Nytt om tekst og musikk

Foto av denne pedagogen er tatt av: Dinamo Story

Minus og pluss. Medan litteraturkritikk av kriminal blir etterlyst og norsk musikkjournalistikk blir hudfletta, så har vi iallfall Ravis lange programserie på Nrk-fjernsynet om ymse ”landeplagar” i landet. Denne serien er god litteratur- og musikkritikk. Ein landeplage er ein låt som har halde seg iallfall gjennom eit par tiår med stadig jamn speling, slik at folk stadig blir mint om melodi og tekst. Og Ravis programserie, som starta i 2007 og går i reprisesending no, den held seg også godt.

Ravi går gjennom dei ulike låtane på same vis. No sist veke var det When Susannah cries som blei studert, før det var Halfdan Sivertsens ”Ingen er så god som du da”. Og i går så kom Har en drøm med Jørn Hoel. Slik byrjar Espen Linds When Susannah cries:

When Susannah cries
She cries a rainstorm
She cries a river
She cries a hole in the ground
She cries for love
She cries a sad song
She cries a shiver
Sometimes she cries for me too

Dette er da refrenget. Sidan kjem sjølve soga i songen, som også Ravi festar seg mykje ved i programmet. Ravis døypenamn er forresten Ivar Christian Johansen.

Programma har dei same ingrediensane kvar gong: Eit forfattarpanel på fire (dei same kvar gong) uttaler seg om tekst, medfölande eller kritisk. Om musikken uttaler ein multikulturell trekkspelar seg, Stian Carstensen , medan pianisten og komponisten og pedagogen Wolfgang Plagge tar seg dyktig av musikalske motiv, attkjennande keltiske motiv og alle andre motiv og stilartpåverknader. Ingrid Bjørnov er mest seg sjølv i programmet. Sterk biletdekning og sekvensar med undervisning følgjer med, i går blei synkope forklart og demonstrert av Ravi. Som alle folkeopplysarar og gode pedagogar gjer Ravi humoristiske dramatiseringar på eigen skapte basis, Ravi rår over ein god porsjon humor og dramatisk evne frå sin kunstnarlege praksis.

Låtskrivaren sjølv blir også alltid intervjua. Blant anna ser Espen Lind på seg sjølv meir som låtskrivar enn som artist, sjølv om andre ser det annleis. Får vi vite her. Han leverer låtar til internasjonale musikkstjerner. Dette er velkjend.

Slik held Espen Linds ”landeplage” frå gjennombrotet i 1997 fram:

 
And I say I'll never hurt her
But she knows it isn't true
'Cause although I never told her
I think she knows bout me and you
Now she cries with silent tension
This can't be right
And the downtown special cries along
'Cause I'm leaving tonight

When Susannah cries
She cries a rainstorm
She cries a river
She cries a hole in the ground
She cries for love
She cries a sad song
She cries a shiver
Sometimes she cries for me too

Now I slip the night around her
And I hope she'll be okay
I just pray someone will find her
And guide her along her way
'Cause I'm leaving on the one am
By soon I'm out of sight
But she'll always be my baby
Though I'm leaving tonight

Every night I hear her
Talking in her sleep
She says you know I'll always be there
And I feel like such a creep
Please take back the love she gave to me
And in time her grief may pass
Just tell her that I loved her
Now it's all she has

When Susannah cries...
 

Ja, korfor Susannah-landeplage her? Rimeleg å tru at det er det solide refrenget og temaet broten/bråsviken kjærleik som gjer suksessen her, saman med ein dyktig musikalsk komposisjon. Byggesteinane er ikkje berre keltiske motiv men også lån frå kjende amerikanske folksongtradisjonar. Og ikkje reint få utvikla populære versjonar fanst og finst av den amerikanske folkesongen Oh Susanna (Stephen Foster, 1848). Det er mi analyse av Espen Linds røter i When Susannah cries. (Dessutan er den vakre «Susanna i badet» motiv i talrike målarstykke opp gjennom soga.)

