Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Topografien og poesien

Publisert 2012-01-13 11:23:38, sist endret 2013-01-15 11:01:09

Topografien og poesien

Slepe ei condeep-plattform under gullalderen. Tidlege condeep'ar dei går igjen i Øyvind Rimbereids diktsamling frå 2011, Jimmen.

Foto: Contrafed Publishing Co.
Kven har skrive dette under om opphavet sitt og om seg sjølv? Jo, det er ein kjend norsk poet som går sine vegar og gjer gjer opp status og situasjon, Øyvind Rimbereid. Og han fortel:

Poetikk? Ikke presist. Heller: Om det som finnes under skriften min, som motiv og tradisjon, idet diktet slynger seg nedover pc-skjermen. Denne opplyst poetiske mellomverden, som selv forsøker å slynge et lys over en verden der ute, en verden som i mitt tilfelle ofte har handlet om steder, byer, landskap og geografier – konkret og faktuelt, med sin fortid, nåtid og framtid. Kanskje har det blitt slik fordi jeg vokste opp på en høyde i byen, med utsikt fra et loftsrom over hustak, jernbanespor, og de nå revne pipene til hermetikkfabrikkene i østre bydel, Gandsfjorden med en plattform under konstruksjon, og bakenfor det igjen, fjellene bølgende østover. En verden stor nok til å spekulere over eller bare la blikket hvile i. En utsikt mot noe som både tilhører en selv og de andre ukjente, noe fortrolig og utrolig, noe rolig og urolig på samme tid. Eller det kan ha å gjøre med noe så banalt som livet i tegneseriene, de som lå strødd utover på loftsrommet og formidlet lukten av afrikansk jungel, amerikanske stepper, europeiske slagmarker og utenomjordisk kryptonitt. Eller det kan ha å gjøre med reint subjektive sider ved en selv. (...)


Dette er opninga på essayet Om det topografiske diktet og henta frå Øyvind Rimbereids essaybok Hvorfor ensomt leve?, utgjeven i 2006. Deretter skal vi hive oss på og sitere diktpassasjar frå Rimbereids stramme forteljande langdiktbok i fjor, Jimmen:




Med slebetauet rett inn på bogtreet
drar Jimmen
så svetten skumme unna reimane
og hovane hans stampe
i den sorpete bakken og det sludde rundt oss,
men det ska gå bra dette, Jimmen
sterke deg, e bare ein liden, rød Mini Morris
et filleuhell
og se koss eg òg drar i tauet, Jimmen
me e jo langt øve halvveis
opp te veien der du ska få eple
og sjåføren skrige någe
der han skyve i døra på Minien
(...)


Utsnittet er teke frå side 47. Og det er eg-personen i boka som bruker Stavanger-dialekt. Det blir skildra ein hest som sleper Mini Morris opp ein bakke. Heile boka opnar kraftig slik:



Høyrer eg no
gode herren
koma nedåt sti
og burtåt stallen mine heimars.
Han mun opna veggar tvo
og ljoset skal då rida stort
med taumar gull
og munnbet sylver.

Skal eg då ved stauren standa
og standa der
til herren med si tunne
og i frakk
og burtåt stauren koma.

(...)


Her møtte vi svært brått ein hest sine tankar, ein indre monolog (med eit heilt anna språk enn dialekt). Desse to siterte utsnitta frå boka representerer altså ein hestekar og ein hest, der Jimmen er hestenamnet. Boka vekslar konsekvent mellom hesten og hestekaren, i ein slags vekselsong.

At karen bruker Stavangerdialekt er ikkje meir enn rett og rimeleg, han er jo frå oljebyen Stavanger og ein del av forfattaren sitt topografiske prosjekt; og den fortalde tida er midt i 1970-åra, då oljealderen hadde byrja og då svært få hestar framleis blei brukte i bymiljø til jobbing.

Så langt så greit?

At hesten bruker eit arkaisk og versifikatorisk språk i tankane sine er forbløffande. Men han er jo ein hest! kan ein svare, korleis skal hesten elles tenkje og uttrykkje seg. Hesten her bruker ein rest av gammalt norrønt mål, med kasusbøying istaden for streng moderne rekkjefølgje av orda i setninga.

På den måten slepp hesten å artikulere så mange småord; og rytmen, den manande enkle trokéiske rytmen, blir lettare å finne fram til. For å støtte opp om den manande rytmen bruker hesten stavrim á la det norrøne Trymskvida (sjå opninga, omsett): «Vreid var Vingtor/ då han vakna (...)». Jimmen seier (over): Høyrer eg no/ gode herren (...). Og (i neste strofe): Skal eg då ved stauren standa/ (...). Dette er utgamle bokstavrim, nærmast stavrim.

