Jan Erik Vold som avantgardist

Jan Erik Vold. Foto henta fra NRK.no

Forskinga på poeten Jan Erik Vold er aukande. Jubileumsbok nr 2 om Jan Erik Vold (passert 70) er også gjeve ut. Redaktørar er Ole Karlsen og Thorstein Norheim. Boka har fått tittelen “Volds linjer”. (Forlag er: Unipub.) Den første jubileumsboka var Varmestafetten (redaktør var Bendik Wold). Vi kjem tilbake til innhaldet i Volds linjer. Her publiserer eg på nettet min eigen artikkel frå boka. Eg ser over Jan Erik Vold som avantgardist. (Ti år tidlegare, da Jan Erik Vold var tema på Flisa-festival, medverka eg med ein analyse som legg større vekt på at Vold sine 1960-talsbøker er versjonar som han jobba med parallelt, sidan eg kjende han i samband med Kommet forlag hausten 1966 .)

Hald fram å lesa Jan Erik Vold som avantgardist

Varmestafetten VARMESTAFETTEN

Ein kommentar til boka

Bendik Wold har redigert stafett: Varmestafetten


I høve Jan Erik Volds 70årsdag seinhaustes i fjor gav Gyldendal ut boka VARMESTAFETTEN, redigert av Bendik Wold, med mellom anna 15 essays om Jan Erik Vold skrive av yngre forskarar. Og dette er blitt ei svært spesiell bok, som femner lenger enn det bøker om Jan Erik Vold tidlegare har gjort. Med «lenger» kan ein her gjerne lese: lenger ifrå universitetsseminara. Mellom anna er boka eit nybrottsarbeid på norsk om konseptuell litteratur. Ja, konseptuell kunst blir stadig omtalt i ulike norske media, men sjeldan blir konseptuell litteratur og det konseptuelle i norsk litteratur omtalt; nesten ikkje nokon plass skjedde det hos oss før 2009, og denne forbausande lenge vedvarande mangelen var eit merke for kongeriket Noreg. Men no er da isen brote og råka blitt ganske stor.

Hald fram å lesa Varmestafetten VARMESTAFETTEN