Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Da det heile starta

Publisert 2013-06-26 19:47:43, sist endret 2013-07-24 17:44:51

Da det heile starta

Guillaume Apollinaire måla av Vlaminck, ein frå miljøet, i 1913
Guillaume Apollinaire er ikkje den franske poeten som vi høyrer aller mest om frå akademiske krinsar, men han var likevel eit stort namn i avantgarden si byrjing, men døydde relativt brått rett etter at første verdskrig var slutt - og etter at tre poetiske bøker var komne ut (han gjorde mykje anna, prosa, pornografi, tidsskrift, bøker om biletkunst, deltok i krigen).

Farvel


Eg plukka ein liten lyngkvast
Hausten er død hugs på det
Her på jord skal vi aldri meir møtast
Duft av tid av ein liten lyngkvast
Og hugs at eg ventar på deg


Dette korte og pregnante diktet om sakn er henta frå Alcohol (1913), fått i Ragnar Hovlands gjendikting. Diktet er nokså typisk for ein del av Apollinaire sin poesi. Slik lyder den franske originalen, sitert etter vesle og artige «Petite anthologie de la poésie francaise» (2006), som eg har for handa:

L’Adieu


J’ai cueilli ce brin de bruyère
L’automne est morte souviens-t’en
Nous ne nous verrons plus sur terre
Odeur du temps brin de bruyère
Et souviens que je t’attends


Den franske originalen er, naturleg nok, forma meir klassisk fullenda enn gjendiktinga er.

Ja, dette er altså funni i ein liten lommeantologi produsert for dei takknemlege franske, pluss dei frankofile, med nette underavdelingar som kjærleik, vere øm, ønske, oppgløding, spenning, tungsinn, vemod osb. Diktet L'Adieu er plassert i avdelinga kalt ”De souvenir” = minne (hukommelse). Dei fleste dikta omfatta i denne antologien høyrer nok til - sjølv om samtlege er skrivne på franskdominert språkområde - ein sterkt innarbeidd fransk verdslitteratur.

Apollinaire er representert fleire stader i denne lommeantologien. Under stikkordet ”tungsinn” (fransk: De la mélancolie) er ført inn ”Le Pont Mirabeau”, ein populær visetekst (med refrenget fire gonger) av sjølvaste avantgardisten Apollinaire:

Sous le pont Mirabeau coule la Seine
Et nos amours
Faut-il qu’il m’en souvienne
La Joie venait toujours aprés la peine

Vienne la nuit sonne l’heure
Les jours s’en vont je demeure

Les mains dans les mains restons face à face
Tandis que sous
Le pont de nos bras passe
Des éternels regards l’onde si lasse

Vienne la nuit sonne l’heure
Les jours s’en vont je demeure

L’amour s’en va comme cette eau courante
L’amour s’en va
Comme la vie est lente
Et comme l’Espérance est violente

Vienne la nuit sonne l’heure
Les jours s’en vont je demeure

Passent les jours et passent les semaines
Ni temps passé
Ni les amours reviennent
Sous le pont Mirabeau coule la Seine

Vienne la nuit sonne l’heure
Les jours s’en vont je demeure


Meir om avantgardisten seinare. Slik er elles Ragnar Hovlands norske versjon av det same visediktet blitt i 1998 (og Hovland, med sin versifikasjon, er ikkje den verste til å aksle oppgåva med å gjendikte) :

Pont Mirabeau


Under Pont Mirabeau flyt Seinen forbi
og vår kjærleik
Må eg minnast alt på ny
Når sorga tar slutt kjem gleda si tid

Natta kjem klokka slær
Dagane går eg blir her

Vi såg einannan hand i hand
Under brua
av armane våre rann
evige blikk bølgjer mot land

Natta kjem klokka slær
Dagane går eg blir her

Kjærleiken kverv slik vatnet renn
Kjærleiken kverv
Livet går ein dag om senn
Men slik som Håpet brenn

Natta kjem klokka slær
Dagane går eg blir her

Dagar går og veker skrid
Korkje tida
eller kjærleiken kan bli
Under Pont Mirabeau flyt Seinen forbi

Natta kjem klokka slær
Dagane går eg blir her


Så litt om avantgarden og Apollinaire. Guillaume Apollinaire var nær futuristane og særleg nær kubistane og Pablo Picasso. Apollinaire (f. 1880) blei venn med Picasso alt i 1902. Og Picasso var ein av forlovarane i Apollinaire sitt bryllup så seint som i 1918, fortel Ragnar Hovland i boka hans med alle gjendiktingane av Apollinaire, tittel: Den melankolske vaktposten. Poeten sto altså nær dei to første avantgarderørslene og var samtidig av natur svært nyfiken på alle estetiske retningar og kunne godt påkalle tradisjonen i diktinga, fortel Hovland.

Her er eit visuelt dikt av Apollinaire:
«Det regnar» heiter dette diktet, som blei litt vanskeleg å kopiere her. Dessutan tyder orda il pleure «det gret» på fransk. Diktet er henta frå Calligramme (1918), det same året som Apollinaire døydde, og viser til «Il pleure dans mon coeur comme il pleut sur la ville» av Paul Verlaine.

Også Jan Jakob Tønseth har gjendikta Apollinaire til norsk (bokmål). Mellom anna gjorde han det i 1985 med mange dikt frå Alcohol, eit arbeid saman med Arne Kjell Haugen.

Kva er eigentleg avantgarden i kunst og litteratur osb? Ein forsøksvis oversikt over avantgardismen, med ein innleiande arbeidsdefinisjon, finst i denne ferske til dels polemiske artikkelen her.