
Dette skal handle om tilrop til – dvs odar til – «den vesle mann og den vesle kvinne». Poeten Arvid Torgeir Lie har gjeve ut ny diktsamling, Mot det ærlege lyset: ordspelarens skygge. Arvid Torgeir Lie møtte eg alt i 1962 på Tokke ungdomsskole i fasen som ”studentlærar” (og eg var nitten). På den tida var det ein godt røynd prosaforfattar i lærar-personalet, det var Aslaug Høydal med sine ferske aktuelle romanar på samvitet, men i tillegg var vi heile 2 ungdomar som straks etter skulle bu seg på den skrivande livsoppgåva, det var Arvid og eg. Og eg var innom Tokke ungdomsskole berre for eitt år, medan Arvid Torgeir Lie, som var frå lokalkommunen (nærmare bestemt bygda Skafså), han tok ein liten strøjobb der i 1962, før han reiste til Oslo.
Hald fram å lesa Lyset versus ordspelarar og medieskugge