Meir om tradisjonen: Sjølv om verb-ordet «Høyrer» kjem først hos Jimmen, så er setninga likevel ikkje noko spørsmål. Det same trekket med startverb i forteljinga finn vi - forutan i norrøn poesi - også i tidleg norsk patriotisk poesi før Henrik Wergeland og i mange korte folkeviser og lengre middelalderballadar. Her klipper eg frå tradisjonen:

* «Boer jeg paa det høje fjeld,» startar Johan Nordahl Brun (f. 1745). Ja, her spør J.N.Brun ikkje.

* «Flyver vor aand til de hensvundne tider» (klipt frå nasjonalsongen «Sønner af Norge»), dette påstår H.A.Bjerrregaard og spør ikkje. Eg trur han.

* «Høyre du Åsmund Frægdagjæva», dette frå f.visa er heller ikkje eit spørsmål, men ei formaning om å høyre etter og følgje med.

Slik kunne vi dynge på med arkaisk ordbruk frå norrøn eller førromantisk tid, og dette kan verke teknisk. Men eg tar eit par stikkprøver til: Ei folkevise seier «Saa ganger jeg meg op i højen loft»: tilsvarande bruker hesten Jimmen i starten av ein indre monolog (s 13) følgjande: Gangar me då/ på deim vegar (...). Heller ikkje her er det eit spørsmål, tvert imot, men lagt trykk på verbet, gjerninga.

Konklusjon: Det litterære diktarspråket hos hesten «Jimmen» er ein del av Øyvind Rimereids førromantiske prosjekt, som han skildra som essay i Hvorfor ensomt leve? Sideopplysning: både Johan Nordahl Brun og dertil H.A.Bjerregaard er relativt populære allsongprodukt framleis. (Ikkje minst Bruns to patriotiske: For Norge, kæmpers fødeland og Jeg tog min nystemte Cithar ihænde). Absolutt konklusjon: Fascinerande å lese korleis ein hest tenkjer når han arbeider.



Ein ny inderleg poesi?

På slutten av poesiåret i fjor var ein kritikar innom tanken at avantgardisten Ingrid Storholmens inderlege kjærleiksdikt i Til kjærlighetens pris var ein slags ny inderleg tendens. Eg trur det var Morten Wintervold i Klassekampen som spurde. Og er, i så fall, Øyvind Rimbereids solide forteljing om ein hest del i den same inderlege tendensen?

Utan tvil er hest stadig eit populært og ungdommeleg offentleg emne. Likevel må vi tenkje på at temaet hest og arbeid nok er mangelvare i den norske lyrikken. Slik har det lenge vore. Eg trur eg må heilt til futuristen Vladimir Majakovskij for å finne ein vidgjeten skriven samtale mellom menneske og ein arbeidshest. Derimot fekk Noreg i fjor opp det følgjande temaet på samisk: reinen og arbeid hos debutanten Rawdna Carita Eira.

Øyvind Rimbereid har visse sambandsliner til diktboka Trisyn av Cornelis Jakhelln , og Jimmen rommar både pastisj og heltemot. Men først og fremst er Øyvind Rimbereids siste diktbok eit ektefødt barn av 2000-talet & opningar tilbake til avantgardismen. Den poeten som Rimbereid konkurrerer med, er den store danske systempoeten (frå 1960-talet) Inger Christensen. Alle Rimbereids mange utgangspunkt i dikta er først og fremst positive til vitskapane og det vitskaplege. Dessutan er lysta til å låne frå - og plante om - det klassiske verset der i sterk mon.

Rimbereid ser nok ikkje føre seg at Stavanger-folk skal byrja med arbeidshest i gatene no i 2012. Det er meir det prinsippielle og generelt politiske i menneska sin samforstand med dyr som er ærendet til forfattaren, slik eg les boka.






Note: Dikta, som er siterte frå den patriotiske tradisjonen, har komponerte melodiar og er gjevne att frå 1951-utgåva av Norges melodier, dvs. frå ein lett modernisert skrivemåte i høve til originale oppskrivingar og eldre trykte attgjevingar frå Edvard Griegs unge tid som redaktør.


Ps 14/1-2012: Her er meir stoff rundt Øyvind Rimbereid skilje mellom førromantisk skiten og topografisk lyrikk og ein lyrikk som følgjer den romantisk abstraherande skolen. Stoff og utlegning om essaya i 2006 .