Til hovedsiden
  Heim
Velkommen til Helge Rykkjas forfattarsider.

Her finn du opplysningar om forfattarskapen min. Og du kan bl.a lese dikt av meg. Sidene er eit resultat av avantgarden...   

Mi debutbok: BOK


Denne nettstaden rommar artiklar og notisar om nokså mange menneske sin poesi, via Nytt og Artiklar. Og dikta skal retteleg få ordet, dikta kan da siterast fullt ut og ikkje avbrytast etter knappe få ord og deretter eventuelt berre omtalast...

Nettstaden, som eg opna i 2004, er eit bidrag til å fornye det trongare mediet frå dei nærmaste ti-åra før og spesielt det aller nærmaste... Nettstaden er ein prøve retta mot ein kunnskaps-basert diktkanal, som ikkje er fullt så tatt på slump og så prega av nisje som slump fort utviklar seg til. I dei seinare tiåra blei den etter måten omfangsrike diktsjangren neglisjert i media...

Ein annan ting: I poesien for meg er alltid ei fortid og ei notid og ei framtid nærverande. Dermed kan du setje deg ned.


_________
Ps 23/11-10:
På nettstaden har har eg altså omtalt ein god del bøker desse seinare åra. Men eg tar likevel ikkje imot bøker i handa direkte ved forlagsinitiativ. Eg bruker kanal gjennom folkebibliotek og er relativt uavhengig av påtrykk og reklame.

Eit par-tre år seinare igjen - dvs 25/10-2013 - definerte eg meire presist det uavhengige som dette å vere kopla frå den innsnevra lanseringmåten til forlag og bokhandel. Og no litt om publiseringa på nettstaden.
bjørka til Dahl
og 52 kameratslege
oppmodingar
bjørka til dahl
Les dikt frå boka

Nytt

Per Kleiva og GRAS
Kustnaren Per Kleiva er gått bort. Han var ein mei... Les nytt
Beste songtekst
Bjørnsonfestivalen ville kåre Noregs beste songtek... Les nytt
Førdefestivalen 2017
Les artikkel