Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Eit forlag 2015

Publisert 2015-11-10 10:16:32, sist endret 2016-04-05 22:03:48

Eit forlag 2015

* Walt Whitman er ein stamfar til mykje av den lenge amerikansk-inspirerte lyrikken i Noreg fram til notida. Det vil eg tru. Ikkje berre surrealismen har fått born hos oss.
Ja, fleire av diktbøkene på Cappelen Damm har klatra heller seint enn tidleg opp på den offentleggjorte planen. Det er nett sjangerbøkene på dette forlaget eg vil opne opp for i artikkelen her: Spesielt Odveig Klyve, Terje Dragseth, Jan Jakob Tønseth, Karin Fossum, Annabelle Despard og Casper André Lugg... Og dette blir ANDRE del av FØRELESINGA 23/1.



1(Klyve)

Odveig Klyve syner eit stort engasjement for miljøet og har vore med på ein hard kamp i Hardanger, ein kamp som pregar boka hennar i år. Samfunnet er viktigast, det at folk tar på seg oppgåver, små og store. Det dreier seg om slike saker som distrikt og elektrisitetsforsyninga til Bergen, altså styrande omsyn å ta for samfunnet. Det kjende uttrykket ifrå denne distrikts- og miljøkonflikten er «monstermastene».

Likevel blir det dikt av det, med oppfinnsam røyst, men også med form og lay out. Klyve er poet. Klyve er både fotograf og filmskapar, men har ikkje brukt det siste direkte i diktboka, heller latt orda fortelje, om det så er ved figurdikt a la Jan Erik Vold eller Ottar Ormstad på 1960-talet (eller la oss seie Appolinaire under verdskrigen 100 år før det, eller ved eldgammal barokk-formasjon som liknar på Klyves side 71). Forresten ser eg føre meg dei tekniske vanskane som forlaget har med å utplassere Klyves figurdikt til e-bok. Medan dei første dikta i boka er stort sett i vanlegaste stil, trykkjer inspirasjon frå vestlandske naturformasjonar på etter kvart. Eit tidleg døme på vanleg linedelte dikt - side 14 - er dette:


Ministeren tek imot nøkkelen
Han vinkar til folkemengda
Han held landet under armen
som ein gitar
No skal han spela

Balanserer mellom
mørke og soloppgang
enno ikkje fanga inn
av det umulige


Mi vurdering er at den gode avantgardisten Odveig Klyve syner seg i dikt der «bonden» og «ministeren» vekslar om å gje røyst til roller, tankar til personlege roller i samfunnet. Boka sin tittel er LA OSS TA DEN BLÅ HIMMELEN MED STORM. Og boka fortener å få mange lesarar og bli TV-teater. Odveig Klyve er heilt spesiell i dag når det gjeld å la eit heilt poesiverk bli inspirert av ein norsk politisk konflikt. Frå før har ho synt evna å kunne trekkje det poetiske ut av sjukdomen alzheimer i eit heilt verk. Og etter dette fekk ho trekkje essensen ut av fotballsporten - som langt ifrå er nokon sjukdom - gjennom ei konsentrert poesibok.



2(Dragseth)

Tru ikkje at Terje Dragseth sitt dikt JEG SKRIVER SPRÅKET på same forlag, diktet som blir ei heil bok, er noko som minner om Odveig Klyve! Nei, tru ikkje det sjølv om Terje Dragseth er ein altmoglegmann (eller altmoglegkvinne?) Klyve er, nett når det gjeld medie- og sjangermangfald. Terje Dragseth har sett seg fore å mane eller besverje eller oppmode heile lyrikken. Det er bokstaveleg tala. Og produktet som ligg føre, det er faktisk godt lesestoff; eg let meg lett rive med side etter side! Heilt frå Homer og Snorre, via Walt Whitman og vidare til Ellen Einan på side 29. Først og fremst har orda til Terje Dragseth ei enorm oppmoding til lesaren, lesinga støttar seg på ein vedvarande formsterk appell. I det heile nettopp ikkje på det å besinne eller sanse seg, men heller det motsette! Kanskje baserer lesinga seg særleg på ei kraft som daterer seg ifrå Dragseth si første tid som kunstnar?

I denne boka er kunsten først og viktigast, dernest kjem livet. Først ein god del lesesider seinare kjem alt saman, arbeidsløysa, militarismen og Wall Street, opp breiare. Teksten til Dragseth slåss for å gjere ein jobb for lyrikken, teksten veit kor vanskeleg kvalitet er og påkallar alle «hjelparar». Men inne i teksten, på ein fin og saumlaus måte, dukkar delar av Dragseths liv opp, faren sitt kav med hav og maskin, og deretter kjem mange seinare fasar i sonen sitt liv og tilhøve. Det han gjer, er kanskje å skrive «forordet til framtidas bok» (side 44). Verdsspråka dukkar opp i teksten, den danske poeten Inger Christensen er med, og spesifisert er grammatikken sine ordklassar.

