Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Formidling

Publisert 2017-04-24 10:18:05, sist endret 2017-05-03 15:20:56

Formidling

Vi går inn i ny diktutgjeving for å teste formidling her og no. Denne gongen til «Samlaget» si satsing... (Og eg har nyleg vore på årsmøtet i forfattarforeininga.)
Ei stadig tilbakevendande kløe i poetkroppen som skriv bøker, er formidlinga, evig og alltid formidlinga. Og av og til gjer det direkte vondt. Av og til klør det så det gjer vondt. Eg snakkar ikkje slik om berre meg som lyrikar, men om heile lauget av poetar. Ansvaret for lite eller tåkete formidling kan rettast både til forlaga og bokhandlane - pluss media - og blir også sendt til forfattarane si eiga fagrørsle. Ja, spørsmålet og ansvaret blir gjeve til desse instansane både på grunn av deira tekniske innsats og dertil deira åndelege innsats. Kva med manus-ansvarlege på forlaga, er dei med og jobbar, dei som tar imot poeten sitt manus? Tar dei ansvarlege ein frisk og gjevande diskusjon med poeten om hovudsaka i manuset? Tar dei ansvarlege opp kven som er den beste og rette adressaten til boka og får slått fast - saman - kva som er meininga med det heile. Gjennom ein open samtale og diskusjon? Vi går rett på eit dikt:


ein våt grasplen og meg
det blir herlig å gå ut på den
her luktar platanlønn

det enkle og det einsame
ikkje døy for eiga hand ikkje eige seg sjølv heilt
det lovbundne og pliktene
sørge for te og appelsinar til dei sjuke at livet kjem utanfrå

det tidlegaste vatnet om morgonen

nervane er galnare enn eg



Slik byrjar ei diktbok i 2017... Gjennom dette diktet er vi plasserte i sjuke sitt naboskap eller rett og slett inne i omsorgsbransjen. Og teksten er den første diktsida hos Asta Olivia Nordenhof. Boka blei døypt det nemme og det ensomme, i 2015, og kom ut på norsk eit par år etter; under den greie tittelen det enkle og det einsame. Desse fem orda «det enkle og det einsame» blei henta direkte frå diktet over (line fire). Gjeve ut på forlaget Samlaget.

Anna Kleiva står for gjendiktinga. Og Kleiva har affinitet (tiltrekkingskraft) til det sjølvbiografiske diktet. Det visste eg frå før: frå andre bøker. Eg startar derfor på ei slags sjølvbiografisk lesing av dikta. Og dette kan godt vere ei lesing retta imot lesar, kjenner eg, og ikkje retta imot sjanger meir eksklusivt. Tekstar retta imot ein alminneleg lesar er - i og for seg - formidling av diktarleg stoff. Ja.

Boka ser ut til å vere eit kollektivt løft, og eit løft i forlaget, sidan ho kom nesten samstundes med tre andre gjendiktingar, gjendiktingar av yngre danske forfattarar. Også det at gjendiktaren Anna Kleiva rettar takk (bakerst i boka) til ein del namngjevne personar, får meg til å tenkje på kollektivt løft. All takka lovar vel godt også for formidling.

No skal eg gå meir detaljert kritisk inn på den formidlinga som er føreut for dikta og diktteksten, og det kan vere hint og opplysningar på omslaget og på innbrettar. Ikkje fordi denne boka er dårlegare innretta enn andre aktuelle diktbøker på norsk. På ingen måte -! Men fordi eg vil prøve å rette blikket enda meir mot formidlinga enn det som er vanlegast å gjere (i bransjen) og bruker Nordenhofs utmerka gjendikta debut som eit nyttig døme for dette formålet. Så derfor let eg det stå til! Følgjande opplysningar står skrive på baksida av boka, med stor skrift og god hensikt:

«Asta Olivia Nordenhofs diktverk overskrid
dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og
person, offentleg og privat. Samstundes tar
dikta opp klassiske tema som sorg, kropp og
begjær. Det handlar om å miste foreldra sine
i ung alder, om ein far som slo, om prostitu-
sjon, om Danmarks institusjonar og politiske
oppløysing. Nordenhof gir stemme til dei i
samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde,
og vekslar suverent mellom glede, despera-
sjon, ømheit, indignasjon, humor og raseri.»

Og denne omslagsteksten kommenterer eg vidare under dei to fotoa som kjem her:


Fotoet til høgre - av Asta Olivia Nordenhof - er på omslaget av diktbok og syner mellom anna ein kvardags-situasjon med eit uryddig interiør. Og dette er eit framsidefoto i utsnitt som finst no fleire stader på Images. Jamføringsvis til venstre er det kopla på velkjende danske Tove Ditlefsen slik ho sto fram ein del år tilbake (da røyk var mote over alt). Foto til høgre: opphavleg tatt av Albert Madsen. Fotomontasjen: Litteratursiden.

Asta Olivia Nordenhofs diktverk overskrid
dei tradisjonelle skilja mellom (...)

Innbydande info på omslaget av boka, er det? Men «overskrid» i første setning, - er det ein godt signalisert akademisk frase som skremmer i staden for å opplyse? Resten av opplysningane er heldigvis klårare. Men ta «klassiske tema»: er det klassiske lyrikktema, kropp og begjær? Og for kven da? Resten av baksideteksten kjenner eg igjen frå lesinga av boka. Det er det viktigaste. Men kvifor «veksle suverent» og ikkje «operere fritt» t.d? (Er ordet suverent vendt som eit hint til andre poetar?)

På framsida av boka finst eit par korte rosande sitat frå omtalen av den danske utgjevinga. På innbretten fire sitat til; det er enda kortare klipp og sterkt rosande konklusjonar! Det hadde vore enda betre med også valet av eit noko lengre samanhengande utsnitt, tenkjer eg. Samanlagt signaliserer (den danske) reklamen, på så vel omslag som innbrett, at boka er kritikarroste dikt, og dertil roste av dei STORE kritikarnamna og avisene i dansk litterært liv; fem av seks namn er elles mannlege kritikarnamn.

Konklusjon: Kva er verknaden samanlagt. Poesien kanskje heva over lesaren? Kan det vere så ille? Trass i gode ansatsar hos Samlaget til å møte lesaren, finst det både i dette forlaget og elles i forlaga potensial for betre formidling i sjangren lyrikk innafor gjerda i forlaga. Like viktig som det god layout og rettskriving kan vere for publikasjonen, blir folkelege forklåringar (=godt språk) som kan plasserast og finnast ved dørene til diktteksten. (Det er ikkje spesielt passande med tre ord der og det eine ordet er «fantastisk».)



Ja, ein kritiserte Tove Ditlefsen i si tid for å vere altfor populær. Det gjorde litteraturkritikarane. Poeten Tove skulle vere for tradisjonell, for folkeleg og enkel, noko som likevel berre var hovmod og dumskap. Ho var flinkare enn det, Tove Ditlefsen. Vi veit meir og meir om dette no.