Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Habilitet i bokomtale på nettet

Publisert 2014-02-03 11:13:52, sist endret 2015-03-06 13:21:11

Habilitet i bokomtale på nettet

Ei diktsamling av Bernhard Vigen, om EU-byråkraten, er omtalt under med full forklart habilitet frå meg.
Vil dette bli eit fornya svar på spørsmålet om habilitet? Formålet med bokomtalane på nettstaden her, iallfall dei siste fem åra, har vore å gje ei vegleiing for nettbrukarar. Eg har sjølv heile tida måtta velje ut bøker å omtale. Mykje omtale av diktbøker manglar nok same kva. Sjølvsagt har eg kjent eit press lagt på meg. Men ingen har jo kunna tvinge meg til å omtale (eller utelate) ei viss bok her. Og slik kjem det nok også ut med bokmeldarane i større aviser; avismeldarar trur eg kunne prøve å seie seg inhabil ved visse jobbar frå (kultur)redaktøren. Eller dei kunne også prøve å melde pass etter to eller fleire mislykka forsøk på å lese teksten.

Kva består problemet i? Når du eingong er inhabil, kan du likesågjerne risikere å bli altfor positiv som å bli altfor negativ. Begge delar er flaut.

Som praktiserande poet sjølv så har eg hatt ei utfordring i tillegg til dette. Somme gonger synest det ferske bokverket å tangere mine eigne poesiverk. Ja, kva skjer når eg kjenner meg sjølv inhabil i å gjere bokomtalen instruktiv og objektiv? Eg sit med boka som eg har fått tak i, og les og lurer på kva som vil skje undervegs. For det kan skje at eg støyter imot noko som blir vanskeleg å forsere.

Når det gjaldt til dømes Sirkelsalme av Monica Asprong, som eg nett har omtalt, så er det eit faktum at eg har eksperimentert med rimdiktsjangren under 1982-boka mi Draken i solbærbuskane og i dei par siste bøkene, som var: Slutningar til Knes og Bjørka til Dahl og(...). Men bok-komposisjonen hos Asprong er jo nyslått og heilt annleis. Og versmålet der var hennar eige lån frå klassisk (salme)litteratur. Bruken av t.d sjanger gjorde meg ikkje innhabil i omtalen, det kjende eg på meg. Så langt - så bra.


Det skal bli fleire døme. Her kjem fem andre døme frå 2013-poesien som hamna i skjeringspunktet for meg mellom omtale og ikkje omtale, justert på stram frist for å lansere haustbøker.   


1. Forsering ikkje gjort: For snart 20 år sidan var Brit Bildøen og eg kvar for oss opphavet til våre dikt & danseframsyningar baserte på våre nye diktsamlingar den gongen. No har Janne-Camilla Lyster med tittelen sin Vi forlot den stille skogen gjort noko av det same som oss, berre det at forfattaren denne gongen ved hjelp av valde store boksider med variert typografisk plassering av tekst syner meir av det ho er ute etter av danseretning i rommet. Dessutan har ho koreografert dansen, sjå iallfall lenke her til scenekunst.no .


2. Forsering gjort: For like lenge sidan lanserte eg skjema-diktet mitt på min faste arbeidsplass, som var ungdomsskolen lokalt på heimstaden. Folk hugsa det lenge, for det var spesielt. Så blei vi pensjonistar fleire av oss. Og diktet blei til slutt gjort ferdig og utgjeve (i 2004). Når Bård Torgersen nyleg kom med eit poesiverk for ein del basert på skjemastilen og med eit liknade tema som i skjema-diktet mitt, kjende eg likevel ingen inhabilitet når eg skreiv om diktboka hans: Du bestemmer.


3. Forsering ikkje gjort: Ved Yngve Pedersens nyaste diktbok Det fremkaldte det, som vil bli bra brukt under samtidspoesifestivalen på Hamar i vår, der kjende eg igjen eit beslekta tonefall med 1960talsbøkene mine, og inhabiliteten kom sigande hos meg. Dette skjedde straks eg henta boka (på folkebiblioteket). Men eg tenkte over saka ei tid. Konklusjon: Slektskap i det språklege tonefallet er ein langt større inhabilitet enn t.d eit sams tema, og kan hende same synspunkt, det tykkjer eg.


4. Forsering ikkje gjort: Øyvind Hånes er romanforfattar og samtidig musikar og komponist og litt til. Han gav ut diktboka Desibel spirit, ei bok som ikkje minst vitnar om eit liv med musikk, og som samstundes har eit velmodulert diktarleg språk på hans eigen måte. Likevel fekk eg ei kjensle av inhabilitet på grunn av mi eiga diktbok i 2006, som hadde ei rekkje vitjingar både til musikk og ikkje minst til verkelege namngjevne poetar og kunstnarar. Vel. Noko av den same kjensla kunne eg sagt å ha om Øyvind Rimbereid si nyaste diktsamling Orgelsjøen, om det ikkje var for at denne boka same kva måtte ha vore ein for stor jobb å gjere når biblioteket kom med henne berre rett føre mi fastsette deadline for omtalane av 2013-bøkene.


5. Forsering (ja, gjort): Bernhard Vigen sitt verk Brüsselblødningene. Med eit tema som tar meg like mykje som Bård Torgersen si bok om skjema-lureriet, nemleg temaet: den vesle brüsselbyråkraten tilsett i - og plassert nært inntil - ei stor nyliberal statsdanning som EU utviklar seg til. Frå denne omfattande samlinga av dikt er følgjande dikt eit av dei første innfallsportane:

(westminster 1)


Kinnet ditt knudrete
marsipan jeg vil stryke
under medarbeidersamtalen
du har en offisiell liste du følger
jeg har min uoffisielle bak fernissen

vaiere i halsen din
kommer til syne mellom rysjer av hud
der det gustne fremmaner en særegen svarthet
i det seniorfargede håret
jeg vil ha dyleksien din, etterveksten
kan formere seg i hendene mine
jeg tilbyr massasje i lommene under øynene
å synge deg i søvn med britiske barnesanger
jeg skal klare å beundre
frityrgrytene maten din har romstert i
spenne håndfrisettet rundt midjen din
tilføre flyktighet



Dette er adresserte dikt, dei smaker av brevdikt, slike det også i dikta hos Bård Torgersen blir, om enn desse siste kan vere aldri så mykje ”objet trouvé” eller «ready made». Vi snakkar om brüsselbyråkraten da hos Vigen, men ikkje så mykje om det kjende superpolitiske ved grunnlova i EU, dei fire fridomane saman med tollmurane utover imot u-land. Likevel finst det parallellar her til den aukande nyliberale forvaltninga i vårt eige land. Bernhard Vigen med Forlaget Oktober har brøyta veg imot eit nytt og, slik eg ser det, livsviktig tema for lyrikken.