiklar/essay i bokform .

Hausten 2006 har Jan Erik Volds Entusiastiske Essays (klippbok 1960-1975) kommi ut med eit etterord av Bendik Wold. BWs etterord samanliknar essaysamlinga med 16 årgangar av ei avis, trekkjer grundig fram Dagbladmiljøet med bl.a Gunnar Larsen og Johan Borgen og Jan Erik Volds far, utanriksredaktøren Ragnar Vold. Og Bendik Wold siterer klokt bl.a Georg Johannesen og Einar Økland om fenomenet Jan Erik Vold. Frå meg siterer han så frå underkapitlet i artikkelen min over, dvs. Mediemannen: «I Noreg burde vi akseptere Jan Erik Vold som ein solid og gammaldags mediamann, i meininga god og gammaldags,» skriver Helge Rykkja(...) Jeg vil uttrykke det enda enklere: JEV = avis. (Sitat slutt.) Min replikk til dette er: Ja, det med Vold og avis i vid meining kan understrekast meir enn gjort før. Etterordet til Bendik Wold aukar forståinga for kven Jan Erik Vold er og kor han har røtene sine. Men kva med jazz & poetry? (Vi stoppar der)




Ps 25/3-08:
Ein You Tube-snutt syner direktemøtet som den samansette Jan Erik Vold har med ei forsamling .






Ps 22/4-12:
Seinare, etter artikkelen over frå 1999, fekk eg i oppgåve å sjekke ut Jan Erik Vold som avantgardist . Og før denne hadde eg også skildra poeten - for det er som poet at Vold er mest avantgardist - i eit DIKT (trykt 2006). Og det vil eg seie om diktet: Det er ikkje lett å skrive eit dikt om fenomentet Jan Erik Vold. (Neppe mange fleire enn meg som har gjort det til no.) Eg jobba ei god stund før eg fann innfallsvinkelen, men visste at det skulle starte med eit eller anna om idrett...



sterke kvinner rundt domkyrkjeruinane



eg
sprang femten kilometer i Stockholm med tjue tusen og Jan Erik
Vold. Etterpå blei det måndag

eg
las eit trailerlass med politikk og møtte Jan Erik Vold midt på
haugen, opptatt med ein scooter

eg
fann tynn mann med fippskjegg på ein pickup og såg Jan Erik
Vold på veg inn Lysefjorden

eg
snakka med Noregs verneverdige sterke kvinner rundt domkyrkje-
ruinane på UNESCOs liste

Jan Erik Vold, spurde eg, og dei sterke ville svare etter at det var
passert mange campingvogner

Dei svarte: Ja, han er søt.