Så kan ein spørje: Rettar diktspråket hos Dragseth seg etter kven han lener seg på, utover i boka, til dømes på Walt Whitman, noko som kunne vere nærliggjande å gjere? Whitman som syng om Amerika og livet. Nei, i liten grad. Heller ikkje lener Dragseth seg på Homer eller dei mange forfattarane som er nemnde, om det så er Stein Mehrens vibrasjon eller Vladimir Majakovski sitt ærend eller Gunnar Ekeløf sin stil. Dette er ikkje målet med teksten. Boka er først og sist ein utstrekt monolog. Saknar vi konkrete døme på avsnitt i poeten si framtidsbok? Spør: Kor ber det heile av? Spør: Kjem det ei avsløring på slutten - ?

Kor er dei overgangane å finne som matar lesaren på den lange «symjeturen»? Overgangane er lenge heile vegen inni det små og fine ved dette svære og heilskapelege eposet. Men det er nesten som om forfattaren mot slutten er blitt sjuk av den intense skrivinga og får vanskar med pusten. For alt det entusiastiske arbeidet fortener han å få plassert JEG SKRIVER SPRÅKET som forspel eller forord i neste store norske litteratur-historiske verk for nasjonen vår.

Slik byrjar boka, diktet:


Jeg skriver språket
Homer skrev
i en sekstakter skriver Homer
speil og myte
jeg skriver
«ingen er jeg»
Odyssevs logrende hund Penelopes utholdenhet
hjemkomst
skriver jeg
atten sanger for en dag
skriver James Joyce
bevissthetsstrøm
skriver jeg
skriver kjærlighetsutsagnet: «og jeg jeg ja jeg vil ja»
skriver mitt ja
skriver
JA




3(Tønseth)

Jan Jakob Tønseth si nye bok MUNTRE DØDSDIKT og andre dikt på same forlag, Cappelen Damm, kom (derimot) alt på vårparten, og eg skreiv ei positiv vurdering på nettstaden. Det viktigaste ved boka er ein slags krans, riktignok oppdelt krans, av sonettar. Den tidlegare nemnde Inger Christensen kunne eg peike ut også her, på grunn av hennar regelrette sonettekrans Sommerfugledalen, hennar aller siste diktverk. Jan Jakob Tønseth, som har gjendikta klassisk fransk modernisme og avantgardisme til norsk, skriv derimot så muntert i sonettane sine. Og Tønseth konkurrerer overtydande ved å skrive muntert og ved å veksle mellom sonnett-avdelingar og friare poetiske verseformer.

Terje Dragseth guffa på og spøkte ikkje. Jan Jakob Tønseth spøker med moderne forfattarar (Inger Christensen unntatt) sine små «sonett-museum» på same måten som han spøker med døden, døden som han sjølv er veldig nær på grunn av svært alvorleg sjukdom (i mogen alder). Tønseth gjer det som nettopp Terje Dragseth ikkje gjer, spøker, iallfall i ein god del av dei 21 sonettane. Og han gjer eit slags underverk ved å frimodig låne noko av repertoaret til Henrik Wergeland i Wergelands vakne og friske dikt på dødsleiget (Wergeland var da 37 år gammal): Ved at Tønseth daterer på sjukehuset, ved sjukehusomgjevnaden, ved natterstida på «hospitalet». Men han er samstundes vært nøktern i skildringane.

Ei avdeling i boka byggjer på Tønseths gjendiktingsevne og blir kalt «bibelske fantasier» med meir arkaisk vri på det litterære språket. Tønseth er ein lærd person og ein bibelkyndig ditto; og i ein kinkig livssituasjon tyr han til den store litteraturen. Han tyr både til sine såkalte «bibelske fantasier» og til muntre ord om døden.

Jan Jakob Tønseth har altså døypt boka si MUNTRE DØDSDIKT og andre dikt; og ho byrjar rett på sak, slik (med stram rytme og friske, muntre ordval):


Jeg ligger i min seng på hospitalet
from som et lam og nylig operert.
Nå er jeg sammen sydd og bandasjert.
Jeg våken er og er i det reale.

Jeg delirerer ikke. Månen måne er
og på mitt nattbord ingenting til pynt,
med blomster og Kong Haakon heller tynt.
Her ligger jeg og teller mine tær.

Jeg borte var. Jeg kjente ingen stikke
og skjære i meg. Alt var mørkt og øde…
Så om jeg møtte Jesus vites ikke.

På hospitalet våknet jeg og ei i Rosensale.
Og heldigvis. For det er først som døde
de fromme uaflatelig sin Jesum tale, – i Rosensale.


