Den 8. mars er det 100 år sidan Rolf Jacobsen vart fødd, derfor eit jubileum for poeten. Hovudmarkeringa skal skje i Hamar, med ein tilknytta nordisk poesifestival og eit forskarseminar. På denne nettstaden finn du opplysningar ved å trykke på Arrangementer .
Uavhengig av jubileringa på Hamar tilbyr Øyvind Rimbereid i essayet om topografiske dikt å lese Rolf Jacobsen og andre kjende norske poetar på ein ny måte (sitat s 139):
Men spørsmålet er også om ikke idealismens og romantikkens vilje til omtolkning av landskap har fått konsekvenser for landskapstenkningen i litteraturen helt fram til i dag. Påtakeleg er det i hvert fall at når naturen er motiv i norsk lyrisk modernisme, så er det først og fremst som avgrenset bilde den blir presentert: et statisk utsnitt med trær, berg, myr, telefonstolpe med en fugl, eller i byvariant: en bil på en motorvei nattetid, i regn. Det er den gjennomgående tendensen hos diktere som Jacobsen, Moren Vesaas, Hauge, Børli, Sverdrup, Torvund og Ulven.(…)
Dette sitatet er trukki ut av ei framstilling der Rimbereid har omtalt Aasmund O. Vinjes Ferdaminne, og han seier (sitat): «Her er det topografiske, historiske og folkloristiske stoffet forbeholdt prosaen. Diktene får i denne reiseskildringen funksjon mest som avbrekk og hvilepauser, som små idyller med balladetema eller nasjonalromantiske tema som dikteren kan synke ned i, for å restituere dikteren for nye vandringer og refleksjoner i prosa.(…)»
I staden for å skilje mellom tradisjon og modernsime, trekkjer Rimbereid opp motsetninga mellom førromantisk topografisk poesi og poesi med romantikken sitt utgangspunkt. Med dette synspunktet for auge les du Rolf Jacobsens tidlege bydikt; eller du høyrer Rolf Jacobsens to dikt Hyss og Antenner, gå til høgre på nettsida i innleiinga: «Lyttekroken». Eller blir det feil?