Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Alf Cranner og Alf Prøysen

Publisert 2016-11-23 15:21:21, sist endret 2017-02-25 22:47:40

Alf Cranner og Alf Prøysen

* Alf Prøysen med penna i handa demonstrerer at han kan skrive kor som helst der han held til eller var. (Han døydde 23. november 1970.)
* Foto: NTB scanpix
Boka er viktig for forståinga av Alf Prøysen.

Det å vere «lærd» såg eg først med boka til Alf Cranner: På fleire vis var Prøysen ein lærd, det kjem fram no etter kvart. Djuptpløyande? Ja. Men også ein lærd. Ein lærd særleg i tradisjonen . Ved å gå i arkiv og samle store mengder stoff. Skillingsvisene døypte han Almuens opera. Bevandra i det store Universitets-biblioteket sitt arkiv. Prøysen sette Cranner inn i sine arbeidsmåtar. Prøysen las mykje og intenst også av stor klassisk litteratur, eksempelvis Fjodor Dostojevskij. Det kunne vere Louis-Ferdinand Celine eller Selma Lagerløf. Og han levde seg inn i dei, mykje meir enn kanskje folk flest gjer og litteraturforskarar har vore klar over (eller har brydd seg om). Han las meir intenst og innlevande enn mange litteraturforskarar sjølve gjer med all skjønn-litteraturen som byr seg.

Praktisk/upraktisk har vore ei vanleg problemstilling kring Hedmarks-forfattaren til no. Prøysen var upraktisk som gardsgut og «griskokk» og fjøsrøktar, ja. Dette står fast. Dette blei stadfesta. Alle menneske er i grunnen svært upraktiske på altfor mange område, tenkjer eg. Somme kan «svelte ihel framfor brødboksen». Andre kan ikkje skru i ei sikring. Og andre har nesten ingen kontroll med økonomien sin trass i inntektene. Men folk hjelper kvarandre med både det og det. Alf Prøysen hadde ikkje fått unnagjort så mykje vanskeleg arbeid som han gjorde gjennom heile livet, om han ikkje var praktisk på viktige område. Gjorde fleire livsverk faktisk, har somme sagt. Berre avisspalta hans som journalist med ein nyskrive stubb/ny novelle kvar einaste veke i Arbeiderbladet gjennom levetida var eit heilt livsverk. Og Alf Cranner syner den praktiske sida at Prøysen greip timen og stunda, klarte dette, og forsto også på sjeldant vis å ta tak i det dagsaktuelle og det nære som dukkar opp heile tida.

Ein meister utan like var han til å stokke beina i dans, også Cranner fekk sjå det. Prøysen var ikkje upraktisk som familievenn, men rett og slett god å ha for familien Cranner. Det fekk Alf Cranner merke med glede, sidan ungane til Alf C var små. Altså ein slags bestefar. Prøysen hadde nok syn for heile mennesket. Innafor skrivefaget verka han svært medviten om skriveprosessen, forstår vi hos Cranner. Omfattande skriving krev innlært praktisk sans, vil eg formulere her. Prøysen visste i kvar ende ein skulle byrje å leite. Ikkje minst forstå korleis forfattaren får stoffet sitt dalande eller har det inne og kanskje langt der inne. Alf Cranner si bok om Prøysen er reine læreboka om diktekunsten.

Trubadur Alf Cranner i yngre år. Han feirar i november 2016 sine 80 år, med boka «Fra Alf til Alf».
Alf Cranner er i toppform i den allsidige boka Fra Alf til Alf. Nøyaktig og sanningssøkjande, som sagt, og med sans for hovudsakene. Han grip ikkje minst fatt i det som blei underkommunisert om folke-diktaren før. Sjølv var jo Cranner gjennom livet musikk- og teiknelærar i tillegg til trubadur med stadig fotfeste hos familie og venner i Kragerø og den busette Kragerø-øya Skåtøy.