Det utvalet som har nulla boka til Tønseth, skal vel (men vi veit ikkje) slå ned på gammaldags ordstilling i vers, som om same reglar for ordstilling gjeld i alle slags stilartar. Total bom: Du skal ikkje ha andre stilar enn meg.

Alle dei tre rutinerte poetane, Klyve, Dragseth og Tønseth stikk seg ut i bokhausten og gjer det på sine eigne solide måtar. Ingen konkurrerer verkeleg med dei i deira eigne idrettar. Dette må vere ære også til forlaget Cappelen Damm, som har hjelpt dei med arbeidet, desse særleg ulike forfattarane. Og det er ikkje slutt...



4(Karin Fossum)

Innleiingsvis nemnde eg Karin Fossum, ein forfattar som i år kom med bok som no er diktbok nr 4: VI SOM ER DØDE. Ho er elles mest kjend som «krimdronning» for dei fleste, men har eit solid forfattarskap utenom krimbøkene, både lyrikk og prosa. Ho debuterte som lyrikar, og dette med å få Tarjei Vesaas sin debutantpris det fekk ho i 1977. Her bringer eg eit dikt frå den ferske og siste boka, diktet på side 23 med den tvetydige tittelen «Lovens strengeste straff»:


Cella holder meg på plass.
Det sparsomme lyset
siver inn gjennom vinduet
og blander seg
med luktene og lydene,
skrittene i de lange gangene
og låser som slår.
Jeg kjenner timene
som skal komme,
dagene og årene.
Mens menneskene utenfor
kaver rundt etter mening,
sitter jeg i lyset under gitteret
og har full kontroll.


Diktet teiknar effektivt opp ein scene og ei eksistensiell problemstilling og er ikkje noko dårleg dikt, nei. Både diktet og lesaren trur vel berre halvvegs på informasjonen i sistelina («har full kontroll»). Eg godtar ein slik skrivetype i eit elles oversiktleg diktspråk. Bortimot den same runde vurderinga kan ein gjere av boka som heilskap. Dikta handlar om rekneskap og mest om slutten av livet, og forfattaren fortapar seg ikkje i uvesentlege spørsmål. Forfattaren dreg vekslar på sine spesial-kunnskapar.

Ei habil bok, slik det sømer seg for ein godt vaksen forfattar, men utan at litteraturen treng å fjetre deg ved første møte, eit førstemøte initiert av svært konsentrert tema eller eit spektakulært ærend. Avslutninga av Karin Fossums bok, der også titteldiktet opptrer, handlar om korleis dei døde heimsøker oss og er vel noko som er interessant både for krimelskarar og eldre poesilesarar.

Også eit døme – framleis – på godt arbeid til eit utvald forlag i 2015, i denne etter kvart lengre artikkelen om god skriving og godt forlagsarbeid. Det same formålet har eg med neste døme på ny bok frå Cappelen Damm:



5(Despard)

Annabelle Despard er tospråkleg estetisk. Foto ved Kjartan Bjelland
Nemleg Annabelle Despards VED HELT RIKTIG MÅNE. Først: Kan det vere eit utslag av bekjedenhet? Hennar diktsamling er utan titlar og innhaldsliste. Men boka har heldigvis trykt sidetal. Og dikta er avrunda og gode. Kanskje meir påverka av engelsk lyrikk enn Karin Fossums dikt var. Annabelle Despard er elles britisk-norsk forfattar, og har vore busett i Noreg mesteparten av tida. Ho hadde ein engelsk-norsk oppvekst, dette skriv wikipedia. Den tospråklege påverknaden estetisk er berre ein fordel.
Dikta hos Despard informerer om liv og død kvar for seg. Kan eg seie det som ein generell ting? Ho har eit vakent auge for det som lever, både natur og menneske, dei sentrale tinga. Og det ho ser blir vakkert og til dels elegant språkleg forma. Ikkje minst ser poeten ei jente- og kvinnerolle:
Jeg er Gulliver. Bundet
av hoppetau, flettebånd og hårstrikk

De kravler over meg, roter i vesken
maler seg med leppestiften
Det er lenge siden kroppen var min

Bundet er jeg stor
Kapper jeg over bardunene
blir jeg et sirkustelt på avveier



Dette er godt komponert, av tre ulike og nødvendige diktavsnitt. Tempoet går korrekt ned i siste del! Og det er mange gode enkeltdikt i boka! Likevel forsvinn enkeltdikt kan hende litt i mangelen på redigering, guiding for lesaren. Det hadde vore nok å bruke alle førstelinene i dikta som titlar til ei innhaldsliste, tenkjer eg, og dertil delt opp denne gode boka i eit par avdelingar. Grunnen til at det som har skjedd med «guidinga», kan vere at boka er del av eit slags sorgarbeid etter poeten sitt tap av ektemann for to år sidan. Og det er forståleg at dikta her og bokprosjektet blir nært det personleg levde. Dei openberre sørgedikta mot slutten av boka er forresten gode og objektive og vil finne takknemlege lesarar. Dei lesast best i samanheng. Er ikkje dei tolv siste dikta (=sidene) derfor ei eiga avdeling for lesaren?



