Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Leiting etter arbeidarlitteratur

Publisert 2006-07-08 20:51:33, sist endret 2007-01-15 12:29:55

Leiting etter arbeidarlitteratur

Foto:
Anita Mjelland, Telemarksavisa
For kort tid sidan knelte den karakteristiske bukk-krana på Tangen Verft, og etter meir sprengingsarbeid gjekk krana i bakken, slik at ein over store delar av byen kunne kjenne grunnen riste. Bukk-krana som har vori eit landemerke, blei bygd i 1966, altså for førti år sidan, på den tida da Tangen Verft konstruerte seksjonar til supertankarane på opptil 300 000 tonn.

Tidlegare i år blei Blåhallen, også den fungerte som landemerke og sjømerke, riven og fjerna. Grunnen til denne nedmonteringa er rett og slett at skipsbygging flaggar ut og skal flaggast ut av landet. Bukk-krana skal bli til spiker. Og la meg følgje dette biletet av ”oppflising”, i det følgjande som eg skriv.

For ein liten by som Kragerø er sjølvsagt eit skipsverft med fleire hundre arbeidsplassar ein hjørnesteins-bedrift. Folk som jobba på Tangen, gjorde seg gjeldande i mykje organisasjonsarbeid. Ikkje berre var folk herifrå kjerna i Jern & metall og i Landsorganisasjonen lokalt, folka på Tangen møtte ein som svært aktive og tillitsvalde i idrettslag og i kulturarbeid. Og det er organisasjon som er temaet mitt, når eg vender meg til diskusjonen i Klassekampen i sommar om arbeidarlitteratur.

Eg rekapitulerer først, svært kort: Fleire reportasjar om å sirkle inn arbeidarlitteratur har følgd etter eit tidlegare tema i litteraturdebatten, ”klassereise”, det vil seie bøker om korleis folk som kjem frå arbeidarkår gjer det i litteraturbransjen eller i akademisk lykkeleg samanheng.

Korleis leitar ein etter arbeidarlitteratur? Leitar ein etter individ, der ein kan setje grenser mellom folk - ? Er det feilaktig å leite f.eks i bokklubblitteraturen (pga lesarsegmenta der) eller å leite f.eks i kiosklitteraturen (pga manglande god litterær kvalitet)? Ikkje noko av dette er feilaktig. Men det er likevel ikkje denne vinklinga som er det mest sentrale spørsmålet når ein sirklar inn arbeidarlitteratur.

Først må ein vite kva arbeidarklassen er. Arbeidarklassen har først og fremst noko med organisering å gjere, det vil seie at arbeidarar på ulike arbeidsplassar og i ulike verksemder går saman om å krevje faglege rettar og reise politiske krav. Det finst ingen annan arbeidarklasse enn dette nokon stad på kloden.

Ein arbeidardiktar i Noreg i dag kan likeså vel vere Thorvald Steen, enda Steen ikkje var eksemplifisert gjennom KKs reportasjar, og enda Steen i det store og heile diktar kva eg vil kalle historiske romanar som går langt tilbake i tid og motiv. Ingen annan norsk forfattar er oftare med og organiserer for dagens faglege krav og demokratiske rettar og for solidaritet i det heile.


Ps: avisa Kragerø Blad Vestmar sin faste verspoet Per Apelseth var på pletten 8/7 med dette diktet (eit utdrag):
Bukkekrana på Tangen-sangen

Rundt rødfarget dinosaur
Myldret menn som maur
Under det siste verset
I den siste sangen
Om det som var
Krana på Tangen
Menneskeskapt
Lot den seg besjele
Skadeskutt motvillig
Måtte den knele
Et minne fra
Skpsbyggernes tid
Som knapt fikk plass
På et fotografi
Et landemerke var
Den høyvelbårne
Faktisk høyere enn
Jomfrulandstårnet
(...)
Er du interessert i å skaffe deg ein historisk oversikt over arbeidarskildringar, kan Arvid G.Hansens breie Arbeideren i norsk diktning, frå 1960 (Tiden), vere tenleg, t.d det innleiande oversiktskapitlet ”Arbeideren i internasjonal litteratur” - .   Ein titt på det etterfølgjande kapitlet, ”Arbeideren i norsk klassisk diktning” vil også kunne gje dei litteraturhistorisk interesserte nye innsikter og impulsar. Deretter er det berre å slå opp i boka på ulike personnamn...