Cranner blei nødvendig bindelekk mellom Alf Prøysen - frå den eldre generasjonen - og den unge visebølgje-generasjonen frå 1965-1970, med m.a Ole Paus og Øystein Sunde. Dei var båe fødde i 1947. Og Cranner trefte Prøysen i 1964. Vi les hos Cranner korleis Prøysen og Ole Paus blei svært tidleg kjende. Prøysen trong klårt ein Cranner å samarbeide med og søkte han opp for kontakt. Sjølv var Cranner altså sanningssøkjande. Men også smålåten. Dette er han framleis når han skreiv den nye boka ferdig til utgjeving i år. Ei minneverdig bok blei det av det.

Komponist/artist/kompanjong og mellommann, bindelekk. Seinare: Ein god og etter kvart også røynd biografisk tenkjar og forfattar skulle Cranner bli, med eit biografisk stoff om Alf Prøysen som han har hatt lenge. (Og faktisk pusha Prøysen tidleg Cranner på Cranners eigen kaotiske og særmerkte barndom som eit presserande og passande diktarleg stoff.)

Prøysen måtte sørge for sitt eige levebrød. Og det var eit jarnfast mål for han, eit hovudmål i tilværet. Men artistar må heile tida jobbe vidare med saka for sin eigen del og ha ei utvikling etter som tilhøva endrar seg og sjansane nødvendigvis blir andre. Dette forstår Cranner godt. Og han var i same situasjon med omsyn til å skaffe levebrød. (Han var sjølv barnefar, hadde tre barn etter kvart, og gift i alle år med same person, Sølvi, som var frå Kragerø og engasjerte seg i Kragerø-samfunnet.)

Tidsskriftet BASAR gjekk føre. Eit ekte forarbeid var intervjuet med Cranner der. Intervjuet om Prøysen i 1975 som tidsskriftet BASAR ved Jan Erik Vold hadde med Cranner (i sitt aller første nummer). Det tok opp dei riktige spørsmåla. Alf Cranner gav svara. Jan Erik Vold såg det store hos Prøysen, verkeleg, når han spurde. Men eg vil tru at i 2016 høyrer enda fleire på kva Cranner har forstått av fenomenet Alf Prøysen enn dei fleste klarte å gjere så langt tilbake no som i 1975. Da var det berre fem år etter at Alf Prøysen gjekk bort, og mange andre saker hadde passert eller var på tapetet da.


II

Det er mest fruktbart å sjå at Prøysen og Cranner var to trubadurar, forstå at dei var naturlege kompanjongar. Dei var båe omreisande viseartistar på grunnlag av folkelege tradisjonar, meire trubadurar enn mange av dei andre nye viseartistane blei. Prøysen og Cranner var rett og slett meir systematisk og djuptgåande inspirerte av folkelege visetradisjonar. Cranner venta ei lang stund med å kaste seg på sine eigne visetekstar. Prøysen brukte ofte eldre folkelege melodiar som han dikta ny tekst til. Dei to hadde kvar sine sterke sider, som ofte gjorde det naturleg med eit samarbeid dei imellom for båe si skuld. Dei to er store trubadurar mellom dei norske visesongarane. I tillegg til stadig trubadur-jobbing kom alt det andre som dei begge to har drive med. Sjølvsagt. (For Prøysen sin del ramsar eg fort opp noveller som debut, roman og fleire drama, mange barne-bøker og Teskjekjerringa i verda, gjendiktingar, grammofonplatesal, ulikt TV, så mykje til saman at ein blir svimmel av å lese listene over det.)

Ove Røsbak gav ut biografi om Prøysen i 1992. Elin Prøysen gav ut biografi om far sin, men det var ein biografi for barn. Ved hundreårsjubileet for Alf Prøysens fødsel, det var 2014, gav Røsbak ut revidert utgåve av Prøysen-biografien. Cranner samarbeida med furnesingen Ove Røsbak på grunn av at breva til Cranner frå Prøysen var sikker dokumentasjon på datoen for viktige hendingar i livet til Prøysen. Men mykje meir enn det, vil eg seie. Røsbak og Cranner utfyller kvarandre - og også forsterkar kvarandre - i teksten. Same kva er Cranner den direkte kjelda til samværet som Prøysen og Cranner hadde med kvarandre. Røsbak har jobba godt med ulike andre kjelder til Prøysens liv og heile virke, og Røsbak har spesielt god peiling på miljøet i Hedmark.

