Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Montasjar frå Picasso til Berget (II)

Publisert 2014-08-11 12:18:32, sist endret 2014-09-02 17:26:12

Montasjar frå Picasso til Berget (II)

Ja, dette er eit framhald av artikkelen frå juli, som blei basert på føredraget mitt halde for eit norsk seminar om avantgarde. Og vi har allereie vore innom poesi av Terje Tørrisplass, Kristin Berget, Kristin Auestad Danielsen og Odveig Klyve. Vi skal straks vidare til dei fire Lars Ove Seljestad, Monica Asprong, Bård Torgersen og Vemund Solheim Ådland, alle med nye diktbøker i 2013, vidare etter ein ny kikk på måleriet under av Pablo Picasso.















Personane er det mest interessante i dette måleriet frå 1907.









Sjå på dette biletet igjen:
c) På den afrikanske personen i framgrunnen er sentralperspektiv ikkje brukt for andletet, tvert imot.
d) Samtidig er heile hovudet «vridd» i høve til den sitjande kroppen. Og dette manglande sentralperspektivet er byrjinga på kubismen i kunsten og eit brot med europisk kunst sidan renessansen; noko som forskaren Peter Bürger slår fast i boka Om avantgarden (på norsk i 1974).
e) Tittelen på biletet er ei sak for seg: Les Demoiselles d’Avignon
f) Kva er Avignon? Avignon er ein sørfransk by som i eldre tid var sete for ein konkurrerande pave til paven i Roma. Songen «Sur le Pont d’Avignon» , der ein dansar på brua, er frå det 15. århundret og ein av dei mest kjende franske songane som finst. Men det er meir: «Avignon» er også namnet på ei gate i Barcelona med prostituerte eller namnet på ein bordell i Barcelona. Same kva vil eg bruke «Avignon-jentene» som norsk tittel på dette måleriet.
g) Vi har sett på jenta i framgrunnen. Kva med dei andre jentene på biletet? Dei to i midten tolkar eg som poserande. Dei er kanskje mynta på Henri Matisse sine ferskenfarga ikkje-poserande jenter i ring. Ho mørke til venstre er for meg som snytt ut av eit Tahiti-bilete av Paul Gauguin (måla nokre år før). Den gjenverande, og ståande, jenta til høgre er inspirert av den nemnde utstillinga av afrikansk kunst, med nase liksom skore ut i mørkt treverk eller eit mørkt treslag. (Begge dei to jentene til høgre kan også sjåast som å ha tatt på seg masker.)


Vi går vidare på dikt da. Inn her kjem eit nytt arbeidslivsdikt - denne gongen eit fabrikkdikt - tatt frå bokåret 2013 her til lands. Men dette arbeidslivsdiktet peikar også ein annan, og formell, veg: I bruken av bokstavrim og retorikk slektar det på diktet som allereie blei sitert frå Merk mine ord, aleinemor. Verknaden hos diktaren er fornyande for lyrikken, når denne reidskapen blir montert på fabrikkskildring. Dessutan er det, viktig eller uviktig, å merke seg at også gjennom fabrikkdikta kjem det sterk nær familierelasjon inn:

Fabrikken syg fintfolkfraktande tippoldebeste
ut av skysskarens sesongslitne dress. Syg
amerikautvandra oldebeste ut av farmarens
frynsete overall.

Fabrikken syg besten inn i Cyanamidens
svartflyktige støvete hallar. Syg
far inn i Smeltehusets wattsterke varme. Syg
bror inn i Kalkomnens råsteinsraslande ro.

Fabrikken syg meg inn
i sveittestøvete sommarjobbar
Ein flyktande sesongarbeidar
i dongeriblå dress


Dette er altså eit av Lars Ove Seljestads nyfødte fabrikkdikt, valt frå boka Storspring (side 60). For å avgjere det kort kva som skjer: I Storspring blir det ubønnhøyrlege i produksjonen klæsja inni mange nære og djupt familiære relasjonar i det svært kjende vestlandske industrisamfunnet Odda, som også er kjend for sine vedhaldande litterære ambisjonar. Men eg har fått synt kva eg ville få fram med dette dømet på 2013-dikt. Når eg skriv «klæsja», meiner eg da montasje. Diksjonen og retorikken hos Seljestad er ikkje blitt spake og tilfeldige eksperiment, men sak som er gjennomgåande i boka.

Lars Ove Seljestad er - iallfall førebels - ingen ny Picasso i avantgarden, når ein tenkjer på Picasso sin overlag breie strategiske posisjon i avantgarden, avantgarden på sitt aller heftigaste; men Seljestad skriv seg inn i den same familien, det er den audmjuke påstanden min.

