Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Antiimperialistiske dikt

Publisert 2011-10-20 11:29:07, sist endret 2011-10-20 11:29:07

Antiimperialistiske dikt

Framme på Per Kristian Canis bok
Debutanten på Flamme forlag, Per Kristian Cani (som bur i Oslo) har gjeve ut ei heil bok med reisedikt. Ferda går til Marokko og Vest-Sahara, altså til både noko velkjend og noko særs lite søkt av turistar.



Det er mange bakgrunnar for den fyldige diktboka. Eit utgangspunkt for ferda gjennom Marokko og Vest-Sahara kan finnast i diktet under:









NÅR BLIR TURISTEN EN REISENDE?


Turisten Tom står og selger blekka si på Place des Nations Unies.
Den er både et atlas og ei dagbok, hvert stoppested tegnet og
besunget. Fyren minner om en replikkveksling, noe fra Bowles,
kan hende The Sheltering Sky: A tourist is someone who thinks
about going home the moment they arrive. Whereas a traveller
might not come back at all.



Her er slått an ein alvorleg tone.

Boka er delt opp i kapittel med dikt. Slik er reiseruta rundt i Marokko for kap. 1: Tanger – Casablanca – Salé – Fès. Reiseruta for kap 2 er såleis: Merzouga – Jebel Toubkal (høgaste fjelltopp) – Azilal – Marrakech – Essaouira. Ja, ruter med enkelte velkjende og klassiske og historiske destinasjonar. Desse to reiserutene går elles fram av opplysningar frå dei enkelte dikta, slik som med staden Azilal i det følgjande diktet:




MRIRIDA # 2


Mririda viser meg Azilals eneste kino. En hvit husfasade hvor
filmen spilles av publikums skygger. Et monster av ei hånd hiver
innpå ulike dyr. Et annet sted leker to neser med hverandre: Den
ene en baug, den andre et nes. Jeg sier jeg tenker å dra til Vest-
Sahara. Hun drar av seg djellabaen. Brystene hennes henger over
skyggene. ”Her har du okkupasjon,” sier hun.



Altså på denne måten møter vi planen om å reise til Vest-Sahara. Det er eg-personen som vil reise vidare dit. Etter at Spania trekte seg ut av det omstritte «området» i 1975, kryssa fleire hundre tusen marokanske soldatar gensa og okkuperte Vest-Sahara. Og nettopp dette går fram poetisk av det følgjande ”eventyret” (i kapittel 4).




EVENTYR


Da prins Hassan av Marokko sto på toppen av landets høyeste
fjell, kom en djinn til ham og sa: ”Alt dette skal bli ditt, men også
det rike landet som ligger så langt sør ditt øye kan se.” Noen år
senere marsjerte 350 000 marokkanere over grensa.


At stilen i boka Atlas er å skifte på og variere diktsjanger, vil eg gjerne slå fast. Og faktisk er variasjonen større enn eg har synt med diktdøa her.

Det nemnde Marokkos høgaste fjell ligg i Atlas, fjellkjeden i Nord-Afrika (vesentleg gjennom Marokko, men også innom Tunis og enorme Algerie). Ordet Atlas har altså gjeve tittel til diktboka. Atlas er også ein del av det mytiske byggverket frå oldtida rundt i Middelhavslanda. Atlas er ein gud.

I boka er kjærleikdikt. Kjærleiksinnhaldet som blir plukka opp på ferda, tykkjest å ha ein parallell til den historiske beatlyrikken og - seinare - til Richard Brautigan, som blir nemnd i boka. Per Kristian Cani følgjer opp på sitt vis jubileumsboka Varmestafetten frå 2009 som var til ære for Jan Erik Vold. La meg sitere VAD DÅ DÅ:


VAD DÅ DÅ


hvis halve norge
plutselig måtte flykte

og ikke fant fred
før de värmlandske skoger



Ein konklusjon: Forfattaren er bra både i systemdikt og i kortformat, inkludert enkelte «objet trouvé», dvs ein parallell til Jan Erik Volds kykelipi og andre 60-talsbøker. I staden for temaet Vietnamkrigen er temaet altså ein afrikansk okkupasjon fora med imperialistiske medløparar og spark til samtidig norsk snikete ulovleg medverknad, meir slik som i Volds 90-talspoesi. På mikroplan i boka finst parallellar til Vold, eksemplet over er bruk av engelske og svenske idiom blanda i norsken. Og dette er alt saman markørar.

Reiseboka løyser seg opp, som nødvendig er, i avdelingane III og IV. Forfattaren må ta omsyn til å beskytte kjelder. Her blir det viktigaste å røre ved tabu i norsk imperialistisk oppførsel. Denne delen inneheld satiriske og instruktive dikt. Men det har vore for farleg å trykke fotoa tatt meir eller mindre på løynleg vis, frå reisene både i Marokko og Vest-Sahara. Les sjølv om dette.

No skulle eg sjølvsagt vurdert godt og dårleg i denne debyboka, mange ville kanskje gjort det. Men eg tykkjer både ei skildring av det spesielle opplegget for Cani i boka og fulle sitat av enkelte dikt er aller viktigast. Debuten hans er solid og både poetisk og sakleg.