Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Tørkesommar

Publisert 2018-07-29 14:23:58, sist endret 2018-07-29 14:23:58

Tørkesommar

Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix
(men ikkje ørken)



Tørka har hatt mange fasar. Dette i artikkelen er mest om dei tidlege fasane, da eg observerte ein del ting midt i juli. Vel. I byrjinga vatna vi f.eks plena annankvar kveld etter gjeldande regel. Deretter forsvann likevel mesteparten av det grøne graset bortsett frå det grøne friske på skuggesida av huset. Dette graset greier seg og lever kanskje på doggen som fell om natta (og ikkje sola tar).

Deretter kom ein hard offisiell fase: Det blei offisielt slutt på å få lov til å vatne med slange. Dei høge enkeltstråa som sto att rundt forbi, pluss nokre høge prestekragar som klarte seg saman med ekstra høg raudkløver, dette gadd eg heller ikkje slå med klippar om dei alle blei aldri så høge og nokså tørre. For: Det ville ikkje komme noko gjødsel ut av det tørre om eg let det liggje på marka no, det tørre ville berre blåse bort frå «plena», marka, med få vindkast. Og bråe vindkast finst jammen her inne i «landet» på Kalstad, merkeleg nok kjem dei, vindkast som veltar og flyttar til dels store ting.

Det har ikkje vore eit så samanhengjande solver over Kragerø som no, ikkje sidan 1997, da det var 20 gradar i sjøen like til oktober. Ny fase er vel: At vi etter kvart snakka her i landet både om fórmangel for dyra og om slakting eller nødvendig nabohjelp. Kunne ikkje bøndene i nord som har hatt eit heilt anna klima og grover, sende gras til bøndene i sør, tenkte eg (for eit par dagar sidan). I kveld på dagsrevyen sa leiar i Norsk bondelag noko av det same høgt, men forsiktig.

Tørka tyder ikkje høg temperatur. Målinga i sjøen tatt i båthuset sto på 20 gradar i går. Det er ikkje ein spesielt høg sjøtemperatur på våre kantar midt i juli. På land er det meire tørt og solrikt enn glovarmt, iallfall dei aller fleste dagane... Det er tørke vi snakkar om, ikkje tropenetter. I går kom det 20 brannar berre i Telemark. Tørke faktisk i Norden og Nord-Europa blei det omsider meldt om.

Vi er på 14. juli. 14. juli i 1789 var stormen på Bastillen, datoen blei Frankrikes nasjonaldag. På dagrevyen ser vi franske kampfly i formasjon over Paris og Champs-Élycée. Det leier meg naturleg inn på fotballen. Fotball-VM er ikkje heilt over, først i dag sto ein ikkje så viktig bronseplass att å kjempe om. Så: I morgon møtast artistane frå Frankrike mot utfordrarlaget frå Kroatia.

Laget frå Kroatia verka på meg å vere meir opptatt av å stoppe spelarane til konkurrentane i turneringa. Eg gjer unntak for Kroatias STORE spelar. (Men Frøydis og dei heldt likevel med underdog Kroatia i kampen mot England, forsto eg, fordi dei var nyleg ei fin veke for dei i Kroatia. Medan Kjartan og dei heldt med England.) Eg heier på Frankrike i morgon, på fotballen som sport og ein slags kunst for dei mange.

Her på Symra er det litt feriepreg i grenda pr no. Nærme naboar er vekke (for kortare tid). Men i byen er det fullt køyr i fellesferien, som du kanskje kan tenkje deg. Vi snakkar da om moderne turisme, om mange folk i Kragerø med mykje pengar å bruke. Det er definisjonen min. Men: Er ein tidleg oppe om morgonen og dreg til byen til dømes kl 09 som vi gjorde i går (og rett vidare til Tåtøy), så kjem ein til og får ordna det meste for seg.

Litt meir om sjøen og litt om det vakre. Vi ser mykje fint i samband med båt til og frå Tåtøy. Og der ute på øya har vi god utsikt gjennom stoveglasa mot sjø og mot sjøliv. Båtar av alle sortar. I alle retningar. Utsikta frå stova er blitt svært mykje forbetra etter ombyggjinga i 1. etasje.

For det meste har vi solgangsbris som vekslar med stille desse dagane. Blått krusa hav i relativt kort periodar, men aller mest lyst stille blankt hav. I går og i forgårs var det kant av kvitt slør på himmelen, men som det utruleg kan vere denne spesielt jamne sommaren, så er himmelen tilnærma heilt skyfri og ljos blå. Oftast oftast. Ikkje sett makan. Og det varer og varer.

Det er mykje turisme vi kan observere.

Gjennom eit langt liv i vaksen alder har eg nok følgd med på utvikinga av norsk turisme. I Kragerø er det vel ikkje mykje heilt nytt å melde om. Ikkje blitt meire av fartsfantomar! Tvert imot har ein minska ein del av fartsvanvitet ved å innføre 5 knops fartsgrense i indre område. Meir trygt og sikkert er det også blitt med innførsel av obligatorisk bruk av redningsvest og lågare promille-grense (0,5). Ein sjø og eit hav «med menneskeleg andlet» (for å bruke store ord).

I Bergen skal derimot cruiseskipa vere blitt eit stort og aukande problem. Til dømes (og særleg) på Bryggen. Uendelege køar blir det ofte ved mange fine natur- og kulturområde der vestpå. Gigantiske er cruiseskipa blitt. Kva pumpar dei ut i i sjøen? Det dei slepp ut i lufta er ikkje bra.

Bortsett frå det: Du følgde vel med på grotta i Thailand og fotballaget som blei sperra inne? Mange TV-bilete sit att på netthinna. Bileta gjer noko med mange.

Heile tida har det som skjedde i den våte grotta på grunn av monsunregnet vore ein stor kontrast for oss til tørka HER. Etter ein kald vår, regna det litt 1. mai, så kom deretter det varme og tørre mai. Midt under tørka kom det hos oss ein konsentrert styrt på 10 mm utan at det endra noko lokalt og blei raskt avløyst av vidare ny og større tørke.


Vi har gradar av lokal tørke. Det kunne regne lenger sør eller lenger nord og aust utan at vi fekk noko hos oss. (Slik det ofte skjer.) Da eg flytta frå Bergen i 1974 til Kragerø, tenkte eg jo på sola (og søkte jobb både i Bamble og Kragerø). Nokre få gonger dei siste seks vekene har yr vore inne med eit kanskje-regn utan at det blei noko, medan det regna andre stader, kom noko nyleg på Konnerud.

Det er også meldt regn hos oss på tirsdag og heile onsdag, men vi får sjå kva det blir. Også trea blir skadde. Tilsynelatande tørkar graset bort, men ikkje tre og buskar så langt. Naturen er tørr, men ikkje ein ørken. Rognebæra på det halvstore treet på tomta er tørka inn til ingen ting. Medan morellbæra på det andre treet underleg nok var ekstra store og saftige i år. Var. No er resten på trea heilt inntørka. Når august kjem - kva for ein fase er da?

Så får vi sjå korleis sommaren står seg når august set inn, og vi kan jamføre stoda med den legendariske sommaren 1947.