Krim-dronning Unni Lindell med ein tradisjonell krim-reiskap klar, revolveren. Foto: Terje pedersen, ANB
Det har utvikla seg nok ein litterær debatt kring bestseljarvesenet. Med artikkelen «En god historie» går Marius Aronsen, redaktør i Bokklubben Nye Bøker, i rette med dei som har nedvurdert krimlitteraturen. Han blir intervjua i Klassekampen 4/12 og blir der sitert slik:
Får eg fortelje det som hende? Det følgjande har nyleg hendt oss: Vi skulle ha noko å more oss med, og dermed fekk vi tilbod om å låne ei lydbok med Snømannen, krim av Jo Nesbø. Eg veit godt at dette er ein mykje lesen litteratur, men sjølv kjende eg hittil ikkje Jo Nesbøs bøker. Med lydboka kunne vi følgje med både under bilkøyring og via cd i stova; det blei fort ein del lydbok-skiver. Politiet i Bergen, som ikkje er eit spesielt ukjent politi, blei tematisert; heile soga strekte seg tilbake i tid, relativt opplysande for meg; også sexkjøp blei tematisert i boka. Etterkvart blei det til saman i denne romanen ei lang rekkje mord da, relativt søkte slags ritualmord – neppe seksualmord – i komponert serie. Og eg reagerte negativt på det. Kvifor skriv Nesbø om spesielt ukjende ritualmord framfor å velje sjalusimord eller spennande heilstøpt eller utspekulert vinningskriminalitet, som er ein så rett vanleg og øydeleggjande kriminalitet?
Nettstaden bruker informasjonskapslar (cookies) for å sikre at du gis den beste opplevinga på heimesiden. Dersom du fortsetjer å bruke denne nettstaden, antas det at du er nøgd med det.Okpersonvernerklæring