Drangedal Bortforklaring

Det er mange slags revyar – . Eg kjenner ein type revy som vi kunne kalle poetisk revy. Og det er Drangedal Bortforklaring, ja; eg tenkjer på dei. Igjen går deira revy i byen Kragerø, eg trur det er 22 framsyningar denne gongen. Sommarkabaret til dels.

Vi har billettar til måndag førstkommande. Etter omtalen i avisene skal revyen i år vere betre enn nokon sinne og meire lokal og meire politisk enn dei siste åra. Men dette skal vi da undersøke sjølve på måndag – . Og det kjem vel ein rapport om evenementet.

Ps tirs 17/7:

Det blir sagt at det er mest lokalfolket som ser Drangedal Bortforklaring. I mindre grad strøymer turistane til revyen. Forklåringa skal vere lokale hint og figurarar. Men iallfall likte eg t.d den nye revy-visa om danskane svært godt, og her hadde ikkje Kragerøfolk noka føremon. Revyen er filosofisk når det gjeld temaet “velvere” (og spa). Revyen var satirisk. Det er ein musikkrevy med to musikarar og berre lite omkledning og forflytting på scena. Det er mest derfor eg kallar revyforma poetisk. Orda, munnbruken og musikken er det avgjerande. Svært få greier dette så godt som desse to – . (Eg saknar Povel Ramel , som no nyleg – i juni – er avliden i høg alder.)

PS 25/8-09

Her er tekst og lenke  til den siste av Drangedal Bortforklaring sine show.