Samtaler (med ein sauebonde)

Hei Terje Thorsen!

urban(ist) med røter nordover

Brev er ei mykje brukt litterær form, også i dikt. Du er ein kul type, og boka di – Samtaler med en sauebonde – er fin å bla i, er lekker å halde i handa og startar sterkt med diktet gutunge fra kirkegata. Eg skriv no eit brev til deg. Har lånt boka på biblioteket. (Eg tar ikkje imot bøker frå forlaga, dvs etablerte forlag, noko som Flamme Forlag, forlaget ditt, er.) Eg har lese gjennom boka og spør meg om du ikkje har gjort deg ferdig med å skrive beatpoesi no? Alt dette eg kjem med, går fram av boka di, meiner eg. Eg meiner du har vore gift såpass lenge og hatt same og siste jobben såpass lenge. Og: Du veit kva forvirring er. Og du er like satt og samvetsfull som det eg er. Bevaremegvel.

Hald fram å lesa Samtaler (med ein sauebonde)