Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Avislesarane

Publisert 2011-08-24 09:51:04, sist endret 2011-08-28 17:39:30

Avislesarane

Ny norsk bok med den russiske eksilpoeten Marina Tsvetajeva
Det er skrive eit dikt om avislesarane. Dette diktet blei skrive i 1935. Forfattaren var ein russisk poet, Marina Tsvetajeva. Korleis er diktet om avislesarane? Det er på 11 strofer og nett komme ut på norsk. Du kan lese det her, under. Forfattaren Jo Eggen har omsett til norsk.



Avislesarane



Ein underjordisk slange fraktar
folk i sitt system.
Og kvar og ein har si
avis (har sin eksem!)
Ein drøvtyggarrefleks,
ein nyheitskaries.
Dei tygg som mjukaste voks
avisa dei står og les.

Kven les? Ein ung? Ein gammal?
Ein atlet eller soldat?
Dei mistar ansikt, alder.
Som skjelett eller plakat,
kledd i avis frå panna
til navlen, står Paris.
La vere, jente, du vil få
eit barn som les avis.

Dei vog - «var saman med søstera» -
gar - «slo far i hel!»
Dei voggar seg fulle
på tomgodset servert.

Finst soloppgang og solnedgang
i slikt eit paradis?
For dei som sluker tomheit,
dei som les avis!

Avis - les: vonde glis,
avis - les skit til sals
Kvar spalte grisar til,
kvart avsnitt vekker hat...

Kva står de med på Dommedag
som vitne og bevis!
Grafsarar etter minutt,
de som les avis!

Han gikk! Blei bare borte!
Mora sin gamle sut.
Mødrer! Gutenberg-pressa
er verre enn Schwarz sitt krut!

Heller på kyrkjegarden
enn smitta av ein notis,
enn å klø den same skorpa
som dei som les avis!

Kven gravlegg sønene våre
før dei får levd eit liv?
Blodskamblandarane:
Dei som skriv avis!

Dette, men mye sterkare
enn i diktet mitt! -
tenker eg der eg står
med eit manuskript

foran dette ansiktet
tomt på alle vis! -
ikkje-ansiktet til
redaktøren for avis-

skiten.



Les diktet også høgt, så vil du merke at forfattaren, Marina Tsvetajeva, har eit stort driv, og du vil setje pris på eit godt arbeid av omsetjaren, Jo Eggen. Dette diktet står som eit siste dikt i Eggens utval/utgjeving av Tsvetajevas dikt, Milestolpar (2011).

Diktet Avislesarane er eit dikt om medier, og det minner meg om Prøysens mediedikt Visa hennes Staslin . Dei to dikta - Tsvetajeva versus Prøysen - har bl.a noko tilfeldig sams i oppbygginga; oppbygginga har bl.a nytta tiraderim som avslutning på strofene i dikta.

Tsvetajeva skreiv diktet sitt under eit eksil i Paris. Paris dukkar opp i diktet. Harde 4 år seinare var ho på plass i Sovjetunionen igjen, no rett føre verdskrigen kom i gang. Dette var enda ei vanskeleg tid for henne og familien, og det endte med sjølvmord for Marina i 1941, 49 år gammal.



Litt meir om Marina Tsvetajeva og litt om Jo Eggen

Estetisk: Marina Tsvetajeva var korkje med futuristane eller akmeistane (Anna Akhmatova), men ho respekterte futuristen Vladimir Majakovskij. Politisk: Marina Tsvetajeva var korkje med dei kvite eller dei raude (slik folk i familien hennar var), men manøvrerte.

Omsetjaren Jo Eggen har før sett om Osip Mandelstam og Anna Akhmatova frå russisk, samt barnedikt av Samueil Marsjak. Og Jo Eggen har forsynt boka på Marina Tsvetajeva sine dikt med ein entusiastisk introduksjon. Eggens siste eige diktutgjeving er Stavkirkedikt .