Oh Susanna lyder da slik i ein versjon (henta på nettet):

 
I come from Alabama
With my banjo on my knee
I'm going to Louisiana,
My true love for to see

It rained all night
The day I left
The weather it was dry
The sun so hot,
I froze to death
Susanna, don't you cry

Oh, Susanna,
Oh don't you cry for me
For I come from Alabama
With my banjo on my knee

I had a dream the other night
When everything was still
I thought I saw Susanna
A-coming down the hill

The buckwheat cake
Was in her mouth
The tear was
In her eye
Says I, I'm coming from the south
Susanna, don't you cry

Oh, Susanna,
Oh don't you cry for me
For I come from Alabama
With my banjo on my knee

Espen Lind og mange av oss har eit forhold til denne songen som er heilt frå 1848. Og mange av oss har fått eit forhold til Espen Lind sin nyare låt frå 1997. Det har Landeplage overtydd om.

Nrks og Ravis programserie Landeplage har eit mediefiksert tema og nyttar enkelte mediefjes til ekspertar når det gjeld tekstkommentarar. Men dette er slett ikkje betalt lanseringsjournalistikk, rask bijournalistikk. Landeplage er eit kvalitetsprogram, og programserien gir både innsyn og forstand. Er han ikkje gjeven ut på video, så bør han komme dit.

Diktafon, nytt diktprogram i Nrk

Mona Vetrhus er progamleiaren her.

Nrk er på lufta igjen med diktprogram, eit godt halvår etter at programposten Poesitid blei gravlagt under protestar frå ei rekkje aktive poetar og m.a denne nettstaden.

Nrk er på lufta igjen. Sidan sendetida er tidleg ein søndag morgon, prøver vi oss på andre rådgjerder, og vi tar data i bruk. Ja, hei – no trykte eg på podkast og vidare på bindersen, da var det greit! Programmet Diktafon var verkeleg fint, tykte eg. Mona Vetrhus er programleiar.

Vi er på slutten av august 2009. I det nye programopplegget rundt poesi på Nrk utnyttar Mona Vetrhus den journalistiske tamen sin, og det kler tema rundt lyrikkinteresse og lyrikkpraksis. Vetrhus intervjuar somme tilfeldige møtande om det skulle vere eit dikt som har gjort spesielt inntrykk på dei. Og ho intervjuar vidare mormora si om det same, og der blir Nordahl Griegs De beste plukka ut. Mormora knyttar diktet til eigne opplevingar, og etterpå får vi høyre diktet bli lese ujålete og rett fram. Av kven fekk eg ikkje med meg. Aldri høyrt diktet bli lese så godt før. Og dette tyder at samanhengen eit dikt blir lese i, er viktig.

Deretter introduserer Mona Vetrhus ønsket sitt om å motta innspel frå radiobrukarane. Og kjærleiksdikt er eit spesielt ønske i første omgang, forsto vi. Altså eit tema! Og tema i dikt skal vi ikkje kimse av, meiner eg. (Tema i samband med dikt har elles fått eit oppsving fleire gonger dei seinare åra.) Det nye med programposten Diktafon – i høve til Ønskediktet og til Poesitid – er at det blir spurt etter tilhøyrarane sine eigen-produserte dikt, sine eigenproduserte dikt via sms…    

Deretter går progamleiaren over til å snakke med den yngre etablerte poeten Nils-Øivind Haagensen…

Pr dato har det vori sendt eitt Diktafon til, etter debuten 21/8. Tilhøyrardikt blei referert der (altså 28/8). Men før tilhøyrardiktet så hadde programmet sanka saman tre kjende dikt med kjærleik så absolutt komande inn i diktet. Og programleiaren hadde fått ein jury på tre til å vurdere og prate om desse dikta. Kva var det beste kjærleiksdiktet? det var malen for undersøkinga. 1) Tone Hødnebøs dikt med referansar til «den eneste elskede». 2) Ceilie Løveids erotiske dikt Rug. 3) Arild Nyquists kjende dikt om vanskeleg tilhøve mellom foreldra hans.

