Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Året (flyktningar)

Publisert 2014-01-01 20:32:32, sist endret 2014-04-28 15:07:25

Året (flyktningar)

Irakiske flyktningar. Foto: AFP
Krigsår eller flyktningeår? Eg tenkjer vi seier begge delar. Men har vi flyktningedikt i norsk litteratur - no eller før? Må gå nesten tilbake til Wergeland. Eg kan mange dikt, men få om flyktningar. Eg vel å tolke Claes Gill sitt dikt «Flyktende ungdom» konkret om å flykte. Diktet er henta frå bokutgjeving 1942:

Flyktende ungdom!
En hind
jagd av et kobbel
halsende hunder.

Den store Jæger
paa post
mønstrer i kjølig
ro sine hænder.


Elles har vel Nordahl Grieg, han som lærte av døydde kamerat Rudolf Nilsen, på si side komme ganske nærme temaet flyktning med sitt juledikt frå 1937, «Til de arbeidsløses barn»:

Vi feirer nu et fattig barn.
Svøpt i en krybbes strå.
Han hersker nu i himmerik,
så vakkert kan det gå.

Her kommer dine arme små
fra sorg, fra sult, fra gru.
De blev korsfestet alt som barn.
Kom også dem ihu.


Også i våre dagar er det langt mellom, som sagt, at det diktast om flyktningar og flukt. Det er Jan Erik Vold da, med sitt lengste «Jesus var en flyktning fra år null», og med fleire kortare dikt rundt andre aktuelle og statlege utvisningssaker i heimlandet. Jesusdiktet hans følgjer same spor som Nordahls Grieg sitt (og før der Rudolf Nilsen sine). Alle tre diktarane har kunnskapar om evangelia i Bibelen.

Etter verdskrigen utvikla Gunvor Hofmo ein stor litteratur på tilhøvet sitt til si drepne flyktninge-venninne Ruth Maier. Men i Noreg blei dei norske jødane sin administrative vanskjebne under krigen snart tona ned og tidd om, utover freden. Og i nyare tid har Jan Erik Vold drive eit stort både journalistisk og litterært arbeid med å følgje opp Gunvor Hofmo og Ruth Maiers menneskelege og litterære skjebner ved hjelp av mange nye bokutgjevingar.

Sudan var eit land i Afrika. Sørlege Sudan, som med vesten si hjelp, reiv seg laus frå det fattigare Nord-Sudan gjennom årelange krigar, er framleis i kaos. Kva gjorde Noreg der av godt? I 2013 er det mindre «fraksjonar» i Sør-Sudan som krigar mot kvarandre, trass i forsikringar frå utenriksminister Bjørge Brende om stadige råd frå han om å halde fred og bruke demokratiet. Kva ligg bak dette? Nord-Sudan har ikkje lenger olje etter krigane som splitta Sudan opp i 2. Er det faktumet at 94 % av statsinntektene i Sør-Sudan kjem frå petroleumsolje, som ligg bak også den nyaste krigen?

Vesten har lobotomert statane Irak, Libya, Syria og Sudan på grunn av olje.

Diktet under, som er datert juni 2005, skreiv flyktningen og journalisten/poeten Asieh Amini frå Iran. Ho bur i Noreg og gjev ut bøker. Diktet som vi låner, er gjendikta frå persisk til norsk av Nina Zandjani:

En
står over meg
og truer:
«Ikke snakk!»

En sitter overfor meg
og råder:
«Ikke snakk!»

En
sover ved siden av meg
og nynner: «Ikke snakk!»

En er inni meg
og skremmer meg: «Ikke snakk!»

Slik
er minnene til journalisten
som ikke snakker.



_________________
DEL II, februar 2014


Flyktningar til Noreg - dei tar seg av oppgåva å skrive flyktningedikt med norsk innfallsport. Dette gjeld iallfall undertrykte forfattarar (i ulike land) som blir tatt imot som «fribyforfattarar» i Noreg. Det er desse vi i Noreg må stole på.

Sidan sist har iranske Asieh Amini no komme ut med ei ny diktbok. Dikta vitnar om aukande påverknad frå hennar liv i Noreg (dei aller siste åra). Framleis har ho skrive originaldikta på persisk, medan Nina Zandjani igjen har gjendikta vidare til norsk. Dei nye dikta er kjærleiksdikt og flyktningedikt på same tid! At dei har kjærleik som tema, ser ein alt på tittelen Jeg savner å savne deg. At dikta er flyktningedikt, ser ein alt ved det vesle inngangsdiktet plassert aller først:

Vemod


Så heldig sneglen er!
Hvor den enn går,
har den sitt hjem


Trondheim, 12.12.2012



Vår Bjørnstjerne Bjørnson song med rette «Se, deri er jeg av snegle-arten/ at huset bærer jeg med på farten (...)» i det praktfulle og meir trygge kjærleiksdiktet sitt «Mitt følge», på 10 solide strofer. Asieh Amini kan berre misunne snigelen, her i det nye diktet sitt.

Mange av dikta er noterte midt under livet i Trondheim, der Amini har budd ein periode som fribyforfattar. Det neste diktet som eg vil sitere, er ei skildring av byar, der by-elvene tyder mykje for henne. Ei naken samanstilling av byar finst elles her, somme iranske byar blir sette opp imot Trondheim, som nordmenn kjenner:

Mine byer


I likhet med andre byer
hvis beger
jeg har tømt til siste dråpe,

som Shahsavar,
Mashhad,
og Teheran,
i likhet med disse byer
som har tilført blodet i årene mine eleksiren fra trærne
og elvene sine,

elsker jeg også byen Trondheim.


Trondheim folkebibliotek, 01.04.2011



Kanskje er kjærleikstemaet det mest framme her. Diktet rett etterpå denne samanstillinga av byar, må derimot også takast som eit flyktningedikt i konteksten som er... Skildringa er blitt dramatisk i avstandskjenslene, før diktet midt på dreier og går vegen om identifikasjon og empati, dvs om kjærleik:

Akkurat slik jeg er


Kvinnen med ører som lange spiker,
store, svarte kuler til øyne,
hen i sikksakk
og hud, tynn som løkskall.

Kvinnens kjeve beveger seg fra side til side
når hun snakker,
innvollene
er som urverk
og fingrene uten negler.

Kvinnen flere lysår bortenfor
er min nabo,
en ensom kvinne.

Noen ganger ser vi opp mot himmelen samtidig
og tenker:

Hva gjør den ensomme nabokvinnen
bak denne veggen,
mange lysår unna?


Trondheim, 26.07.2011



Ei opplysning:
I boka Jeg savner å savne deg står den originale persiske diktversjonen side ved side med den norske gjendikta versjonen, som det altså blir lånt frå i artikkelen her. Side ved side, på same måte, var det da gjort også i Asieh Amini si aller første diktbok på norsk , ei bok frå 2011. Derfor vil det vere både norskkunnige og persiskkunnige lesarar av bøkene hennar. Og bra for folk som kan det eine språket og noko av det andre, kan det samstundes vere, skulle eg meine.