6(?)

Så langt desse fem bøkene sitt innhald... Moglegvis er Maiken Horn Bolset si lyrikkbok, som står ført på Kulturrådet si liste, blitt utsett til våren, sidan eg ikkje har sett eller høyrt noko om denne boka til no; eller det kan vere at denne boka blir ettersend meg? Same kva med den eventuelt sjette boka så er bokresultatet til Cappelen Damm spennande og imponerande og må (som sagt) skuldast eit generelt solid arbeid i forlaget. Ein må derfor håpe at media og kritikken er vakne og gjer jobben sin, rett og slett tar seg saman når det gjeld den nye lyrikken.

* Dersom ein etterspør lyrikkdebutantar og meir ferske poetar i Cappelen Damms 2015, så vil eg trekkje sambandet med naboforlaget Flamme, eigd av nett det svære Cappelen Damm (kanskje Noregs største og mektigaste forlag). For på Flamme forlag er det komme to lyrikkdebutantar i år, pluss at det er gjeve ut nye diktbøker frå tre relativt unge med berre bøker bak seg frå før. Dette fyller på ein måte ut produktet til det store forlaget. Å seie meir om Flamme forlags interessante bokhaust, er ei anna soge.

* Men Flamme forlag og Cappelen Damm har noko sams som eg vil nemne: Lyrikkøkene er oftast sirleg «innbundne» med stive permar. Slike bøker er noko som eg set pris på, må eg peike på! Bøker i dag kostar same kva ikkje all verda å trykkje, for det er skriving og redaksjonsarbeid og «vasking» og korrekturlesing og grei bokhandelplass som kostar. Når Pax gav ut sin Paxlyrikk-serie ifrå 1968, var tida ei anna, og trykking kunne koste meir da, medan unge lesesvoltne hadde mindre pengar mellom hendene til kjøpe bøkene for. Dermed kom pocket-bøkene og andre billegbøker og skapte veg i vellinga. Men «stive» bøker har noko godt ved seg, og dei har hatt det lenge.



Ps: Cappelen Damm hadde også fått ut boka Den ukjente, det er dikt gjengjevne av poeten Hanne Bramness etter funnet av ei slitt skrivebok som hadde høyrt til ein pasient på Valen sjukehus. Meir om den trykte boka i ein annan samanheng.

Og denne boka frå 2015 visste eg ikkje om: Etter at eg skreiv og la ut artikkelen, fekk eg også tilsend frå Cappelen Damm den nye boka (dvs den andre boka etter debuten i 2011) til Casper André Lugg. Boka er diktsamlinga Dagene er som gress, som ser ut for meg i dag, etter kort tid, som ei sentrallyrisk bok.


Ps 2/12-2015: Jo, ei sentrallyrisk bok er det, den til Casper André Lugg, der noko av det aller beste finst i første avdeling. Der blir natur kobla på livet rundt eit barn få månader gammalt. Men her i dette særskilte diktet er alt rundt det levande meir strippa. Det er sjeldan å sjå barn i den alderen bli skildra så sakleg og fint.


Pust og stavelse


Min side av leken
er en varsom
hånd
i nakken din.

Du øver på hender,
du øver på øyne,
du øver på føtter.

Jeg vil bare vise deg
hvilken vei
bokstavene blåser,
gi deg

en lunge
i ly.



Ps 21/2: Nok ei bok frå Cappelen Damm visste eg ikkje om, og fekk vanskeleg tak i, denne gongen ikkje før leseprosjektet mitt var ført til ende: Rune Tuveruds Foran Orion, ei diktbok frå 2015 som syner seg å vere gjennomført god. Ja, mange av dei gode bøkene i undersøkinga mi kom seint på banen... Her er ein omtale av Rune Tuveruds bok. (Eg var forbløffa.) Eg må føye til om Cappelen Damm at forlaget er det allsidige lyrikk-forlaget i 2015. Det er imponerande. Ei anna sak er at det i 2015 er mange fleire gjennomførte diktsamlingar enn i tiåra 1970 og 1980 og 1990. Meir divergens.








Og meir om Jan Jakob Tønseths handverksmessige dugleik og val av form, når vi no sender strafettpinnen vidare og går til forlaget Gyldendal sine diktbøker i 2015. Og det blei TREDJE DEL AV FØRELESINGA 23/1.