Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Romanen om Marco

Publisert 2015-12-10 09:30:00, sist endret 2016-03-06 10:57:50

Romanen om Marco

Ein sort slektstreff i flyktningeleir i Tripoli, der Marco Elsafadi blei født mange år før... Marco i grønt og søstera Madeleine nest ytst til høgre. Foto: NRK
Det følgjande er ei bokmelding for avisa KV i Kragerø, staden der den Noregskjende flyktningen Marco Elsafadi voks opp frå han var 10:
Boka Marco - Ildsjel og forbilde - er i utgangspunktet ein nyskrive biografi, med det atterhaldet at personen Marco er svært ung for ein biografi, 39 år, og samstundes ein høgst levande mann. Men det går veldig bra med det biografiske stoffet ført i penna av Erik Fossen!
Marco er flyktningen og flyktningesonen Marco Elsafadi, som etter ein spesielt omtumla oppvekst blei både toppidrettsmann og ein sjeldant original og vellykka sosialarbeidar og real tenkjar, for å ta det kortast mogleg, dette som blei skjebnen hans. Men Marco kunne like gjerne blitt ein tidleg kriminell, det kjenner han på sjølv og det blir sagt av Marco fleire gonger i boka i møte med dei som sklei ut her i landet. Og vi trur han på det, vi som les.

Eit breitt lerret over fire tiår og gjennom fire land blir teikna opp for den palestinske flyktningfamilien som Marco høyrde til. Mange i Kragerø, dit dei seks Elsafadiane kom da Marco var 10, har nok skjønt at livet for palstinarfamilien var broket. Men vi i Kragerø har likevel aldri heilt fått sjansar før til å forstå det som denne boka gavmildt gir høve til å sjå og kombinere til eit bilete.

Heile Elsafadi-familien si utvikling gjennom Syria, Libanon, Vest-Berlin og nokre norske byar er ein sterk saga. Boka startar 7. oktober 2000 i Oslo Spektrum med kampen mellom basketklubbane Oslo Kings og Ulriken Eagles frå Bergen. Marco spelar på Ulriken Eagles og spelar godt. Men lesarane blir også snart førte tilbake til tida da pappa Taysir var i Palestina og seinare ei god stund var soldat for PLO før han rauk uklår med organisasjonen.


Heltar i nærmiljøet

Boka grensar til ein roman og er ein roman med spenning som byggjer seg opp og opp. Boka har sine heltar. Heltar er miljøet i Kragerø, til dømes med Helge Theting som trente basket med ungdommar på ungdoms-skolen før første time på dagen starta. Og heltar lenge før det er ungane i gata, både ungar i Bjørnsborg-bakken og i Blåveisdalen, dei som alle tok raskt kontakt med sine nye unge naboar. Sjølv var Marco tidleg interessert i ballspel som fotball og basket, men måtte jobbe mykje med eigeninteressa si for å kunne fremje lagspel og ta riktig omsyn til lagånda. Han lærte den vanskelege vegen, men hadde veldig stor treningsiver.

I Kragerø startar boka i siste del av 1980-åra. Boka syner ingen dans på roser for nokon av romanpersonane. Og teksten er avslørande, med ein streng far som dei som er tenåringar måtte lure for å komme seg unna, ein hardhendt far som gjekk til korporleg avstraffing før han blei pressa til å slutte. Og «skurkane» i boka er der, det er slikt som valdsbruken internt i PLO. Og det er slikt som at alt i barnevernet skulle gå i formelle banar som aldri i havet kunne løyse problema. Marco seinare blir da ein som finn nye metodar for å hente inn ungdom som er på skråplanet. Det er nettopp hente inn, ført saman med tillit, som er sjølve hovudpoenget. Omgrepet førebilete blir sett på spissen av Marco.

Romanen, om eg får lov til å kalle boka det, er ein dokumentarisk roman, teksten refererer til mange små intervju og kjelder, det er mest nøyaktige samtalar med Marco, men også med søskena (som mange i Kragerø kjenner) og foreldra. Boka verkar solid frå første stund. Mange av dei vanskelegaste partia for familien Elsafadi er baserte på intervju alt offentleggjorte i media, men som likevel dei færraste har lese, og iallfall ikkje i samanheng - .

Langt ute i boka blir vi også fortalt at Marco er muslim ved at han trur på dei viktige fem søylene i islam. Gjer han det, eller er greia gjort for ikkje å støyte muslimar frå seg? Marcos forhold til religionen er kanskje aller mest ei personleg sak, bygd på eigen intuisjon og eigne draumar, forstått som all hjelp intuisjon og draumar o.l. kan gje.

Kva kan vi lite mest på i boka? Sjølvsagt det som ligg litt tilbake i tid og har mogna, slik er det alltid med dei fleste av oss. Men denne romanen går heilt fram til 2014 og 2015! Ja. Ingen, korkje familiar eller nasjonar, er like: Miljøa i Kragerø fekk brått eit mangfaldig innslag. Det kom fem yngre menn frå Iran. Det var familien Ljajic frå Skopje, familien Arjomandi frå Teheran, samt familien Percuku frå Kosova. Familien Carrasco frå Chile kom saman med landsmenn til flyktningemottaket på Bergland. Lokalsamfunnet prøvde å støtte opp i kvart tilfelle, og det var ikkje nokon beinveg til politisk asyl. (Ps 15/12-15: Tilfella kunne vere dramatiske: Rrahim Percuku var i ferd med å bli transportert ut av landet med politi, da det brått kom ei gledeleg kontra-melding om at han likevel hadde fått politisk asyl. Seinare utarbeida Percuku ei nyttig norsk-albansk ordbok, noko som ikkje fantes frå før.) Familien Elsafadi var nettopp stor og samla, men hadde også store ambisjonar og ekstra initiativ og pågangsmot: Taysir, Hedie, Madeleine, Francois, Badboni og Marco…


Marcos New Page

Marco sin støtteorganisasjon New Page har hatt mange oppdrag for barnevernet, sidan organisasjonen New Page er privat eller ei stifting. I byrjinga er Marco naiv og trur det kan gå bra med privatisering og tilbod i barnevernet, men da han forstår at berre prisen teller i det nye systemet for kommunen og ikkje om livet for ungdommane som slit, blir endra. (Marco er i byrjinga fyrtårn for privat drift i Bergen, med godord frå statsministeren, og han tar elles imot nasjonal pris for «Årets eldsjel».)

Marco Elsafadi er i spiss med å få basketsporten opp til ein ny publikumssport. Men vi får også innsikt i pengestellet i basket og nedturen. Oppi dette blir hovudpersonen lam i beina og rullestolbrukar. Når han skal trene seg opp igjen, konkurrerer han med sitt andre barn om kven av dei som først lærer seg å gå. Men altfor høg målsetjing er alltid det som inspirerer Marco til å yte, innser han, og brått vil han t.d løpe maraton. Han lærer også det viktige at han som person ikkje liker, eller klarer, å ha «nokon over seg». Men han vil gjerne gjere kvar og ein til sin likemann, dette gjeld også ungdom - når han møter dei - som slit tungt med å få det til.

Erik Fossen (f. 1974) har ført boka i penna og vaks opp i ein bydel som Fyllingsdalen i Bergen. Han er kulturjournalist og van med portrettintervju, og han er nok ikkje ein person som berre har teori å møte ein skjebne som Marcos med. Fossen er rett forfattar til å lage dokumentarroman av livet til Marco. Fortelje-måten i boka med brot i tidsplan saman med gode bolkar gjer boka ekstra spennande.