Alt i alt byr lyrikkåret 2013 på fleire overraskingar. Det finst ei bok som går heilt motsett veg til det dei nemnde Kristin Auestad Danielsen og Lars Ove Seljestad gjer. Her startar eg lesinga litt vilkårleg og fritt, og vi gir oss tid (med noko som kanskje kan vere bokåret 2013 si største utfordring for lyrikksjangren på det formelle planet):

jeg så en sky som var så liten
jeg så en sky som virket sliten

jeg så en sky som var for lett
jeg så en sky som var så tett

jeg så en sky som var så mørk
jeg så en sky som hang til tørk

jeg så en sky som skulle regne
jeg så en sky som kunne tegne

jeg så en sky som hadde kropp
jeg så en sky som løste seg opp

jeg så en sky som sto i brann
jeg så en sky som gikk i land

jeg så en sky som styrtet mot jorden
jeg så en sky som kom med torden

jeg så en sky som lå i en kropp
jeg så en sky som gjorde et hopp

jeg så en sky som ropte: kom!
jeg så en sky som laget flom

jeg så en sky som gikk i spinn
jeg så en sky som kom med vind

(....)
Når eg vel å sitere hit, er også det nokså fritt. Og eit enda mykje lengre dikt blir dette etterpå, ”jeg så en sky” held fram nokre boksider før ein ny variant av «jeg så» med nær likskap i rytme startar. Vi er i Sirkelsalme, som er nokså einsarta (eller nesten einsarta) gjennom heile boka, ho kjennest på ein måte meir konservativ enn radikal. Den beslekta verstypen fanst til dømes i julesongen ”Et barn er født i Bethlehem”, fann eg ut, når ein berre held utanom ein (kort) repetisjon ved nr 1.-linene og dertil sløyfer eit refreng etter nr 2.-linene, det er refrenget ”halleluja, halleluja”.

I boka Sirkelsalme er salmetonen montert på våre dagar si sterke otte for naturmiljøet. Men alle desse strofene går lina mykje lenger ut enn dei til tider utførlege strofene med religiøs forkynning gjennom salmeboka. For lesarar av poeten Monica Aasprong som ser på henne som avantgardistisk, til dømes slik det var i det visuelle storprosjektet Soldatmarkedet, så er det moglegvis uventa at ho tyr til eit såpass eldre og strengt versspråk. Men det er slett ikkje noko nytt at avantgardistar forsyner seg av heile feltet av verkemiddel og med bråfreske framgangsmåtar derpå slepper laus desse poesispråka som var blitt fanga og låste inne, sleppte ut for at dei skal vere frie igjen. For å kunne greie denne oppgåva må det da sprengstoff til frå poeten si side, og det er dette stoffet som Aasprong tar i bruk.

I avdelinga «jeg så en båt» på fem og ei halv side syner forfattaren dugleik både i å finne rike døme på båtliv og konkrete rimord. Versågod.

Blei du forresten overtydd om salmetradisjonen brukt av Aasprong? I praksis kan du prøve å teste ved å synge «jeg så en sky» på melodien til «Et barn er født i Bethlehem». Da ser du korleis det blir:
jeg så en sky som var så mørk
som var så mørk
jeg så en sky som hang til tørk
halleluja hallejuja


Men her vil diskusjonen halde fram om rimdikt... Dermed skal vi jamvel prøve eit døme på det som eg vil kalle montasje i kontekst, ofte enkelt kalt readymade eller objet trouvé:

vi setter pris på din hjelp
vi er her for å lytte til dine synspunkter
det er viktig for oss at du deltar på dine premisser
husk at du forblir anonym så lenge du vil


Slik opnar, den allereie omsnakka, diktboka av Bård Torgersen, som er døypt du bestemmer. Og dei enkle orda «du bestemmer», må eg seie med ein gong, det er djupt ironisk brukt.

Etter opninga kjem ein heil hær av spørsmål etter skjemaprinsippet. Uvanleg aktuelt i diktsamanheng blir jo dette, etter avsløringar på avsløringar av overvaking av alt digitalt og etter systematisk skummelt vidaresal av personlege opplysningar gjevne under andre føresetnader. Elles er det ikkje sidan Jan Erik Volds kykelipi (i 1969) samla og konsentrert så mykje readymade-tekst på ein gong gjennom ei norsk diktbok. Men eg gjer dette stutt og historisk, berre syner tilbake til (den fransk-amerikanske) dadaisten Marcel Duchamp sitt mest vidgjetne arbeid (sjå neste illustrasjen). Og eg minner samtidig om biten av veggtapet som (den spanske) Pablo Picasso limte inn i eit av dei tidlege kubistiske måleria sine. Dette var før Duchamp. Picasso braut - via denne innklistra biten av veggtapet - ein annan kardinalregel i europeisk kunst, ifølgje nemnde verk av Peter Bürger, nett regelen om at alt i kunstverket skal vere skapt av den skapande handa, iallfall vere fullstendig integrert av kunstnaren sjølv. Om Bård Torgersen: For ei meir inngåande detaljert skildring av du bestemmer - så er lesinga mi i desember her.
Marcel Duchamp: «Fountain», 1917. Dvs ei pissoirfontene (med bruk av psevdonymet R. Mutt) på rå og stor kunstutstilling i New York, som var ein svært sentral avantgarde-by da.
Foto: Alfred Stieglitz

Sjå på Duchamp igjen. Kunstverket har berre blitt meir og meir brukt i kunstdiskusjonar, også av forskarane på avantgarde, slik som det skjedde i det norske nettverket for avantgarde-studiar. Marcel Duchamp sine «fontene»-installasjonar er blitt eit av dei fem mest omtalte kunstverka i verda. Det viktigaste som Duchamp gjer og har gjort i samband med «Foundtain» (1917), er å plassere ein viktig ting som ein pissoar er, på sokkel i ei kunstutstilling. Det er dette som er montasje i kontekst. I dette tilfellet var montasjen eit så kraftig sjokk for utstillingspublikumet at eg trur montasjen blei fjerna frå utstillinga.

