Jan Erik Vold som avantgardist

Jan Erik Vold. Foto henta fra NRK.no

Forskinga på poeten Jan Erik Vold er aukande. Jubileumsbok nr 2 om Jan Erik Vold (passert 70) er også gjeve ut. Redaktørar er Ole Karlsen og Thorstein Norheim. Boka har fått tittelen “Volds linjer”. (Forlag er: Unipub.) Den første jubileumsboka var Varmestafetten (redaktør var Bendik Wold). Vi kjem tilbake til innhaldet i Volds linjer. Her publiserer eg på nettet min eigen artikkel frå boka. Eg ser over Jan Erik Vold som avantgardist. (Ti år tidlegare, da Jan Erik Vold var tema på Flisa-festival, medverka eg med ein analyse som legg større vekt på at Vold sine 1960-talsbøker er versjonar som han jobba med parallelt, sidan eg kjende han i samband med Kommet forlag hausten 1966 .)

Hald fram å lesa Jan Erik Vold som avantgardist

Geir Gulliksen med godversjonen av langdikt

Geir Gulliksen i god form
Foto: Britt Myhrvold

I Nrk vann Geir Gulliksen med det beste enkeltdiktet. Geir Gulliksen kom med dikta ”se på meg nå” no i haust. I det minste EIN avismeldar har sett stor kameratskap med Jan Erik Volds ”Mor Godhjertas glade versjon. Ja”. Alt dette gjorde meg nysgjerrig, og eg kunne ikkje sleppe tanken, slik at eg gav meg sjølv nett Geir Gulliksens bok i julegåve på tampen av førebuingane til jul, og ho er lesen i porsjonar (i Bergen og Kragerø). Det følgjande kan vere eit bidrag på overtid til artikkelen min Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon. Ja?.

Hald fram å lesa Geir Gulliksen med godversjonen av langdikt

Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?

lyrikar Nils-Øivind Haagensen. Foto: Heidi Furre

Stadig oftare blir dikt frå førti år tilbake trukki fram som forelegg for yngre norske poetar. Det nye litteratur-tidsskriftet Kuiper har bede meg skrive noko for dei om fenomenet. Dette har eg gjort. Og svaret mitt kjem også her, med fokus på bl.a boka med tittel Nils-Øivind Haagensen skriver (kom ut 2005):

Hald fram å lesa Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?