Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Harrykongane 

Publisert 2018-06-20 12:21:47, sist endret 2018-06-28 17:12:08

Harrykongane

Foto: Telemarksavisa i mars dette året.
Kjære nære lesar,

Eg lovte deg usminka rapport om ekte harrytur. Men med pc-maskina fekk eg dessverre tekniske vanskar, og eg budde meg på å skrive til deg med penn, rett og slett; men så var da iallfall epost-fila mi i stand, slik at eg forsto at eg kunne sende fiktivt eit brev til meg sjølv og ta utskrift frå fila «sendt» og leggje i konvolutt på post-i-butikk til deg (som aldri bruker epost).

Harryturen vår sist måndag var min aller første harrytur, eg har knapt vore i nærleiken før denne debuten, eg reknar da ikkje med t.d charterturar til Syden og slikt. Som eksponent - er eg typen som var ein edrueleg nær folkevald og handlar mat og klede for det meste i heimkommunen og drit i nokre kroner skilnad på pris... Men sant å seie har eg masa på Aud fleire gonger om at vi burde ta ein harrytur, slik at eg fekk opplevd det på kroppen, betre seint enn aldri. Eg har vore nysgjerrig på det. Men Aud har dratt på det. Ho liker ikkje så godt lange bilturar etter kvart som vi dreg på åra. Og vi har ikkje sjeldan tatt «bussekspressen» til Drammen eller Oslo etter at vi begge blei pensjonistar eller «seniorar» (som det heiter på bussen); iallfall tyder stikk-ord «pensjonist» billig nok busspris for oss to. Så kan vi heller begge slappe av på setene, meir eller mindre, frå fordelinga vår som er både ho som einaste sjåfør av oss og eg som einaste skilt- og kartlesar, og beste kartlesar såleis når eg er godt tent på oppgåva.

Til slutt kom det da ut at eg ønska meg harrytur; det var jo ikkje noko svært hemmeleg heller. Og Auds Elin og Bjørn Vidar la frampå om at vi skulle ta ein fellestur, vi fire, med 1 bil. Der var vår Toyota Verso sjølv-skriven, på grunn av 5 seter + 2 ekstraseter, som ein høveleg handlebil. Bjørn Vidar var sjukmeldt veka som var, etter ein operasjon, men likevel meir enn god nok til å køyre. Ferje skulle gå frå Sandefjord kl 10.00 med oppmøte på kai alt kl 09.00. Så Aud og eg var oppe kl seks og ordna oss og henta Elin og Bjørn Vidar heime hos dei i Sannidal, der BV tok over rattet heilt i det vidare. Han er køyreglad av dei mest glade. Og så var vi i gang. Bamble, Porsgrunn, Larvik, Sandefjord. Han BV kunne vegar og filar som si eiga bukselomme. Turen gjekk som fot i hose. Og Elin hadde skaffa gratis ferjebillettar til oss alle fire.

Medan vi sat parkert i bilkøen som blei større og større, blei vi avkrevd pass og billettar. Kontrolløren sjekka om opplysningar på billettane samsvarte med tilsvarande i passet og gjorde det med humør. Vi var så heldige å komme på høgt bildekk, det gav oss kort gangveg til/frå restaurant og taxfree. Vel inne i ferja sin restaurant i 6. etasje, stilte vi oss i kø for å få buffet. Vi betalte her og fekk bord - nr 302 - med god sjøutsikt og kort distanse til buffeten. (Den uendeleg runde allsidige buffeten.) No kunne vi slappe av og kose oss. Vi koste oss også fordi stemninga der var avslappa blant harryfolket. Harryfolk er ikkje ville i blikket, men heller rolege og høflege fordi dei veit kva dei får og veit kva som skjer og ikkje skjer. Det vil seie «Alle får» eller noko slikt. Det blir få store overraskingar for dei som er budde.

Vi hadde bord 302 under heile overfarten. Fordelen med å vere fire personar er at somme kan passe på sakene medan andre handlar i taxfree-en ein etasje opp eller gjer andre ting. Det var inga sak å finne fram til kvota og få betalt og ta ho med seg. Colorline kan sine saker, og selskapet taper ikkje pengar, men tener milliardar. Etter at vi kom greit i land i Sverige, i Strømstad hamn, til eit land som ikkje var ulikt gamle Noreg, søkte vi oss til Nordby kjøpesenter. Der vi skulle ha god tid til handel. Og det fekk vi. Og vi var gode og mette og eigentleg i godlage etter ferjeturen over.

*

Planen her var klesbutikkar. Prisane verka rimelege pga svenske kroner og nedsett pris. Alt låg nok til rette, kanskje. Aud har ønska seg ein dunfrakk ei tid no. Og såg etter denne i uhorveleg mange klesbutikkar, men anten var frakken for liten eller for stor. Til slutt samla vi oss om ønsket hennar og fann fram til ein dunfrakk som egentleg var midt i blinken. Men ho veik unna pga raudfargen som kunne minne litt om vin, medan ho såg (hadde sett) etter mørke blå og svarte frakkar. Storleiken var mindre slaskete enn dei ho trudde ho passa best i. Dessutan forklårte seljaren at dunfrakken var særleg lett å rulle saman og presse til lite volum (a la ein mindre paraply). Dunfrakken er no pakka inn som julegåve frå meg til henne. Sjølv kjøpte eg ei grå jakke med glidelås, til å ha under yttertøy om vinteren. Og unngjekk svart eller blå farge, som eg alt har skaffa meg eller fått. Gråjakka vil liggje under treet i Bergen, når eg feirar julekvelden (med barnebarn der) som gåve frå Aud til meg. Aud har tidlegare kjøpt eit magnetteppe til å plassere under stretch-laken i senga hos oss begge i Symreveien, og desse er også blitt julegåve for oss, for oss begge. Aud kjøpte det på ein tur med foreininga si. Men dette er ei heilt anna soge.

