Kva ordet terror tydde

Dei gode kulturelle avisene er i stadig framgang. Det gjeld dagsavisa Klassekampen. Dette gjeld vekeavisa Dag og Tid. Det gjeld vekeavisa Morgenbladet. Og nettopp Morgenbladet freistar nye lesargrupper med (mellom anna) Jørgen Magnus Sejersteds melding av den nye boka til Jan Erik Vold , Den store hvite bok å se

Sejersted plar vere god på heilskapen i Jan Erik Volds forfattarskap, på dei samla ulike dimensjonane. Og Sejersted er det også i denne omtalen, tykkjer eg. 

Sjølv vil eg sitere dette diktet i den ferske Jan Erik Vold-boka (som ein grøn kommentar til 11. september):

NÅR EMPIRE STATE
tindrer
som et fyrtårn i havet. Da


ser 
vi 
hva 
ordet


TERROR betød.
Da
behøves
ingen martyrpiloter.