Eit siste døme på dikt med montasje tatt med til denne artikkelen kjem her, henta frå GROVT ØYE av Vemund Solheim Ådland:

Venner er kalk. vanlige penger er skarpe. glatt, pen,
stikkende hår i nesen og på fingrene. Syn - innerst.
Tok. Vant mye på det. Profesjon. Teft. Siv. Leste en
kjent ire. Flyt. Gammelt høyvann. Skog i brystet.
Tall. Såle.


Dette delvis svært korthogne og delvis munnlege i raske glimt, dette er det ikkje svært mykje av i 2013 utanom Vemund Solheim Ådlands diktbok. Men eg tar dømet med, fordi også slikt er ei mogleg retning for surrealistisk litteratur framover. Mikromontasje i stor fart, mikromontasje som organisasjonsprinsipp (for dikt, diktsyklus, for diktbok eller prosabok). Om ein går inn i GROVT ØYE av Solheim Ådland, møter ein enkelte element som også kjem tilbake i boka. Stadig er «Siv» eit gjennomgåande kvinnenamn, og dermed eit viktig element som innbyr til å lese inn eit kjærleikstema. Vemund Solheim Ådland synest å ha gjeve seg til ærlegdomen i surrealismen, og til den menneskelege draumelogikken, gjennom forfattarskapen sin.

Ein eigenskap hos avantgarden møter vi hyppig innom ei av gruppene, kunstnarane, og dette er evna til gjensidig arbeidsfellesskap. Iallfall jobba Picasso saman med franske Braque om kubisme eller med landsmannen Miro, som var både målar og skulptør, om store utsmykkingsoppdrag, eller Picasso var med forfattaren Appolinaire om det teoretiske og i mange år var han med diverse andre kunstnarar internasjonalt (også norske). Direkte felles prosjekt ser ein mindre av hos poetane. Morsmålet skaper skilje i moglege oppdrag. Derimot tel morsmålet ingenting eller lite i biletkunsten. (Noko å tenkje på: På 1980-talet hadde stuntpoetane i Noreg fellesprosjekt og aksjonar. Vonleg kjem det ei bok om stuntpoetane i år eller neste år, blei det sagt på det siste avantgarde-seminaret.)

Montasje kryr hos poetane, det er påstanden min, sjølv om dette er eit uutforska felt til no. Poetane i dag blir inspirerte av å sjå rundt seg, poetane kjenner på seg kva for metode som får dei i gang estetisk. Dei vel faktisk avantgarde. Må dei ikkje da bli målt ut ifrå dette valet? Til slutt: Kva er montasje blitt i avantgarde-samanheng enkelt sagt? Montasje blir noko som, uforfalska, har eit stort spenn, slik det verkelege som vi opplever i livet og arbeidet, har stort spenn og langvarige kontrastar.



Kjelder: Kjelder er diktbøker som eg, for eitt år sidan (+-), har kommentert på nettet frå hovudsakleg norsk 2013. Det er hovudkjeldene. Også andre bøker enn dei eg tok med i artikkelen over, kunne vore brukt som bevisføring.



PS:
Poeten Vemund Solheim Ådland bruker lydlikskap i staden for meir vanlege måtar, i talemål og i lyrikk, å rime på. Han skaper nye tydingar. Elles er det kanskje ikkje heilt rettferdig å starte å lese hos han nesten midt i boka, på side 42, som eg har gjort. Boka GROVT ØYE har t.d dette førstediktet:

Jeg lå innerst i jentene. Små flak, dråper. Sløste med
papiret. Spart hofte. Bar leppe, støy. Spyttet. Lett.
Tørket inntil. Beinete mel i halsen. Nytt, bøyd
silkestoff på øynene. Perlerad, rødt bind. Sto. Bet,
svakt inntil, lyse år. Jeg er renere etterpå. Se i Siv.
Høre på dem. Vitse. Vare lenge på lakenet.


Forfattaren kan også vere kortare av seg i formatet og ha eit anna toneleie. At avantgardistar skulle mangle humor er ikkje sant og har ikkje vore sant. Alt det vesle tredje diktet i boka har fått til denne skildringa med mannleg punch - eller noko som kanskje fleire menn enn kvinner skal sjå humoren i :

Valgfritt, liten palett, kona – nybadet, nybablet. Føyd.
Kåret. Varmet jakken hennes. Jobbet.