I desse nye rettskrivingstider for nynorsken skal vi ta eit lite sveip innom reforma i 1938, reforma som blant anna skulle nærme bokmålet til nynorsken, altså fornorske bokmålet.
Motstandarar av mykje fornorsking i skriftmålet, slike som Andre Bjerke og Carl Keilhau, dei tok humoren i bruk og skapte den følgjande “fornorskinga” av Ja, vi elsker* (nest siste strofe, ei strofe som har vore omdiskutert):
Norske mann i folkeheimen, takk din Gud, vær glad! Landet hjalp han, trass det neimen ikke lovde bra. Alt det far har slåss og svetta, mora di har grått, har Vårherre stille retta, så det slutta godt.
Ikkje sidan Jan Erik Vold gav ut Blikket i 1966 har det blitt gjeve ut ei heil bok med “lyddikt”. No prøver Jon Øystein Flink seg i samlinga Roger på Cappelen Damm. Jon Øystein Flink er elles kjend som prosaforfattar. På tittelbladet av Roger står det “lyddikt”. Men desse er likevel nokså langt ifrå 1960-tals konkretisme og Bengt Emil Johnsson – .
Lydane, ja. Når forfattaren skal gje att lydane i språket, seier det seg sjølv, at språktonen skiftar brått og at også målformene tar bråe sprang. (Derfor innleinga mi over.) Samstundes får eg ei sterk kjensle av at Flink søker det parodiske og går til ytterkantar i sine lange lyddikt. Lesaren må prøve å få lese dikta høgt. Forlaget burde ha vedlagt CD, meiner eg, skal det bli noko av det.
Korleis lyder så eit lyddikt – ? Her er første side av det 6 siders lange titteldiktet, som startar boka:
Rogerius Rogerius Rrrrrrr å å å å å å å geeeeer Rogerius Rogerius Roger meg hit Roger meg der Roger? Rrrrrr Her og der, Roger...
Ver merksam på boka sitt mellomparti (frå side 40), der kortare dikt som “Bare ikke” og “Piken fra anatomikammeret” og “≈l i kål” og “Hopp opp” og “Robin Hood” kjem på rekkje og rad. Her siterer eg det relativt lite lydnære, men avbrotne og parodiske Piken fra anatomikammeret (jamfør Wergeland, og jamfør krimforteljing):
Bare et øyeblikk Jeg kjente henne! Lett var det aldri. Ingen var snille Men likevel i øynene der så vi milde måne - akk du stakkars ekle pike se, en flekk på hennes kinn - Visst faen er det henne Rett over gata for oss bodde hun i Moss Selvfølgelig har jeg sett mange sånne gjennom åra det følgjer med medisinstudiene
Det gjærer i norsk lyrikk. Og prosaforfattarar debuterer med dikt.
* Ja vi elsker er sitert etter Yngvar Ustvedts “Splinten av troll-speilet” (Bokklubbens lyrikkvenner 1987).