Eg visste at Kjartan ønska seg tynn ullundertrøye til å ha på vintertrening ute. Eit perfekt juleønske. Og dette fann eg fort fram til på Nordby, ei i relativt lys farge. Og tøyeleg. Og til Malin, som også har byrja å trene etter eit lengre opphald, kjøpte eg noko liknande frå Aud og meg, men i ein mørkare og meir elegant farge som toler tillegg av sveitte. Eg tok sjansen med kaldt blod. Dei skal feire i Kragerø, Malin og gutane, og eg treffer dei 3. juledag. Det var eigentleg eg som klarte å halde hovudet relativt kaldt på kjøpesenter Nordby. For det er veldig lett der å vase rundt frå butikk til butikk utan å få noko heilt i boks anna enn teljesteg på mobil eller klokke. Elin og Bjørn Vidar var på denne harryturen vår av andre grunnar enn kleskjøp til seg sjølve. (Elin har fått kjøpt seg ny og moderne allsidig symaskin nyleg, så ho kan ta opp noko av syarven etter mora. Symaskin er slett ikkje gratis.) Aud var også litt prega av forkjøling på harryturen, det kjem eg tilbake til frå Svinesund. Men vi såg ingenting til ville skjærtorsdags-tilstandar, som alle har høyrt om via TV.

Vi sette oss i bil att og køyrde nordover mot Svinesund like ved grensa. Bjørn Vidar kunne ruta overalt og fortalte oss at han trudde Olav Thon hadde kjøpt opp kjøpesentret der. (Eg sjekka på google etterpå og fann at «Olav Thon-gruppen» satsar stort på grensehandel fleire stader i Sverige.) Her i den enorme matbutikken synte Bjørn Vidar og Elin - og Aud - ei heilt anna handlekraft. Aud og eg hadde med oss liste med kjøtt- og fleskevarer, karbonadedeig og medisterdeig, vel ti punkt. Det mangla ikkje på gode kjøp - . Vi bar med oss brett med svenskebrus og farris og la ved kassa. Det var likevel lite i høve til familien på fem sine innkjøp, to vaksne i sine beste år pluss tre ungdommar. Og no skulle vi retteleg kunne forstå korfor Toyota Verso var den rette bilen på dette toktet. Det blei stapp fullt i bagasjerom slått saman med dei to bakerste seta. Det blei visst smugla eit brett med øl, men ikkje meir enn det, når vi sidan passerte grensa uhindra, med passa i lomma. Også i matbuikken var det roleg harrystemning, og eg får tru det var berre folk der som visste kva dei gjorde og hadde plass i bilane.

Når maten var handla, kjøpt og betalt, var planen å ta middag på ein restaurant på kjøpesentret kanskje eigd av Thon. Dette gjekk greit bortsett frå at Aud fekk ei hosteri inne i restauranten, ei kraftig ri som nesten tok pusten frå ho. Ho fekk ikkje stoppa. Elin brukte sine kunster som sjukepleiar når ho gav sine råd om å puste med nasen. Men dei fekk til slutt stoppa hostinga. Og rett etter køyrde vi ut av Sverige over grensa utan å bli stoppa og utan å få sett ein einaste tollar. Vi kom greit fram til Moss og rett inn i ventande ferje til Horten. Vi hadde gjort vårt og hadde varene med oss. Norske riksvegar er heldigvis meir opplyste i kveldsmørket enn dei svenske.

Etter harryturen fekk Aud feber og medisinen cosylan. Og eit par dagar etter det fekk eg feber i to dagar, forkjøling. Eg har ikkje hatt feber på ti år. Men vi skuldar ikkje på harryturen. Ein annan ting er at Aud har hatt eit stort ETTERARBEID med kjøttet, samstundes som vi gjør nødvendig førebuing til jula og feiringa. 1 ting skal eg berre nemne: avisa Dag og Tid frå i går. Der skriv Jon Hustad på sidene 4-5 stort om at Taxfree-ordninga og utlandskvoten har store negative verknader på folkehelsa, miljøet og statsinntektene. Så: «Men korkje regjering eller Stortinget vågar å gjere noko med ordninga.» Color Line har til dømes skattefritak for 1800 sjøfolk på ferjene. Overskrifta hos Jon Hustad er «Den heilage alkoholkua». Det var likevel den heilage julegrisen og dei andre juledyra, pluss mykje boksbrus, det som tydde mest for oss på vår tur til nabolandet, dette som var ein sjeldan tur for meg. Eg kan seie «Søta bror».