Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  1980-talet skeia ut?

Publisert 2016-12-23 15:19:04, sist endret 2017-01-04 12:03:16

1980-talet skeia ut?

I 2016 kom boka om stuntpoetane. Dette var ei frukt av god nordisk forsking på avantgarden. Flamme forlag. To av fotoa var frå eit ran i Notodden, eit «ran».
Desember og november er ikkje det same. November er forventning og mange lesne sider på nettsidene. Og tida blir knappare etter det. I desember er det ein del vitjing og bra med korte søk, men færre lesne sider. (Frå år til år har bruken av denne nettstaden auka. Lesne sider pr person inne har stige jamt frå 2007). Alltid er det noko som står på her i verda - og i lyrikken - og noko som vi tykkjer er interessant å finne på dørmatta. Det som står på mest av dikt før jul, det er Arild Nyquist, det er «de gamles julekveld» og det er nordnorske «velsigna du dag over fjordan»... Det står i jula sitt teikn.

Ei tid no hadde eg iallfall tenkt å skrive om 1980-åra, som ei spesielt interessant tid for meg som poet og for poetar generelt, meiner eg. Så akkurat denne veka kom boka om stuntpoetane. Kva det er snakk om? Ei gruppe. Stuntpoetane var uhyre aktive med aksjonar for poesien eit par år på 80-talet (fram til datoen 1. oktober 1985).

Ja, at 1980-talet er interessant, det merka vi igjen når Prince døydde for kort tid sidan. Iallfall eg merka det. La oss gå tilbake til den tida og det som boka om stuntpoetane fortel.

Thor Sørheim var sekretær for stuntpoetane og er den som har halde i penna for denne godt planlagde boka i år. Stuntpoetane hadde - for det meste - ikkje lang fartstid som poetar bak seg i det viktige året 1983... Fleire av stuntpoetane var det som Thor Sørheim kalte «garvede tillits-menn fra tidligere virksomhet». Dette kom, for all del, godt med i alle aksjonane.    Medlemmane tykte noko var riv ruskande gale og gjorde seg derfor til det Sørheim kalte: «selvoppnevnte riddere for det gode dikt».

Dei store avisene blei første store åtakspunkt. Aksjonen endte med at Aftenposten vann ein pris for å vere dårleg på lyrikk, fordi avisa melde altfor lite av nye norske diktsamlingar. Sjølve tevlinga med utnemning av prisvinnar gjorde at pressa møtte opp og skreiv. Stuntpoetane tok avisene i bruk sjølve og dei tok fagrørsla i bruk, tok biblioteka i bruk, tok TV i bruk, tok transportmidla i bruk. Tok massemedium etter massemedium i bruk. Tok distrikta i bruk. Tok den islandske presidenten Finnbogadottir i bruk som ein forbundsfelle.

Vidgjetne Vigdis på Island. Da snakkar vi om eit fingert ran av 5000 bøker frå eit folkebibliotek, eit ran som stuntpoetane utførte i Notodden. Det blei ein lang aksjon fordi saka involverte mange partar og presidenten på Island. Island var eit land som hadde ein betre kulturpolitikk enn Noreg, opplyste aksjonen om. Slike handlingar frå stuntpoetane var effektive metaforar.

Thor Sørheim meiner at 1980-åra har fått eit ufortent rykte som jappetid, med kanskje tankar på "nyrike pappagutter som drakk sjampanje til frokost». Men like mykje var 1980-åra ei tid der det leikne frå 1960-talet fekk ein renessanse med fornya grensesprengjande tiltak. Ein såg ei ny bølgje både i litteraturen og i musikken og i film, ikkje berre her her lands, men internasjonalt. Til dømes var musikkvideoane til stjernene i popen svært godt laga den gongen, musikkvideoane til amerikanske Madonna og Prince, til engelske Peter Gabriel og Kate Bush og til Cindy Lauper og mange av dei andre yngre internasjonale popartistane. Dei fekk laga kunstnarleg utførte musikkvideoar med attpåtil vanlege konstellasjonar av folk og familiar synte fram.

Eg, som var musikklærar på ungdomsskolen og oppdaterte meg, såg og likte mange av desse nye videoane gjennom TV, kjende meg straks igjen frå ein liknande tendens på 1960-talet. Ja, ofte snakkar vi om 1960-talet no. Også 1970-talet hadde hatt ein eigen styrke ved seg. Dette tiåret opplevde ei ny blomstring av kvinnesak og kvinnerørsle, noko som tok med seg starten på ein frisk kvinnelitteratur, denne litteraturen fekk seinare eit ufortent dårleg rykte av litteratane.

Annleis med poesien på 1980-talet. Den har fått noko viktig både føre og etter seg. Fleire poetar som blei forsøkt hundsa 15 år tidlegare, fekk eksplisitt støtte frå stuntpoetane. Stuntpoetane avslutta aksjonane sine 1. oktober 1985. Og det var vel omtrent frå da av at jappetida blei meir reindyrka nokre år. Vi fekk det leie med at gjennomsnittleg lånerente i banken for gode lån ein periode var 14 %. Det store bustadkrakket kom denne tida like så hardt på som i tider føre krigen.

Kva oppnådde stuntpoetane? På langt nær blei hovudkrava innfridde. Og marginaliseringa av norske poetar har nok halde fram og halde fram i norske massemedium. Likevel er Thor Sørheim for smålåten i oversikta over resultata. Aksjonane skapte ein norsk samkøyrd forfattarskare. For stuntpoetane nådde fram iallfall i forfattarane sin medlemsorganisasjon, Den norske Forfatterforening. Der blei Thorvald Steen også ein særs avhalden leiar for ein av verdas aller sterkaste forfattarorganisasjonar. Det er mi vurdering av Den norske Forfatterforening, ei vurdering som eg deler med forfattarar flest. Iallfall var 1980-talet langtifrå berre ei jappetid, må ein seie. 1980-åra er undervurderte, og gløym dei ikkje. Eg er samd med boka og skrivaren Thor Sørheim om det meste. Og stuntpoetane står fjellstøtt (i ein høvesvis liten nasjon og eit lite språkområde).



______________
Sjølv var eg eldre enn stuntpoetane - og hadde småbarnsfamilie å ta meg av i 1980-åra. Men eg skreiv mykje i avisa Klassekampen om kultur og politikk. (Og lite som eg tregar på.) Om kultur til dømes dette utvalde (som kanskje kan seie noko om tiåret som sto på):

* Eg skreiv kritisk slik om Edvard Hoems samla dikt i 1982: Du er blitt glad i dette landet
* Eg skreiv fargerikt om stoda for poesien i bokhandlane i Eit sosialrealistisk småstykke 1983.
* Eg melde og roste Karin Moes føregangsroman Kyka i november 1984.
* Eg skreiv - det var litt sjeldant den gongen - om dans med Dans (ropte fela)... i august 1988.


Her er eit godt intervju med Thor Sørheim om stuntpoetane.