Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Dikt 2012

Publisert 2012-12-07 09:08:30, sist endret 2013-05-13 12:23:24

Dikt 2012

Kaisa Aglen med diktbok. Men her knipsa som bistandsarbeidar. Foto: Norges Kristne Råd
Ingunn Økland i Aftenposten er tidleg ute med omtale av sju dikt-debutantar denne hausten, debutantar som ho finn noko sams i, ei katastrofestemning i: Verda utan oss. Og dette med dei sju nye er da Kaisa Aglen, Marianne Clementine, Anja Høvik Strømsted, Joanna Rzadkowska, og det er Rebecca Dinerstein, Leif Høghaug og Morten Langeland.

Verda går vidare utan oss, er inntrykket Ingunn Økland sit igjen med etter dei sju debutane; ein overvegande katastrofelitteratur, forklårer Økland, ein litteratur påverka av gammal apokalypse og moderne science fiction.

I ei diktsamling kan ein leggje inn ulike syn og oppfatningar. Det vil skifte kva ein legg mest merke til i ei diktsamling. Sjølv har eg omtalt 5 av dei 7 nemnde diktsamlingane, på min måte, og det finst lenke dit i den større oversikta under frå nettstaden gjennom dette siste året:




I februar og mars

Wislawa Szymborska er død.

Tomas Tranströmer og Jan Erik Volds gjendikting på norsk av heile Tranströmers samla forfattarskap.

Ny utåve av Ruba'iyat på norsk. Johannes Gjerdåker si gjendikting av persiske Omar Khayyam.

Thomas Lundbo: Gjendikting av Jaques Roubauds Noe svart (Quelque chose noir)




I april og mai

Påmelde diktbøker for 2012 og smakebit av Rune F.Hjemås.

Debut: Charlotte Riise: Eg treng tid til å sakna deg

Gunstein Bakke: Murskueteknikkane




I juni og juli

Erling Indreeide: Presens

Håvard Rem: 30 - 40 – 50

Blikk over Ellen Einans dikt




I august

Debut: Joanna Rzadkowska: Gjentagelsestvang

Hans Johan Sagrusten: Evangelie-sonettar

Christian Refsum: Kåte dikt




I septenber

Tom Jackie Haugen: «Husflid her og husflid der»

Arne Ruste står på: Kretsløp. Dikt 1973-2012

Debut: Ingrid Furre: Kollektivet

Kjartan Hatløy: Kjøkkendikt

Haustutstilling (av dikt):
- Terje Dragseth: BELLA BLUE (Håndbpok for verdensrommet)
- Anja Høvik Strømsted med debuten BARTH VADER-ESKALASJONEN
- Jo Torkjell Fenne: Statueveltere

Og indirekte her (sjå nedover), ein debut: Marianne Clementines Bilydar .




I oktober

Tormod Haugland: Straumen går

Indirekte, via Oslo poesifestival, om Ito Hiromis enkeltdikt «Coyote»

Debut av Morten Langeland: ÆÆÅ

Magli Elsters enkeltdikt «TA IKKE DE SMÅ TING MED»




I november og desember

Nødvendige lange dikt: - Anne Bø: Frostdokumenter
- Johan Grip har gjendikta Horats Satirer. Bok 1

Odveig Klyve: Lyden av sol

Leif Høghaug: FAMA

Glad i landet
- Ole Jakob Nilsen: Mi barndomselv
- Mona Vetrhus si konsentrerte Uskedalen-skildring: Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld
- Thomas Marco Blatt: 1920 Sørumsand




Ps i januar og februar

Hanne Bramness gjendiktar: Stemmer i andre hus

Per Olav Kaldestad si gjendikting av Patricia Schonstein-Pinnock: Det ukjende barnet .

Kristin Auestad Danielsen: Merk mine ord, Åleinemor. .

17 nordnorske forfattarar: noe som er inni noe