Først festa jurymedlemmane seg med kvart sitt dikt av dei tre nemnde ovafor. Og konkurransen tyktest umogleg. Men Nyquists familiesaga vann til slutt fram i juryen av ulike vektige grunnar. Og etter mi meining var dette diktet meir tematisk , meir av eit kjærleiksdikt, enn dei to andre dikta…

Ja, det var plukka ut tre dikt til ein konkurranse om ”beste kjærleiksdikt”, ein konkurranse som ein jury på tre personar skulle avgjere resultatet av. Desse dikta var så: 1) Tone Hødnebøs dikt med repetisjon av ”den eneste elskede”, dette var eit suverent dikt om kjærleikssorg og stor forskjell på forhold. 2) Cecilie Løveids Rug, eit strålande dikt om erotikk og einsemd. 3) Arild Nyquists kjende dikt om tilhøvet mellom foreldra hans: Fattern elska rødvin…

Og det var dette siste diktet som til slutt vann fram i juryen. Nyquists dikt er kanskje ikkje opphavleg meint som eit kjærleiksdikt, men er likevel aller mest kjærleiksdikt av dei tre, etter mi meining, som sagt. Ofte blir Arild Nyquists dikt noko anna enn det diktet startar som – eller er meint som frå starten… Eg trur at dette er ein styrke ved dikt, noko heldig ved kunst som metode. Undersøkjande.

Seinare i program 2 så kom Nils-Øivind Haagensen tilbake til Nrk med eit slangande stort nyskrive muntleg dikt for Diktafon, dette byrja som eit kjærleiksdikt, men kanskje blei ikkje kjærleiksdikt til slutt…

Dei to hittil produserte Diktafon-programma har ein del sams med Hans Olav Brenners Bokprogrammet på Nrk-TV1. Eg tenkte på det da eg såg dette programmet på fredag: ”Tror du på helvetet?”, med bl.a forfattarane Margaret Skjelbred og den religiøst truande andre forfattaren med bok om Sigvart Dagsland. Og der var også mor til Skjelbred med, med si heilt kompromisslause kristne tru. Det var vel noko likt mellom den journalistiske tilnærminga i Diktafon og i TVs Bokprogrammet, dvs bruken av ulike intervjumåtar. 

Diktafon satsar i tillegg på aktive tilhøyrarar, på det aktive momentet som ligg i kåring av dikt m.m. Og her er så min «reprise» på Arild Nyquists dikt. Kva meiner du som les dette? kan vi snakke om kjærleik på fleire plan og kjærleik på fleire plan i familien.

 
Fatteren elska rødvin...

Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelon.

Fattern elska rødvin
og muttern akevitt
fattern elska system
og muttern rot og dritt

Ofte var det leven
og ofte var det bråk
og muttern sa til fattern
finn deg en annen kåk.

Ja, ofte var det leven
og ofte gikk det vilt
og fattern sa til muttern
i morra blir vi skilt.

Så dro de fra hverandre
en vakker dag i mai
og skiltes utpå trappa
og sa bay bay bay bay.

Men fattern elska muttern
og muttern fattern min
så de snudde neri porten
med hvert sitt snåle grin.

Nå bor de hos hverandre
i samme jævla kåk
og fattern elsker rødgrøt
og det blir ofte bråk.

Ja, nå bor de hos hverandre
i samme jævla kåk
og muttern elsker Beatles
og ofte blir det bråk.

Men fattern elsker muttern
og muttern fattern min
så de rusler gjennom livet
med akevitt og vin.
 

Konklusjon: Diktafon er eit godt program. Nrk har tatt seg saman… Poeten Arild Nyquist toler dagens lys. La vi forresten merke til kjønnsrollene i kjærleiksdiktet hans? Til dømes.

Eit pre for programposten Diktafon er at litteraturen blir lese og høyrd, musikk blir høyrd. Ny litteratur blir produsert. Folk blir spurde og svarer. Her er også både diskusjon og vurdering, dette er bra for litteraturen. Publikum kan høyre programma på vanleg radio eller på podkast (bruk ein «binders»).

Ps 11/9-09

Det tredje programmet i serien tok opp dikt med tema død, blant andre I går på stranda av  Sissel Solbjørg Bjugn . I eit enkelt og godt intervju med Mona Vetrhus tok Øyvind Rimbereid føre seg boka Ars moriendi (skrive av Georg Johannesen). Neste Diktafon-program, på søndag, tar opp havdikt.

Ps 7/1-10

Så laurdag 2.januar var det premiere på laurdagsprogram for Diktafon, kl 15.40 på P2. Ny og finare sendetid altså. Temaet denne gongen var dikt om sex, til ære for laurdagspremieren. Slik som her er NRKs eigen reportasje .