Cranner hadde ei god læretid som trubadur saman med Prøysen. Det vil seie frå 1964, da dei møttes, og til 1970. Altså seks år. For Alf Cranner hadde mykje igjen for samarbeidet med Prøysen. Intervjuet i 1975 med tidsskriftet BASAR er, eller kunne blitt, epokegjerande. Iallfall kunne eg godt tenkje meg at Cranner hadde følgd opp BASAR-intervjuet om Prøysen med eit heilt verk mykje tidlegare enn først no dette året vi er i slutten på. Men han seier i boka at han sjølv trong å mognast for å kunne skrive boka, noko som må vere rett vurdering. Og han trong også eit press på seg, vil eg tru; ei slik bok er ikkje så enkel å skrive for ein som både er svært nøyaktig og samstundes svært nær objektet. Objektet er Alf Prøysen, og det er Alf Cranners eige liv.

For Cranners bokprosjekt om Prøysen har det nok hjelpt at songlyrikk i det siste er blitt oppvurdert. Større respekt for songlyrikken er nobelprisen til Bob Dylan berre eit anna døme på. Avisa Dag og Tid har skrivi systematisk om songlyrikken si moderne soge (dvs frå mellomkrigstida av) ved forfattaren Håvard Rem. Rem var ein kar som byrja tidleg å prøve å vurdere opp songlyrikk mellom lyrikksjangrane. Opp i skriftleg norsk omtale. Dessutan må eg her ta omsyn til fornya interesse for Prøysen som poet mellom somme leiande litteratar i Noreg. Eit vitnemål er arbeidet som Ole Karlsen tok seg av å redigere. Dette arbeidet resulterte i den fine boka siste år: «vakkervisa hu skulle søngi».

Litt om Prøysen og dialektbølgjer:

Når Håvard Rem tar opp dialektbølgja etter krigen, ei mediebølgje som tok med seg Alf Prøysen, tenkjer eg over dette: På 1960-talet blei radio mindre viktig da TV og pop og rock kom for fullt. Først den amerikanske deretter den engelske. Engelsk språk og kultur blomstra heftig. Engelskspråkleg song dominerete i slik grad at norsk språk og norsk song straks tydde mindre enn før. Men ei ny motbølgje dukka opp etterpå, og norske dialektar kom på mote igjen og beit seg fast da.   

Ja, Alf Prøysen hadde dikta på dialekt. Han skreiv også mykje for barn, og der kunne han også bruke bokmål, som var dominerande hovudmål for born i Noreg. Alf Prøysen kunne elles snakke lettflytande bokmål om det var dette om å gjere. Men eg har lyst til å slå fast no at kunstnaren var fleksibel i kunsten utan å gå på akkord. Han heldt konsekvent fram med vaksendiktinga si på dialekt. Han heldt fram med å bruke ringsakerdialekt i vaksenvisene sine. I 1969 kom den siste viseboka frå han, «Så seile vi på Mjøsa», med mange av dei beste og mest sungne av visene hans. Alle visene er på dialekt, ifrå «Næsning på Hamarmarten.» (kollektivt historisk dokument) til «Æille så nær som a Ingebjørg» (individuelt desperat dokument). Og ikkje minst kom innslaga hans på trykk i Arbeiderbladet kvar laurdag på den same dialekten, trufast og maurflittig og inspirert, også gjennom heile 1960-talet og fram til han døydde. Få har vel vore så trufaste og dyktige som han var eller står igjen med så stor ein skatt etter seg.



Ps 1/12-2016:
Den enda yngre (enn Paus og Sunde) «Lillebjørn» Nilsen frå Oslo laga duo alt i 1966 og var 16 år gammal da. Han trivdes vel særleg godt i grupper. Gitarboka hans brukte heile landet (også eg). Eg hugsar at han tidlegare også trakterte fela og var flink til å binde saman by og land. Hadde sans for folkeviser. Lillebjørn Nilsen følgde ein amerikansk venstretradisjon. Ole Paus og Øystein Sunde var meire typer med heilt eige stoff å spele på, først og fremst, slik også Prøysens stoff var utforma originalt når det galt teksten. Men den i unge avløysar-generasjonen godt etter Alf Prøysen som har nådd aller breiast ut med eiga tekstskriving på norsk, det (trur eg) må vere innvandraren Benny Borg.